FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaga på Agder

Heim Arkiv Om oss Kontakt oss Lokallaga på Agder

Næringslivsprisen 2014 til Nynorsk Antikvariat

Tidlegare disponent i Dag og Tid i 23 år, Arne-Ivar Kjerland (th) med nyleg motteke diplom og næringslivspris på 10.000 kr til Nynorsk Antikvariat. Jan Kløvstad er stolt utdelar på vegner av Mållaga på Agder. Foto: Tore Ellingsen

Mållaga på Agder deler med jamne mellomrom ut ein nynorsk næringslivspris til eit firma som nyttar nynorsk i marknadsføringa av produktet sitt. Næringslivsprisen 2014, ein gåvesjekk på 10.000 kr og ein Olav Bjørgum-diplom, gjekk  til Nynorsk Antikvariat ved Arne Ivar Kjerland i mai 2014. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til nynorsk i næringslivet.

Tekst: Borghild Løver

Ein overraska og glad mottakar Arne-Ivar Kjerland fekk prisen 2. mai. Antikvariatet held til i Tvedestrand, ein ikkje heilt typisk by å marknadsføre seg på nynorsk i, men antikvariatet har gjort stor suksess og er størst i landet når det gjeld ”vanleg, open butikk” og nest størst på nettet. Fysisk har dei 70.000 bøker utstilt – og 40.000 bøker på lager, altså 110.000 bøker på huset. Nasjonalbiblioteket er den største kunden deira.

Korleis kan det ha seg at de har vorte eit slikt vellukka antikvariat?

  • No er det slik at bøkene forsvinn frå bokhandelen etter to år, forklarer Kjerland, dermed er det faktisk berre i antikvariat ein då kan skaffe bøkene. Nynorsk Antikvariat satsar spesielt på å ha eit godt utval av nynorsk litteratur i alle sjangrar, vi legg også mykje vekt på å vere oppdaterte på nyare nynorsk bokutgjeving. Men vi legg og vinn på å ha oversikt over heile den nynorske bokheimen frå klassikarane våre og fram til vår tid. Elles er vi eit allment antikvariat med eit rikhaldig sortiment av bøker på dei fleste språk, og slett ikkje minst på bokmål!

Og nynorsk marknadsføring, inga hindring?

  • Nei, tvert om, det er med på å profilere oss, det er nett då folk legg merke til oss. Nynorsk Antikvariat vart starta i 1989 i Oslo, så bygde eg opp ein butikk i Fjærland i 1996, som vart seld i 2004, ettersom me byrja med Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand i 2003 og det vart for mykje med butikk i både Fjærland og Tvedestrand. Vi gjev ut fleire papirkatalogar i året, men satsar mykje på nettsal via www.antikvariat.net. Bøkene våre finn du på "boksøk" på www.nynorskantikvariat.no. Over 13000 kundar over heile verda, der 20 % av omsetninga går til utlandet, seier noko om at nynorsk ikkje er til hinder for salet. Spesielt sel vi mykje til europeiske universitet med skandinaviske institutt.

Har du japanske bøker òg?

  • Har nokre få på japansk, men elles på dei fleste språk, til dømes tysk, engelsk, fransk og latin. Den eldste boka me har, er forresten over 500 år gamal, og kostar det same som ein god bruktbil, seier Kjerland, med trykk på god.

Antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland eig og driv aksjeselskapet Nynorsk Antikvariat. Han og selskapet er medlemer i Norsk Antikvarbokhandlerforening. Kjerland er frå Hardanger, men bur i Hurum og vekependlar til Tvedestrand. Han er den einaste fulltidstilsette i antikvariatet, men har 12 medarbeidarar som hjelper til. All marknadsføring og kommunikasjon går på nynorsk, og all registrering og alle formuleringar internt går på nynorsk.

Korleis går det å få alle til å skrive nynorsk, me veit at kunnskapane ikkje alltid er på topp på dette feltet hjå folk?

  • Alle må ganske enkelt lære seg å skrive på nynorsk, så kvart år har me kurs 1-2 gonger der alle ting vert ”trimma”, òg språket, svarer Kjerland. Dessutan har me ein eigen korrekturlesar.

Skriv du bokmål sjølv?

  • Eg har skrive bokmål profesjonelt, men veldig lite, og brukar berre nynorsk privat.

Kva tyder prisen for deg?

  • Det var veldig kjekt å få han, og han tyder mykje for oss som jobbar. Men me får mykje skryt generelt. Eg skal iallfall halde på til eg vert 75 – og vonar sjølvsagt at nokon vil drive antikvariatet vidare. Mange av dei beste kundane våre kjem frå Setesdal, og dei er ofte dei ivrigaste. Ekstra flott var det å få prisen no i jubileumsåret, sjølvsagt. Det vert lagt opp til jubileumsprogram frå 21. juni og utover, med kåseri, felespel, dikt av Olav H. Hauge og ikkje minst jubileumskatalogen. Og er du på fjesboka, vert du kan hende nummer 5.000 som liker oss, ettersom me berre er 100 ifrå, seier han, og dermed er oppmodinga gjeven vidare til alle lesarar.

 

Det var sjuande gongen Mållaga på Agder delte ut ein slik pris, og i juryen var leiarane og nestleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag (Astrid Myhre, Hilde Stave, Anne Austad og Åslaug Haugå) og Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.

-Nynorsk Antikvariat er eit klassisk døme på at bedrifter på Agder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med å teikne verksemda på ein tydelegare måte, seier dei noverande leiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag, Astrid Myhre og Ålaug Rosseland. Har du innspel til kandidatar for nynorsk næringslivspris 2015, så ta gjerne kontakt med oss på tlf. 37169268/95709720 eller e-post gregallegri@icloud.com eller aalaug@gmail.com.

Nynorsk Antikvariat får Nynorsk næingslivspris 2014, på Bokhotellet Lyngørporten. Frå venstre Jan Kløvstad, Arne-Ivar Kjerland, Ove Røsbak, Thomas Steinsholm og Arne Torp. Foto: Tore Ellingsen

 

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS