norsk tidend

Leseguide til Jon Fosse

Foto: Agnete Brun / Samlaget

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

Ikkje lese noko av Jon Fosse før? Du er verkeleg ikkje åleine! Har du fått lyst til å sjekka ut noko av nobelprisvinnaren, men veit ikkje kvar du skal starta? Det er også heilt forståeleg! Vi freistar å orientera og hjelpa nye lesarar inn i Fosse si litterære verd.

Jon Fosse har skrive romanar, dramatikk, poesi og essay. Han har også skrive eit knippe noveller og kortprosa. Han har faktisk også skrive barnebøker! Kvar skal du byrja i denne mangslungne forfattarskapen? Bør ein lesa romanane, dramatikken eller poesien først? Finst det nokon skjulte perler?Norsk Tidend spurte akademikarar og kritikarar, unge og eldre lesarar og forfattarar for å finna svar.

Vi stilte følgjande spørsmål:
1) Kva er ditt forhold til Jon Fosse?
2) Kva er dine favorittar (romanar, skodespel, kortare prosa/noveller eller dikt) av Jon Fosse?
3) Kvar vil du tilrå ein ny lesar å byrja?

Vi freista å samla saman dei svara som er komne inn, til eit heilskapleg bilete. Mange har bidrege, ikkje alle er siterte direkte. Men alle skal ha takk. I det som følgjer, har vi freista å laga ulike guidar til Jon Fosse. Her er det noko for nye lesarar, meir erfarne lesarar, og guidar for dei som vil ha meir spissa tilrådingar innanfor dei litterære sjangrane Fosse har skrive i. I denne guiden vil du berre finna originalverk skrivne av Fosse, ikkje attdiktingar eller omsetjingar.

Eit generelt tips er å lesa Fosse høgt og ta deg god tid. Då får du klårt fram musikken og rytmen i språket hans.

Her byrjar du

Morgon og kveld (2000)

– Denne boka er blitt for Fosse det Fuglane er for Tarjei Vesaas, seier Jørgen Magnus Seiersted ved UiB til Norsk Tidend. Det seier ikkje så fint lite.

Dette har vore den romanen som blir nemnt oftast og med størst lovord frå dei fleste Norsk Tidend har spurt. Ikkje berre er dette favorittboka til fleire, det er denne som hyppigast blir trekt fram som eit godt startpunkt for nye lesarar. Her møter lesaren karakteren Johannes i to vesentlege fasar i livet; når han blir fødd, og når han spaserer roleg inn i døden. Romanen er kort og overkomeleg, men også filosofisk interessant omkring byrjinga og slutten på livet. Han tek opp mykje klassisk Fosse-tematikk, i den attkjennelege, suggererande stilen hans. Samstundes blir romanen skildra som lysare enn mykje anna han har skrive.

– Likar du ikkje denne boka, er det ikkje håp. Vakraste boka! Seier Tore Renberg til Norsk Tidend.

Skulle denne likevel ikkje falla i smak, er det meir enn nok å ta av.

Nokon kjem til å kome (1996)

– Dette stykket er lett å lesa og vanskeleg å forstå, og er klassisk Fosse, seier Frode Helmich Pedersen, professor i litteratur ved UiB.

Nokon kjem til å komme er det første dramaet Fosse skreiv, men ikkje det første som blei sett opp. Det er kort og konsentrert, men har rom for mange tolkingar. Det er både realistisk og abstrakt samstundes. Dette er også det mange av dei yngre lesarane Norsk Tidend har snakka med, har lese. Det dukkar mellom anna opp som pensum i litteraturstudium rundt omkring i landet.

– Det er gjevande å diskutera med studentane korleis små variasjonar i frasering, til dømes når punktum vart skifta ut med spørjeteikn, kan endra så mykje av stemninga i dialogen, fortel Sissel Furuseth til Norsk Tidend.

Nokon kjem til å komme treffer breie aldersgrupper, og er ein fin introduksjon til Fosse generelt, og til dramatikken hans spesielt.

Andvake-trilogien (2007-2012)

– Denne er lettlesen og dramatisk, i tillegg til at han er djup og trist, seier professor emeritus Erling Aadland til Norsk Tidend.

– Denne slukte eg i ein jafs. Den er så levande, vill og følsam på same tid, seier kulturredaktør i BT, Jens Kihl.

Andvake-trilogien – eller Trilogien – er ei djup, vakker og trist kjærleikshistorie. Det handlar om Asle og Alida sitt forsøk på å vere saman og finne seg ein plass i verda, sjølvsagt under vanskelege kår og i møte med små og store utfordringar frå verda av ulik art. Forteljinga alluderer til juleevangeliet, og høver såleis fint til juletider. Og slapp av: du treng ikkje vera religiøs for å setja pris på denne forteljinga. På berre litt over 200 sider får du ei forteljing som handlar om dei som har mykje og dei som har lite, om arv og miljø, om brotsverk og straff, liv og død, himmel og jord, store moralske spørsmål og om grunnlaget for kunst og kunstnaren, skriven i Fosse sin attkjennelege minimalistiske, suggerande og melodiske stil.

