norsk tidend

Kva no for nynorsken?

Foto: Kristianne Marøy

Når denne leiarteigen blir skriven, er det tre veker igjen til valdagen. Når du les han er valresultatet klart. Korleis kan ei ny regjering styrkje nynorsken?

Det siste halve året har Noregs Mållag gjennomført ein omfattande sidemålskampanje. Den kalla vi Nynorsk i skulen – for alle. Bakgrunnen var at vi var uroa for sidemålsordninga slik vi kjenner ho. Høgre gjekk til val på å fjerne eigen karakter og eksamen i sidemål. Framstegspartiet ville la elevane velje vekk nynorsken. I og for seg kjend politikk frå den kanten, men dette var nytt: No skulle det setjast makt bak krava. 

Vi har to valkampar bak oss der Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon, FpU, har gjennomført FUCK NYNORSK-kampanjen sin. Det har gjeve resultat for dei. Sylvi Listhaug sa tidleg i valkampen at FrP bør få kunnskapsministeren, mellom anna for å sikre valfritt sidemål. I lesarbrevspalter over heile landet har representantar for partia teke til orde for å svekkje sidemålsordninga.

Eg veit ikkje kven som skal styre landet dei komande fire åra når eg skriv dette, men uansett kven som tar sete ved Kongens bord må ei regjering for heile landet ta omsyn til heile den norske språkskatten.

Før valet formulerte vi fem hovudkrav til dei politiske partia. Det var dette vi målte dei på i valkampen, og det vil prege vårt politiske arbeid opp mot styresmaktene i åra som kjem.

Eg håpar vi får ei regjering som ikkje svekker sidemålsordninga. Tvert om bør ho styrkast. Den systematiske opplæringa bør ta til langt tidlegare enn i dag, undervisninga bør vere engasjerande og god, og vi må ha lærarar som fremjar gode haldningar til nynorsken og kan drive god opplæring i og på nynorsk.
For å lukkast med dette må norske lærarutdanningsinstitusjonar utdanne lærarar som er betre i nynorsk enn i dag. Særleg nynorsk som sidemål må tyngre inn i lærarutdanninga, og nynorskkompetansen må stå på vitnemålet til studentane.

Ei ny regjering må gjere det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar – også på internett. Noregs Mållag krev ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering. Dei store multinasjonale selskapa sit med stor makt over språkutviklinga i Noreg, både i klasseromma og samfunnet elles. Vi må ta tilbake makta over utviklinga. Ein slik plan må ha konkrete tiltak som raskt gjer den digitale kvardagen betre for nynorskbrukarane.

Løyvingane over statsbudsjettet til nynorsktiltak må opp. Vi krev eit nynorsk kulturløft på gode 30 millionar. Nynorskinstitusjonane utgjer stadig mindre del av kulturbudsjettet. Delen er redusert frå 2,8 prosent i 2013 til under 2 prosent i 2025. I inneverande stortingsperiode har vi diverre ikkje sett ei satsing som snur denne utviklinga. No er tida inne for å løfte den nynorske kulturen.

Ei stor sak vi veit skal opp i Stortinget denne perioden er spørsmålet om grunnlovfesting av norsk som nasjonalt hovudspråk, og jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Representantar frå alle parti unnateke Frp står bak framlegget, men partigruppene plar stille representantane sine fritt i grunnlovsspørsmål. Mi oppmoding til deg som les dette: Ta kontakt med dei som no er valde inn frå ditt fylke. Oppmod han eller ho om å røyste for å få jamstillinga mellom dei norske språka våre inn i den viktigaste lova vi har. Det vil vere ein symboltung og realpolitisk viktig siger – og vil markere starten på ei ny tid for nynorsken.

Dei 169 som no tar sete på Stortinget kan i stor grad definere framtida til språket vårt. Det er eit ansvar vi skal sørge for at dei tar.

Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag