Kravspekk til valflesk

Dei politiske partia meislar no ut politikken dei skal gå til val på neste haust. For Noregs Mållag er det viktig at stortingsvalet 2025 også blir eit språkval.
Om vi skal få politiske gjennomslag i stortingsperioden som kjem, er det avgjerande at dei politiske partia har offensive ambisjonar for språkpolitikken i programma sine. Dette jobbar vi mykje med. I styret har vi laga ei liste med fem hovudkrav til partia på aktuelle politikkområde. Styret har peika ut krav vi meiner det er viktig og mogleg å få gjennomslag for. Vi ynskjer sjølvsagt flest mogleg lovnader, men har hatt gode røynsler med å prioritere og vere konkrete sjølve. Det gjev oss også høve til å samanlikne og vurdere partia sine program på ein rettferdig måte. Alle partia har i tillegg fått tilsendt korte og konkrete formuleringar som dekkjer innspela våre, og kan gå rett inn i programmet.
Det er viktig for oss at heile organisasjonen er kjende med desse krava. Vi kan alle bidra i programprosessane. Kanskje kjenner du ei lokal Ap-kvinne som treng ei påminning om kva ho skal kjempe for internt? Kanskje vil du sjølv sende innspel til partia sine programnemnder?
Fem språkkrav til stortingsvalprogramma:
1. Nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova
Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to norske språka bokmål og nynorsk er jamstilte. Det bør også stå i Grunnlova. I store geografiske område er nynorsk det statsberande språket. Likevel finst det fleire rammevilkår som er ulike for nynorskelevane og bokmålselevane. Det må vere eit overordna mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Det er vanleg i andre europeiske land å grunnlovfeste eit statsberande språk. Å få nynorsk og bokmål inn i Grunnlova, vil soleis vera ei modernisiering av lova.
2. Hald på og stryk sidemålsordninga
Norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og det skal gje alle barn eit felles språkleg utgangspunkt.Sidemålsordninga er ryggrada i å sikre dei språklege rettane til nynorskbrukarane. Obligatorisk skriftleg opplæring i begge skriftspråk på ungdomsskulen og vidaregåande skule er grunnleggjande for jamstellinga mellom bokmål og nynorsk. Kunnskapen til eleven i sidemålet må bli vurdert, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Denne kompetansen må også vere synleg på vitnemålet. Vurderinga i vidaregåande opplæring må vere gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen. Eksamen i sidemål og hovudmål skal gjennomførast samstundes i Vg3 og med same krav, men på to ulike dagar. Vi veit at eksamen er styrande for undervisninga elevane får, og difor er det viktig at sidemålsopplæringa også har karakter og eksamen. Sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål, treng eit lyft: ho må byrje tidlegare, bli betre og meir spennande. Skular der hovudmålet er bokmål, bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for mengdetrening i sidemålet, men treng heller å få styrkt nynorskopplæringa si.
3. Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på nett
Digitalisering og språkteknologi blir ein stadig større del av liva våre. Det meste kan styrast frå telefonen, tenester er digitale, kommunikasjonen med kommunen skjer gjennom samtalerobotar, lys og varme i heimen kan fjernstyrast frå ein app. Mindretalsulempene nynorskbrukarane møter, blir forsterka. Utviklinga går så fort at det er vanskeleg å henge med i svingane, og språkperspektivet blir gløymt. Styresmaktene må sørgje for at teknologien tek omsyn til den norske språksituasjonen, mellom anna gjennom krav i offentlege innkjøp.
Den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane, sjølv om det er bra at skriveprogram frå hausten av må finnast på både bokmål og nynorsk. Den nye opplæringslova har framleis eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar». Produsentane utnyttar dette holet i lova og lagar produkt som ikkje er på nynorsk. Situasjonen i dei nynorske klasseromma er så alvorleg at utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane. Det bør leggjast inn at «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» kjem inn i paragrafen for parallellkravet om bokmåls- og nynorskversjonar av læremiddel. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.
4. Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar
Norskkunnskapar til lærarane er avgjerande for god norskundervisning. Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk. Denne kompetansen må stå på vitnemålet. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk. Barnehagelærarutdanninga må gjere barnehagelærarane i stand til å førebu borna på å verte nynorskelevar. Borna må få møte og utvikle språket sitt i barnehagen. Språkstimulering på bokmål er noko anna enn språkstimulering på nynorsk, det tek ikkje dagens rammeplan høgd for. Barnehagelærar- og lærarutdanningane må sørgje for kompetente lærarar som lèt alle ungar møte nynorsk frå barnehagen og ut heile skuleløpet.
5. Eit løft for nynorsk kultur.
Den nynorske litteraturen er stor og rik, og det kjem stadig til nye, gode nynorske forfattarar. Dette er eit teikn på ein livskraftig skriftkultur. Det er viktig at breidda i denne er tilgjengeleg i heile Noreg. Då krevst det stønadsordningar, lov og løyving over statsbudsjettet som tek omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål.
Nye politiske reformer byrjar med vedtak i stortingsvalprogram. Det er difor eit viktig politisk arbeid vi er i gang med. Eg har stor tru på at vi skal lukkast med påverknadsarbeidet fram mot landsmøtene som skal vedta programma. Di hjelp kan vere avgjerande.