Denne er også sett opp som teater og skal i 2025 ha premiere som opera. Så her kan du førebu deg ved å lesa boka først!

Naustet (1989)

– Sjølv feira eg tildelinga med å lesa Naustet på nytt. Det er ei effektiv, tilgjengeleg og sterk forteljing som har mykje Fosse i seg, seier Jørgen Magnus Seiersted, professor i nordisk litteratur ved UiB.

– Naustet trur eg òg er ein fin veg inn i Fosse si verd, seier Fredrik Parelius ved UiB.

Naustet frå 1989 er Fosse sin fjerde roman og var det første verkelege gjennombrotet Fosse fekk her til lands. Han er rekna for å vera ein av dei sentrale romanane til Fosse. Handlinga går over tre dagar ein sommar i det vi forstår er ein typisk vestlandsk småstad. Det utspeler seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut og kona til Knut.

Romanen er like spennande som ein kriminal- eller spenningsroman og tematiserer kjærleik, venskap, sjalusi og død. Men det er også ein roman om kunst som terapi og eit forteljarteknisk eksperiment. Kven er det eigentleg som skriv og er forteljaren her? Romanen vil både overraska og forundra deg, og han er tidvis ubehageleg. Romanen var ei stund brukt mykje i den vidaregåande skulen, så han eignar seg godt for eit ungt publikum.

Det er Ales (2004)

Det er Ales er ei tynn lita forteljing på berre 75 sider, som likevel kjennest storslått. Vi møter Signe som har sakna Asle sidan han forsvann etter ein tur ut på Fjorden. Gjennom Signe får vi skildra det som endrar seg og det som blir att, når ein har mista nokon. Romanen er ei vakker skildring av den store kjærleiken og døden og om menneskets forhold til havet og naturen, og korleis hav og natur både gir og tar liv. Romanen skiftar perspektiv og vekslar mellom notid og fortid, heilt saumlaust. Slik glir tid og rom og ulike generasjonar over i kvarandre, og tematikken blir tidlaus. Det er ei lita bok om store spørsmål, og heilt klart ein av Fosse sine vakraste.

Kvar går eg vidare?

Etter at du har lese dei føreslåtte introduksjonsverka til Fosse, kan du fylla på med desse romanane. Eventuelt om du sjølv synest du er ein erfaren lesar, kan du hoppa rett på desse romanane av Fosse, som av mange er vurderte som dei beste – men som langt ifrå er dei enklaste.

Melancholia I + II (1995-1996)

– Det var Melancholia, særleg den andre delen, Melancholia II, som fekk meg til å innsjå at han hadde gått langt forbi alle andre levande norske diktarar, seier Erling Aadland, professor emeritus ved UiB.

Melancholia I og II er ein favoritt blant fleire av dei Norsk Tidend har snakka med, og blir av fleire sagt å vera Fosse sitt beste verk. Melancholia-bøkene blir faktisk rekna for å vera eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur.

Melancholia handlar om Stavanger- målaren Lars Hertervig (1830–1902), som er kjend for korleis han målte lys. I den første boka følgjer vi Lars Hertervig frå han blir kasta ut av hybelen sin i Düsseldorf til den dagen han rømmer frå Gaustad etter å ha vore innlagd.

I bok II er vi i Stavanger i 1902. Hovudpersonen her er den fiktive søstera til Hertervig, Oline. Gjennom minnet hennar opplever vi episodar frå livet til Hertervig. I Melancholia eksperimenterer Fosse med kronologi og form, forteljeteknikk og perspektiv. Romanen er mørk i korleis han skildrar psykisk sjukdom i eit kunstnarsinn. Det er også ein refleksjon om korleis minne og tankar funkar, og korleis ein opplever hendingar frå ulike perspektiv. Somme har forstått særleg siste del av romanen som ei skildring av demens, men her er det rom for fleire forståingar og tolkingsmåtar.

Det er eit meisterverk i Fosse sin forfattarskap, og er av dei lengre romanane hans. Det krev sitt av lesaren, mykje også på grunn av den mørke tematikken, men det er eit stort litterært kunststykke, og ei mektig leseoppleving.

Septologien (2019–2021)

Septologien er eit av dei nyaste verka til Fosse, og det er også den mest omfattande utgjevinga hans. Septologien er gjeven ut i tre band som til saman er på om lag 1000 sider. Der dramastykka til Fosse er kjende for å ha høgt tempo og intensitet, og vera korte, er Septologien eit langt og saktegåande verk. Fosse sjølv har sagt at han aktivt gjekk inn for å skriva noko heilt annleis enn dramaa, og at han nok aldri kjem til å skriva noko slikt igjen. Det er altså på sett og vis noko utypisk Fosse vi har med å gjera med Septologien, sjølv om det også er mykje attkjenneleg Fosse. Saman med Trilogien, er Septologien av dei meir religiøse verka til Fosse: Han konverterte til katolisismen i 2013.

