norsk tidend

Krev at lærarar blir høyrde

SJØLVGJORT: – Vi har fått eit digitalt kompetanseløft i skulen som vi har ordna og stått for sjølve, seier lærar og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Trøndelag, Siri Denstad Langlo. Foto: Thor Nielsen

Norsk skule blir meir og meir digitalisert. – Kvar er kvalitetssikringa, spør lærar og tillitsvald i Utdanningsforbundet.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

– Politikarane trur at alt er på plass om dei kjøper eit nettbrett. Den digitale tilgjengelegheita er blitt ei sovepute for kommunane, og det går utover elevane.

Siri Denstad Langlo fyrer laus frå andre enden av telefonrøyret. Ho er lærar og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Trøndelag. Ho har arbeidd både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, og har sjølv barn som går i 5. klasse.

Då landet stengde ned 12. mars 2020, vart skulen brått heildigital. Ei «sjokkdigitalisering», kallar lei- aren for Forleggerforeningen det. Digitaliseringa dei siste åra er ei omlegging som skjer «nærmest i det skjulte», ifølgje Utdanningsforbundet.

– No bør vi ta eit steg tilbake og anerkjenne at det er profesjonsfellesskapet med lærarar og leiarar som skal spele ei sentral rolle i å velje læremiddel, meiner Langlo.

Råka ekstra hardt

Samanlikna med andre land var Noreg forholdsvis godt rusta for digital heimeundervisning, ifølgje Utdanningsspegelen 2021. Utdanningsspegelen er Utdanningsdirektoratets årlege oppsummering av statistikk og forsking om barnehage og grunnopplæring i Noreg. 2021-utgåva ser særleg på digitaliseringa av skulen.

Trass i eit godt utgangspunkt, vart det tydeleg under pandemien at digitalisering er sårbart. Kompetansen blant lærarar og elevar kan variere stort, og dei teknologiske løysingane i skulen er ikkje alltid gode nok. Her blir nynorskelevar råka ekstra hardt.

Eit av dei største trugsmåla mot nynorskelevane i dag, er mangelen på digitale læremiddel, fysiske læremiddel, læringsplattformer og læringsverktøy på nynorsk. Det skreiv Noregs Mållag i sitt høyringssvar til den nye opplæringslova rett før jul i fjor.

Ulv Pedersen, leiar i Forleggerforeningen, utelukkar ikkje at tilbodet til nynorskelevane, totalt sett, under pandemien har blitt dårlegare. Det heng mellom anna saman med at fleire læringsressursar ikkje finst på nynorsk. Desse ressursane er ikkje omfatta av parallellitetskravet – kravet om at læremiddel som vert nytta i undervisning skal ligge føre på nynorsk og bokmål til lik tid og pris.

I framlegget til ny opplæringslov ynskjer regjeringa å vidareføre dette, slik at det ikkje blir stilt språkkrav til læringsressursar.

– Sjokkdigitalisering

I ei undersøking frå 2021 oppgir 87 prosent av skuleleiarar i Noreg at dei i nokon eller stor grad prioriterer digitale læringsressursar framfor tradisjonelle lærebøker. I 2020 var omsetjinga av digitale læremiddel nesten like høg som omsetjinga av papirbaserte læremiddel. Ifølgje Utfanningsspegelen 2021 kan det verke som papirbaserte skuletekstar blir lite brukte i klasserom der alle har ein ipad eller ei datamaskin å arbeide på.

Ifølgje Forleggerforeningen, har læremiddelsituasjonen i skulen blitt merkbart dårlegare dei siste åra. Det skreiv dei i sitt høyringssvar til den nye opplæringslova.

– Omsetninga av læremiddel har gått ned. Det har ført til at mange skular har brukt pengar på digitalisering. Vi har sett ei kraftig digitalisering, spesielt i grunnskulen, seier leiar Ulv Pedersen.

Ulv Pedersen er leiar for Forleggerforeningen. Foto Gyldendal

Det har mykje med pandemien og heimeskule å gjere, trur han. Våren 2020 opna dei opp alle læremiddel og sleppte dei ut i skulen, slik at lærarar og elevar kunne bruke dei fritt.

– Denne sjokkdigitaliseringa gjorde at mykje uferdige verktøy vart brukt i skulen. Verktøya skulle blitt jobba meir med før det vart sleppt ut på denne måten. Men det var for å møte sal og etterspurnad, seier han.

