norsk tidend

Legenda Øvrebotten – NRK sin fremste nynorskstrateg går av

«Spor som aldri blir viska vekk.» «Mor Nynorsk.» Lovorda sat laust då NRK-legenda Magni Øvrebotten takka for seg. – Nynorsk mediesenter har lykkast betre enn eg våga å håpe, seier ho.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

11. juni var ein aldri så liten æra over i Ny-Noreg. Då vart Magni Øvrebotten takka av etter nesten eit heilt arbeidsliv som leiar i NRK, dei siste 17 åra for NRK Nynorsk mediesenter.

For ein del er Magni Øvrebotten eit ukjent namn. Men det finst knapt nokon i medienoreg som har trekt i så mange strategiske nynorsktrådar som henne. Ho har gjort distriktskontoret til NRK i Førde til eit nynorskflaggskip, og ikkje minst ein sterk og konsekvent leverandør av meir nynorsk til heile NRK. For innsatsen har ho mellom anna fått Målprisen frå Noregs Mållag.

I det gamle «fjordafylket» er Øvrebotten nesten for ei legende å rekne, som tidlegare redaksjonssjef og distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane gjennom to tiår til saman. Ho har vore urokkeleg og uredd i kampen for at folk i distrikta skal få tilgang til kvalitetsjournalistikk, og for at nyheiter frå Sogn og Fjordane skal høyrast og synast for både oslomakta og resten av landet. I dette engasjementet har arbeidet for nynorsken høyrt naturleg heime. Magni Øvrebotten er eit levande døme på at «det e itjnå som kjem tå sæ sjølv.»

«Du har sett så tydelege spor etter deg. Både i NRK, samfunnet elles og i oss alle. Dei kjem aldri til å bli viska vekk,» sa regionredaktør i NRK Vestland Rune Møklebust i takketalen. «Mor Magni,» heitte det frå praktikantane.

– Eg er luta lei kvinnfolk som spring i 8.-marstog og krev posisjonar for kvinner, men som syner til eit mannfolk så snart høvet byr seg for ein leiarjobb, sa kringkastingssjef Einar Førde til Magni Øvrebotten då ho nølte då han bad henne søkje på stillinga som distriktsredaktør. «Han trefte innertiar med den salven», har ho uttala. Her er dei to i lag i Førde på 1990-talet. Foto: Terje Eggum

Framtidige nynorskjournalistar

Magni Øvrebotten si språkstrategiske handlekraft skaut for alvor fart då ho vart distriktsredaktør i Førde i 1990. Den gongen var nynorskprosenten i NRK lågare enn lågast, og dei spede forsøka til leiinga i Oslo hjelpte ikkje. Ho tok difor initiativ til å hente inn talentfulle journalistemne nærast frå gata og setje dei rett inn i redaksjonen. Hovudføremålet var å rekruttere journalistar som kunne bidra til meir nynorsk og dialekt i NRK.

– Det vart kalla førdeskulen, det vi starta opp den gongen, og den vart sjølve grunnlaget for Nynorsk mediesenter. Eg hadde då som no ei usvikeleg tru på metoden «lære ved å gjere». Vi såg rett og slett etter lokale dialekt- og nynorskbrukarar som hadde det vi meinte skulle til for å bli gode journalistar. Solveig Barstad, som no er programleiar i TV 2 hjelper deg, hadde til dømes sommarjobb på sentralbordet før vi spurde om ho ville prøve seg i redaksjonen.

Og Barstad er ikkje den einaste som har gjort nasjonal journalistkarriere etter å ha hamna under vengjene til Magni Øvrebotten. Ingunn Solheim, Håkon Haugsbø, Morten Sandøy og Kristi Marie Skrede har alle teke til i NRK Sogn og Fjordane. På slutten av 1990-talet ville leiinga i Førde få på plass ei meir formalisert og varig ordning for å rekruttere fleire journalistemne og sikre nynorsk gode kår i NRK. Men det kravde støtte frå sentralleiinga i Oslo, som ikkje var interessert. Rett etter årtusenskiftet skulle høvet likevel by seg til å få fart på saka. Då ville NRK-leiinga slå saman distrikskontoret i Sogn og Fjordane med NRK Hordaland, leidd frå Bergen, som eit ledd i ei større omlegging av distriktskontora. Men det skulle bli over Magni Øvrebotten sitt lik. Ho frykta både for endå mindre nynorsk i NRK og for at kontoret i Førde skulle bli eit husmannsbruk. Og ho såg at etableringa av Nynorsk mediesenter var den perfekte brekkstonga.

– Det er nok den tøffaste kampen eg har teke i løpet av karrieren. Så lenge vedtaket ikkje var gjort, var eg ikkje redd for seie akkurat kva eg meinte om saka. Eg sette alt inn på at vi skulle halde fram som eige distriktskontor, og at Nynorsk mediesenter skulle opprettast. Og eg var budd på å tape og trekkje meg frå stillinga, seier ho.

