norsk tidend

KVISS: Bli med på Hulda sine reiser

Hulda var mykje på reisefot gjennom eit heilt liv. I denne Hulda-reisa kan du besøka eit utval av dei stadene ho har vore. Reiseruta har på ingen måte noko med kronologien i hennar mange reiser, men plassane har det til felles at Hulda har vore der.

TEKST: STIAN RAVNDAL / NASJONALT GARBORGSENTER

Kor mange stader klarar du å finna? Reisa startar i Noreg og Skandinavia, før ho går sørover på kontinentet. Så skal me vestover og sidan austover, og til sist endar me opp i Noreg igjen. Send inn svaret til garborg@jaermuseet.no. Merk e-posten «Huldas reiser». Premie: Bokgåve + ei flott «Kva ville Hulda Garborg ha gjort»-t-skjorte.

Det er ikkje meininga at du skal svare på alt for å delta! Send inn dei stadene du klarar å finne. Alle hjelpemiddel er sjølvsagt tillatne.

Frist: 25. januar, som er Arne Garborg sin bursdag.

Spørsmål

1: Rockarane her drakk seg fulle og song songar saman med Johnny. Herifrå kjem fugleskremselet som lurte på korleis elefantar skal etast (Hint: TV-program). Herifrå kjem også dama som gifta seg med ein kjendis frå Jæren og laga skandalar i hovudstaden. Noregs eldste i sitt slag ligg her.

2: Jakob rulla ut her og blei starten på eit eventyr. Kongen kasta 13 på to terningar og vann øya som ligg ved staden som kvar sommar samlar tusenvis av spreke ungdommar frå heile verda.

3: Her flytta han etter kvart til, han som blei sendt vekk frå Noreg av ei mor som var for sjuk til å ta seg av han, og her skulle han bli eit midtpunkt for fleire av sitt slag. Ein høgtids-tradisjon har gjort at staden har blitt kjent for sine gule hus, og her kan du eta stjerneskot på restaurantar.

4: På museet her vil lys og skugge hjelpa deg å sjå kapteinen og løytnanten som er klare til å marsjera. Storrøykaren som finta vekk andre, fekk eit monumentalt bygg kalla opp etter seg i byen der husa òg kan dansa.

5: Staden var nesten ferdig transformert då sporvungen fekk hjelp og vern av den vesle blomen som blei kyrkjelærar. Same hjelp kunne han trengt han som ikkje lenger såg fargane likt. Her er ho òg fødd, skodespelaren som portretterte jenta som kunne alle formlane.

Eit imperium og kjend sivilisasjon bygde desse søylene i gresk stil på ei stor øy i Middelhavet. Hulda vitja byen som dette imperiet sprang ut av. Foto: Nasjonalbiblioteket

6: Erotikk i sommarkvelden og ein visjon førte først til skandale i byen, men blei seinare ein suksess. Her er plassen for dei som likar å drikka ølet sitt frå urinkolbar. Ei ulykke gav namn til eit band med opphav her, og som ved fleire høve har gjesta Noreg.

7: Ein spaghettiwestern-inspirert film med skrivefeil og uvanleg ikonografi, med handlinga lagt til andre verdskrigen, er spela inn i byen der dei er blant dei første i landet til å sjå soloppgangen. Første vinnar av verdskjend pris budde her, og no har brubygging gjort det enklare å gå til naboane

8: Ein attraksjon her, som blinda opphavsmannen, har fått sin kopi i Sør-Korea. Eit anna postkortmotiv her skal vera heimsøkt av dei som fekk hovuda på spidd, men ikkje av leirfiguren denne gongen. Eit ikon som lenge var saman med ei trufast, rulla inn her og feira 60-årsdagen på hemmeleg stad, så hemmeleg at sjølv selebre gjestar ikkje visste heilt kvar dei skulle.

9: Om sommaren badar innbyggarane i elva med det keltiske namnet, men byen er vel så mykje besøkt om hausten då dei ærar ei prinsesse som blei dronning. Eit angrep her sjokkerte ei heil verd, og romantikaren herifrå, gjorde som andre og skreiv om ho som ville ha hovudet på eit fat.

10: Her er det ingenting å sjå på museet, og her ligg hovudkvarteret til forbundet som på ei tid var leia av ein franskmann som på ein måte hamna i Brasil. Han som tok namnet sitt etter ei elv der folk blei avretta, reiste herifrå og tok makta i heimlandet.

11: Byen var ein høveleg stad å flytta til for den rike pianisten som har høyrt fleire grove vitsar enn dei fleste. Filosofen regisserte her eit famøst fotografi for å illustrera ein utfordrande trekant. Ei såra løve her minner folk om dei som slåst for kongen som mista hovudet. I over tusen år var denne maskestaden eigen republikk, heilt til han som blei sagt å innføra høgrekøyring, kom til byen.