No er det på tide å ta eit steg tilbake og verte klokare på korleis ein skal få til god undervisning, meiner Pedersen.

– Skulen kan ikkje vere heildigital. Vi treng undervisning som er ei blanding av det analoge og det digitale.

Ryk frå kopimaskina

Forleggerforeningen skulle ynskje at fleire læremiddel vart kjøpte av kommunane. I dag blir meir og meir kopiert, ifølgje Pedersen.

Det kan lærar Siri Denstad Langlo skrive under på. «Det ryker fra kopimaskinen i norsk skole», skreiv ho i eit lesarinnlegg saman med ein kollega i fjor haust. Det «klippes, limes, googles og kopieres over en lav sko», skreiv dei.

Grunnen er, ifølgje Langlo, at mange lærebøker er utdaterte. Då dotter hennar, som går i 5. klasse, skulle få si første samfunnsfagsbok nyleg, var den frå 2006.

– Lærebøker blir ikkje prioriterte. Når gamle lærebøker ikkje tek opp tema som utanforskap eller 22. juli, kan ikkje lærarane støtte seg på dei, meiner ho.
Det kan vere ei veldig stereotyp framstilling av minoritetar i bøkene, og eit ukritisk syn på olje, fortel Langlo.

– Då må vi som lærarar stadig google for å finne ting andre stadar. Somme vegrar seg kanskje for å undervise om visse tema. Det er utfordrande å måtte lage si eiga lærebok, seier ho med eit sukk.

– Og så verkar vi som lærarar bakstreverske, lite oppdaterte og lite klimavennlege, fordi vi må sende elevane heim med ark på ark med kopiar.

Inga nasjonal styring

I Trøndelag har det vore få restrik- sjonar under koronapandemien, kan Langlo fortelje. Men våren 2020, då skulane stengde, var heftig. Ho og kollegaene måtte – som lærarar landet rundt – ta med seg jobben heim, og gjere så godt dei kunne.

– Vi har jo fått eit digitalt kompetanseløft som vi har ordna og stått for sjølve.

Og forsking viser nettopp det – at lærarane i stor grad lærte å ta i bruk digitale verktøy og ressursar på eiga hand og av kvarandre under pandemien.

Det er også blitt tydeleg at den digitale kompetansen til lærarane kan variere stort. Mange melde om bratt læringskurve under pandemien, ifølgje Utdanningsspegelen 2021, og 7 av 10 lærarar har eit stort eller eit visst behov for meir kunnskap om digital undervisning.

Digitaliseringa av grunnskulane i Noreg har i det store og heile skjedd i ulikt tempo, utan nasjonal styring.

– Det verkar tilfeldig kva læremiddel eller ressursar som blir brukt i dag, frå skule til skule og lærar til lærar. Stemmer det, slik du ser det?

– Når det gjeld digitale ferdigheiter, kjem det an på læraren og kor komfortabel kvar enkelt er med å ta i bruk digitale verktøy, seier Langlo.

Politikarar bestemmer

Ifølgje Utdanningsspegelen 2021 har faglærarar tradisjonelt sett valt kva lærebøker skulen skal ha. Når det gjeld digitale læremiddel, er det i større grad skuleleiinga som avgjer.

– Det er politikarar, ikkje lærarar, som vedtek at vi skal vere ein digital kommune, og kvalitet i skulen blir målt etter tal på digitale verktøy, meiner Langlo.

– Lærarane bør bestemme kva læremiddel vi skal bruke, ikkje politikarane.

Ho meiner vi har ein offentleg fattigdom i Noreg om vi ikkje gir elevar tilgang til oppdaterte læremiddel.

– Skule-Noreg har spart mykje pengar på at lærarane har tatt det digitale løftet under pandemien på eiga hand. Men kvar er kvalitetssikringa, spør ho.

Økonomien avgjer?

Den digitale omlegginga i skulen skjer «nærmest i det skjulte», ifølgje ei sak frå Utdanningsforbundet frå november i fjor.

– Dette skjer trass i tilrådingar frå lærarane. Dei er ikkje negative til det digitale i seg sjølv, men ynskjer seg ein kombinasjon, uttalte leiar av Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Ifølgje han føler lærarane at dei i liten grad blir tatt med på råd når det gjeld bruk av digitale læremiddel i skulen.

– Mange sit att med ei kjensle av at denne endringa skriv seg frå økonomiske prioriteringar, og at det ikkje blir tatt tilstrekkelege pedagogiske omsyn. Det blir nærmast ei fallitterklæring for den norske skulen, sa Handal.

