Kva har elevar rett på?

Vanlege spørsmål og svar om nynorsk i skulen.

Barnet mitt / eg har nynorsk som hovudmål, men får utdelt mykje læremiddel på bokmål. Er det lov?

Den klare hovudregelen er at læremiddel skal liggje føre, og dermed delast ut, på hovudmålet til eleven. Føresetnaden er at dei dekkjer sentrale kompetansemål og skal brukast over tid. 

Det er skuleeigaren, i dei fleste tilfelle kommunen, som har ansvaret for å ikkje ta i bruk læremiddel som ikkje fyller lovkravet. Du bør difor ta det opp med skulen om det blir nytta læremiddel på bokmål.

Noregs Mållag fører oversyn over kva digitale læremiddel som er tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, og kva læremiddel som ikkje er det. 

Barnet mitt / eg har nynorsk som hovudmål, men får ikkje lærebøker til skulestart. Kva gjer eg?

Lærebøker skal liggje føre til same tid og same pris på både bokmål og nynorsk. Det er skuleeigaren som har ansvar for å ikkje ta inn lærebøker som ikkje følgjer lovkravet, så dette må du ta opp med skulen.

Barnet mitt har nynorsk som hovudmål, men får mykje av undervisninga si på bokmål. Er det lov?

På barneskulen er det som ein klar hovudregel ikkje det. Etter barneskulen finst det ikkje reglar for kva målform lærarane skal undervise på, eller reglar som sikrar at elevane får prøver og oppgåver i si eiga målform. Det er difor opp til kvar einskild skuleeigar korleis dette blir praktisert. I somme klassar går bokmål- og nynorskelevar i lag i språkblanda klassar, og då vil det sjeldan bli undervist berre på nynorsk. Vi rår deg til å ta saka opp med skulen om du opplever undervisning på bokmål i klassar der nynorsk er hovudmål, eller om du opplever lite nynorskundervisning i språkblanda klassar.

Har eg rett til å velje at barnet mitt skal ha nynorsk som hovudmål på skulen?

Hovudregelen er at elevane får det hovudmålet som kommunen har avgjort for krinsen. Men dersom minst 10 foreldre ønskjer det, har dei krav på at det blir oppretta klasse for det andre språket.

Reglane følgjer av opplæringslova.

Vil du at barnet ditt skal gå i nynorskklasse, sjølv om skulen har bokmål som opplæringsmål? Du finn meir informasjon om nynorskklassar her.