Det var svært nære på. I 2002 gjorde styret i NRK vedtak om samanslåing, men møtte uventa hard motstand frå kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Som statsråd valde ho å setje foten ned for vedtaket, noko som skjer svært sjeldan.

– Eg trur det blir fyrste og einaste gongen at kulturministeren stoppa eit styrevedtak i NRK på direkten i Dagsnytt 18. Ho hadde lenge vore interessert i å få opp den låge nynorskprosenten i NRK, og nytta det høvet ho fekk.

Øvrebotten er klar på kor viktig mediesenteret har vore som argument for å ha eit eige distriktskontor i Førde.

– NRK Sogn og Fjordane hadde aldri overlevd som sjølvstendig distriktskontor den gongen hadde det ikkje vore for at Nynorsk mediesenter stod på spel. I dag er kontoret slått saman med Hordaland. Det likte eg ikkje at skjedde, men når politikarane slo saman fylka, gjekk det den vegen. Det synest eg framleis er trist. No må NRK Vestland syte for at NRK-kontoret i Førde held fram med å vere ein god lærestad for nynorsk og nyhende, slik at Nynorsk mediesenter får den hjelpa dei treng i opplæringa og utviklinga av senteret.

– Tydelege tilbakemeldingar

Hausten 2004 opna Nynorsk mediesenter, og Magni Øvrebotten fekk «sjølvsagt» jobben som dagleg leiar.

– Eg har aldri kjent meg så godt kvalifisert for ein jobb som eg gjorde den gongen.

På opninga av Nynorsk mediesenter i Førde 2. september 2004, med dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og det fyrste kullet med praktikantar. F.v. Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal. Foto: Arild Nybø / NRK

Senteret er eit fast, strategisk tiltak for å få fleire nynorskbrukande journalistar til NRK, med 10 praktikantar i året som får løna opplæring. «Ein hestekur i journalistikk», kallar Øvrebotten den seks månader lange opplæringa, der praktikantane blir kasta inn i redaksjonen etter berre to månader med førebuing. Oppfølginga er tett, og tilbakemeldingane mange og tydelege. Praktikantane frå Førde skal korkje skjemme ut seg sjølve eller Nynorsk mediesenter, og Magni Øvrebotten er ikkje redd for å stille krav.

– Som journalist må ein vere budd på tydelege tilbakemeldingar, og det får praktikantane her. Somme eignar seg ikkje som journalistar og må få vite det. Dei kan vere dyktige folk og eigne seg til mykje anna, men noko av det verste du kan gjere mot folk, er å la dei gå i yrke dei ikkje eignar seg for.

Forventningane frå NRK-redaksjonane er store, særleg når det gjeld språk, fortel Øvrebotten.

– Dei ventar at praktikantane er språksterke. Godt og rett språk har blitt særleg viktig etterkvart som nettet har teke meir og meir over for radio og TV. Dessverre er det langt mellom dei praktikantane som er ordentleg språkleg stødige, så vi har lagt meir og meir vekt på språktesten i rekrutteringa.

I 2018 fekk Magni Øvrebotten Målprisen av Noregs Mållag på landsmøte i Vinje, i lag med Oddny Miljeteig (t.v.) og Olaug Nilssen. Foto: Noregs Mållag

Den geografiske spreiinga blant praktikantane har vore viktig for Øvrebotten. Og det er ikkje til å stikke under stol at det har vore utfordrande å få tak i praktikantar utanfor vestlandsfylka. Difor har så godt som alle ikkje-vestlendingar som har søkt Nynorsk mediesenter, kome inn til intervju.

– Det har vore ein kvalifikasjon i seg sjølv å ikkje vere vestlending. Vi kunne utan problem tilsett fem vestlendingar på kvart kull, men eg har stått hardt på at vi skal vise at nynorsk er eit språk for heile landet. Somme vil nok meine at eg har vore for opphengt i det.

Magni Øvrebotten er klar på at ho krev nynorsk- og dialektbruk av praktikantane, uansett kvar dei kjem frå.

– Det nyttar ikkje å kome til Nynorsk mediesenter og snakke det eg kallar flatt austlandsk. Så om praktikantane har lagt av seg dialekten sin, må dei hente han fram att.

Tidleg i karrieren var Magni Øvrebotten ein dialektforkjempar, på alle flater og i alle program. Men språksynet hennar har endra seg litt med åra.

– Som leiar for Nynorsk mediesenter har eg rådd praktikantane til å halde godt tak i det normerte talemålet. Særleg i nyheitssendingane er eg ein svoren tilhengjar av normert nynorsk, for det kjem både publikum, journalistar og nynorsken til gode. Mange av praktikantane er opptekne av å snakke dialekten sin, men det å snakke dialekt konsekvent er gjerne vanskelegare enn å bruke norma.