Også Langlo meiner mange kommunar kjøper inn digitale læremiddel som erstatning for læreboka på grunn av manglande ressursar:

«Det er ikke et valg basert på pedagogikk og metodefrihet, men et spørsmål om økonomi og en overdreven tro på teknologi. Antallet iPder, chromebooks og smartboards på den enkelte skole, har nå blitt et mål for kvalitet», skreiv ho og kollegaen i Adresseavisen i fjor haust.

Kvalitetskriterium

Utdanningsdirektoratet (Udir) har arbeidd med fleire tiltak som er relevante for læremiddel, ifølgje avdelingsleiar Øystein Nilsen. Han viser til «Strategi for digitalisering av grunnopplæringa» (2071–2021) og «Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa».

– Føremålet har vore å få til ein heilskap i satsinga, samtidig som digitaliseringa har vore i stadig utvikling, skriv Nilsen i ein e-post til Norsk Tidend.

Eit viktig tiltak for å sikre at elevar og lærarar har gode læremiddel, har vore å utvikle kvalitetskriterium for læremiddel, ifølgje Nilsen.

– I samarbeid med ei brei gruppe av interessentar for læremiddel har vi utvikla rettleiarar for faga engelsk, norsk og matematikk, og ein for alle fag. Desse skal støtte kommunane i å gjere gode vurderingar basert på lokale behov.

Skuleeigarane har ansvar for å gjere innkjøp av alle læremiddel, også dei digitale. Dei rapporterer ikkje kva for spesifikke læremiddel dei nyttar til Udir, men i ei spørjeundersøking til Skule-Noreg hausten 2021, svarte så godt som alle skuleeigarar at dei nyttar ein kombinasjon av trykte og digitale læremiddel.

Deler ut

Frå 2019 og fram til no har det vore mogleg for skuleeigarar å søke om tilskot til innkjøp av digitale læremiddel.

– Det er delt ut til saman 229 millionar i denne ordninga for 2019– 2021, og det blir delt ut ytterlegare 60 millionar i 2022, skriv Nilsen.

Skuleeigarane fekk òg eit særskilt tilskot på 145 millionar i 2020 og 2021 til innkjøp av digitalt utstyr og infrastruktur under koronapandemien, for å gjere det mogleg å drive digital undervisning både på skulen og heime.

Må lytte

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Halvard Hølleland vedgår at økonomi er ein faktor når det gjeld val av læremiddel, men han understrekar at det er viktig at skuleeigarane lyttar til råd frå lærarane. Val av læremiddel skal ikkje vere basert på økonomi åleine, skriv han til Norsk Tidend.

– Når læreplanane skal innførast i skulane, er det avgjerande at lærarfellesskapen i skulane vurderer det pedagogiske innhaldet i læremidla. Det er viktig at ein i fagfellesskapa på skulen gjer ei vurdering av læremidla opp mot læreplanane, skriv Hølleland.

Hallvard Hølleland er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Foto: Kunnskapsdepartementet/Ilja C. Hendel

Behov for rettleiing

Bruken av digitale læremiddel i skulen har auka gradvis dei siste 20 åra, ifølgje Hølleland, med eit tydeleg taktskifte rundt 2016. Så kom pandemien. Med stadig meir kompleksitet i læremidla, auka kommersialisering av elevane sine data, og meir omfattande regulering av personvernet til elevane, ser departementet eit tydeleg behov for rettleiing.

– Det tek vi på alvor. Samstundes er det viktig at rettleiinga gjer skulane i stand til å ta gode val, ikkje at rettleiinga tek vala for dei. Det er kommunane som eig skulane, som har ansvaret, skriv Hølleland.

Hjelpte kvarandre

– Siri Denstad Langlo meiner at lærarane stort sett har tatt det digitale løftet i skulen åleine under pandemien, og at Skule-Noreg har spart mykje pengar på dette. Kva tenker du om det?

– I den første perioden med heimeundervisninga var det nok mange, både lærarar og kommunar, som kjende seg åleine. Men lærarane hjelpte kvarandre og delte både gode råd og undervisningsopplegg, og ganske raskt laga Utdanningsdirektoratet ulike rettleiingar og kompetansepakkar som skulane kunne bruke. Eg trur ingen i Skule-Noreg har spart pengar under pandemien, skriv Hølleland.