Hulda reiste til ein by i eit land kjend for ein spesiell type hest. Foto: Nasjonalbiblioteket

12: I over tusen år var denne maskestaden eigen republikk, heilt til han som blei sagt å innføra høgrekøyring, kom til byen. Her kan du vinna di eiga løve viss du er flink. Elles er byen kjend for ein kulturarv som tradisjonelt blei lært bort frå far til son. I dag slepp ein til kvinner òg.

13: Med ullpengar starta konkurransen her med ei menneskeofring som førte til himmelske portar, der folk kunne sjå ein engel kunngjera ei viktig hending. På 1990-talet fekk byen eit nytt ikon med englenamn. Ein pioner innan sitt yrke er kalla opp etter denne staden der ho blei fødd.

14: Byen har på sin heilt særskilde måte gjort meir for nynorsken enn dei fleste norske forfattarar. At landet vann 32 medaljar denne sommaren kom i skuggen av at Gud hadde entra byen. Ein prest som vitna og blei skoten, gav ordspelet til det som skulle bli ei bok med bibelsk namn.

15: Han kom med skip og enda opp i husarrest her, han som hadde endra namnet sitt og reist meir og lenger enn dei fleste. Enrico fann inspirasjon i denne byen, der han ofte var å sjå hjå grekaren med den spanske naboen. Han med dei klare blå auga song om staden der ønske kunne bli sanne.

16: Han som i ope brev framførte ein klage, midt i den politiske skandalen som delte eit land i to, skreiv om reisa personar gjorde til denne pilegrimsstaden. Den danske sensasjonen og meisteren vann fjelletappen som starta her. Ein fredsavtale gjorde at byen i over 40 år låg under den engelske kongen.

17: I denne byen ville dei ikkje ha tårnet, og sprø idear sprang ut or kunstnaren som gjekk sine barnesko i det jødiske kvartalet her. Ein zoroaster lukka auga og lèt som han dansa i denne byen, og dansa kunne han òg gjera, han i flugevekt som vann i siste sekund.

Hulda på familietur, saman med Tuften og tøff Arne med hatt. Her er dei på den største øya i Middelhavet, men det er byar på fastlandet me skal fram til. Foto: Nasjonalbiblioteket

18: Eit skip følgt av ramnar, frakta relikviar til denne staden, og dei svarte fuglane har vore synlege her sidan. Her skodar kongen utover byen, og ein kan høyra lengtande skjebnesongar, både på kafear og i konserthus. Eit reformarbeid om forenkling og effektivisering førte til underteikning av avtale her.

19: Saman med Heilag Olav reiste dansaren til denne staden kjend for sine gigantar. Eit hesteveddeløp gav plassen eit kallenamn. Her er auga til eit geni trygt forvara, og landets første restaurant i sitt slag opna her.

20: Norsk Ivar Aasen-entusiast jobba som lege her. Her kan du sjå raudpanda i dyrehagen som har same namn som ei grenseelv. Den svenske forfattaren sin heimstad er søsterby til denne byen som gav namn til ein svart komedie laga av prisvinnande brør.

21: Don hugsa korleis kompisen sin musikk fekk han til å smila, og at han blei sett ut då dårlege februar nyheiter fortalde om dødsfall på veg til ein konsert her. To norske bondesøner, begge reformatorar og bautaer, minner studentane i byen om Gud og fedreland.

Dette biletet er teke i ein delstat i USA som er kjend for å husa mange med norske anar. Her er dei samla på eit college for å feira ein bauta som ville vore 100 år. Foto: Nasjonalbiblioteket.

22: Ein klovn du ikkje ville invitera til barneselskap, blei fødd her. I byen brukte dei stål og sikta høgt, og Roxie drap ein mann på sin veg mot stjernehimmelen. Han som kunne ha skrive Kolbotnbrev, teikna her, før han reiste heim og fekk nervesamanbrot.

23: Ein oppdagar og seinare helgen er ein del av folkloren i landet der byen, med eitt av verdas eldste parlament, ligg. Men det er ein annan helgen som skapar mest merksemd og fest sommarstid. Under festen kan du delta i den tradisjonelle kapproinga. I byen kan du ta buss gratis heile året.

24: Her busette folk seg i det niande hundreåret. Universitetsbyen er kjend for si gode hamn, og derfor er viktig industri lagt til denne byen. Når du stoppar her, får du hjartelege påminningar om kva som eigentleg betyr noko.

25: På denne vesle staden budde han som skulle visa seg viktig for Olav den Heilage sitt ettermæle. Herifrå kan du gå tur til ein av landets mest kjende klostergardar. Skulle du heller legga turen innom museet her, kan du sjå revolveren som var meint som eit febrilsk soveråd.