– Gått betre enn eg hadde våga å håpe

Suksessen til Nynorsk mediesenter måler Magni Øvrebotten i kor mange av praktikantane som framleis jobbar i media. Talet ligg no på 56 %, og i ein beintøff mediebransje er ho godt nøgd med det.

– Eg er ein klassisk sunnfjording som ikkje er så optimistisk av meg, så eg må seie dette har gått mykje betre enn eg hadde våga å håpe på. Eg hadde stor sjølvtillit på at vi var i stand til å lære opp nynorskbrukande journalistar i Førde, for det hadde vi jo allereie gjort i mange år, men eg hadde ikkje våga tru at så mange skulle få seg fast jobb i media.

Øvrebotten meiner endå fleire av praktikantane hadde hatt potensial til å bli gode journalistar.

– Eit sårt punkt for meg er den ganske store gruppa på kring 20 % som har hamna i ymse språk-, informasjons- og reklamejobbar. Ein del av dei er flinke folk som burde vore i media i staden, men dei har berre ikkje vore på rett plass til rett tid.

Magni Øvrebotten på siste arbeidsdagen i juni 2021, i lag med arvtakar
ved Nynorsk mediesenter Rune Fossum Lillesvangstu (t.v.) og regionredaktør
i NRK Vest Rune Møklebust. Foto: NRK Nynorsk mediesenter

I 2019 nådde NRK kravet om minst 25 % redaksjonelt stoff på nynorsk, for fyrste gong på 50 år. Men Magni Øvrebotten nøler med å gje Nynorsk mediesenter all æra for det.

– Det er klart NRK har eit godt grunnlag i dag med alledei folka vi har sendt ifrå oss. Men eg trur mykje òg handlar om at det i større grad har blitt eit fellesansvar no enn det har vore før. Kringkastingssjefen har sagt tydeleg ifrå om at kravet skal nåast, og nynorskdelen er blant det redaksjonsleiarane no blir målte på. Det er ikkje lenger rom for å dyrke eigne nynorskfordommar ute i redaksjonane, slik eg meiner mange har gjort før. Men skal nynorskprosenten bli stabil på minst 25 prosent kvart år, må NRK tilsetje nynorskbrukande journalistar som vil bruke språket sitt.

Magni Øvrebotten overlèt jobben som leiar for Nynorsk mediesenter til tidlegare faglærar Rune Fossum Lillesvangstu. Ho er ikkje i tvil om at ho etterlèt seg ei velflytande skute.

– Eg er heilt sikker på at Nynorsk mediesenter er i gode hender. Og eg er uansett ikkje i tvil om at det er rett å gje seg som 67-åring. Ingen skal måtte bere meg ut.

Journalisten har vore praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.

TRE OM MAGNI ØVREBOTTEN

Ragnhild Bjørge, tidlegare nynorskpraktikant og språksjef i NRK, no redaksjonssjef i Khrono

Magni Øvrebotten. Det kling respekt av namnet. Ein sterk vestlandsk målvind. Ho gjev deg ryggstø når du møter motvind. Er som ein varm fønvind når ting går godt, men kan snu til ein illsint storm når det trengst. Magni kastar deg på brådjupt vatn. Og du sym. Og ho veit det. Alle som har fått ein sjanse av Magni, rettar seg i ryggen når dei ser henne. Stolte, og fylte av ei blanding av kjærleik og ærefrykt. Alle som har fått kjeft av Magni, rettar nok òg ryggen når ho kjem. Få har gjort meir for nynorsk i etermedia enn Magni. Takk for sjansen, for samarbeidet og venskapen.

Erik Berg-Hansen, tidlegare leiar for distriktsdivisjonen i NRK

Jeg husker Magni som en fargeklatt i kollegiet av distriktsredaktører. Uredd, frittalende og ikke minst engasjert. Dette var viktige egenskaper hun fikk bruk for i kampen for å berge hjertebarnet sitt NRK Sogn og Fjordane i 2003.

Under Magnis ledelse skårte NRK Sogn og Fjordane alltid høyt på de fleste områdene kontoret ble målt på, og lytteroppslutningen om distriktssendingene var blant landets aller høyeste. I nyhetsredaksjonene på Marienlyst var vaktsjefene samstemte om at en reportasje fra distriktskontoret i Førde alltid borget for kvalitet. Produksjon av barne-TV på nynorsk og selvsagt etableringen av Nynorsk mediesenter bekrefter bare inntrykket av et distriktskontor som kanskje var det aller flinkeste barnet i klassen på Magni Øvrebottens vakt.

Åsmund Berthelsen, ektemann

Magni er klar og tydeleg i det ho meiner, står for, og vil. Klarast er ho på det ho ikkje vil. Ho er prinsippfast, på fråhald, på nynorsk, og i det å seie nei til å halde 17. mai-tale! Ho har vore som ei mor for mange, både for medarbeidarane i NRK, og for praktikantane ved mediesenteret. Som mor har ho vore bestemt og seier frå og har grenselaus omsut for dei som er rundt ho, både i heimen og i arbeidet.