Septologien kan også vera ein god stad å starta for nokon. Verket tematiserer nemleg mykje av det Fosse har skrive om gjennom forfattarskapen sin, og ein vil dermed få svært mykje Fosse for tida ein investerer i tre band. Sjølv om lengda vil skremma nokon vekk, vil den suggererande stilen likevel få Septologien til å fly unna. Det er perfekt for dei som ønskjer langlesing.

Stengd gitar (1985)

– Den gripande romanen Stengd gitar (1985) var mitt første møte med Fosse. Eg minnest boka som intenst rytmisk og så suggererande at eg vart ganske utmatta medan eg las, seier Sissel Furuseth ved UiO.

– Stengd gitar er ikkje ein så openberr favoritt, men det er ei medrivande oppleving. Romanen har klåre Fosse-trekk, og er samstundes ein plot-driven pageturner som ein ikkje vil leggja frå seg, seier Elise Winterthun i Klassekampen.

Stengd gitar er den andre romanen til Fosse, og blir av mange løfta fram som ei av hans beste utgjevingar. Karl Ove Knausgård har til dømes kalla romanen «meisterleg». Romanen er intens i tempo og mørk i tematikk og stemning. Det handlar om Liv som låser seg ute frå leilegheita, medan den eitt år gamle sonen hennar ligg inne på hybelen og græt. Vi følgjer henne gjennom éin dag i livet, men får gjennom tilbakeblikk og glidande overgangar mellom notid og fortid innsikt i livet hennar.

Gjennom romanforma får vi eit innblikk i eit ungt sinn som slit med vonde opplevingar og som slit psykisk. Stengd gitar er meir ei oppleving av eit sinn, enn noka tradisjonell forteljing, Det er korleis plottet er fortalt, heller enn plottet i seg sjølv, som er interessant. Med det går assosiasjonane til Hamsuns Sult eller Virginia Woolfs Mrs. Dalloway. Det er ei stressande og intens leseoppleving som viser kor stort talent Fosse var allereie tidleg i forfattarskapen.

Dei beste dramastykka

– Fosse har ein unik internasjonal posisjon som dramatikar med ei spesiell evne til å formidla meining mellom linene, fortel Sissel Furuseth, professor i nordisk litteratur ved UiO.

Men kva er dei beste dramastykka Fosse har skrive? I mangel på kjennskap på Skrivarstova,
har Norsk Tidend høyrt med Hedvig Bergem Søiland. Ho har skrive mastergrad i litteraturvitskap om Jon Fosse og Henrik Ibsen, og jobbar til dagleg som scenekunstprodusent og dramaturg. Ho har svara Norsk Tidend om sine fem favorittar over e-post.

1) Nokon kjem til å komme (1996)
Ikonisk Fosse! Det er faktisk det første stykket Fosse skreiv, trass i at det ikkje er det første som blei gjeve ut eller oppført. Stykket er spennande, ubehageleg, sårt og morosamt. Det handlar om eit par som har kjøpt eit gamalt hus langt frå folk. Dei ønskjer å vera «åleine saman», men fortida innhentar dei frå fleire hald. Det kan vera litt vanskeleg å få tak i kva som går føre seg mellom karakterane, for Fosse skapar stor dramatikk ved hjelp av gjentakingar, store meiningsendringar gjennom små forskyvingar og få ord.

2) Namnet (1995)
Stemninga i dette stykket er veldig spesiell. Vi møter eit par som ventar barn og reiser heim til familien til kvinna, fordi dei ikkje har ein annan stad å vera. Eit godt portrett av ein stille familie som lever meir rundt kvarandre enn med kvarandre. Stykket tematiserer det å venda tilbake, skapa seg noko nytt eller å leva vidare i det som allereie finst.

3) Skuggar (2007)
Dette er Fosse som lenar seg mot Samuel Beckett! Skuggar har ekko av Medan vi ventar på Godot og Krapps siste spole. Han skapar eit rom der umoglege møte blir moglege, og skuggane av kven karakterane er og var for kvarandre, møtest. Likevel er det noko forsiktig og tilbakehaldent i rommet, og karakterane som vekslar mellom å vera glade, redde og å ønskja seg vekk.

4) Eg er vinden (2008)
Klassisk Fosse, og eit stykke som ofte blir spelt både i Noreg og i utlandet. Her får vi vakkert
språk og eksistensiell tematikk. Det er ein dialog mellom to menn som handlar om livet, havet og leitinga etter orda som kan skildra og omforma det som allereie har skjedd.

5) Og aldri skal vi skiljast (1994)
Eit litt underleg stykke der dagdraum, håp og handling sklir over i kvarandre. Om å vera åleine blant tinga sine og venta på nokon som ikkje kjem. Stykket minner om Nokon kjem til å komme i stilen, men brukar dramaforma på ein litt annleis måte.

– Eg har ofte tilrådd studentane mine å høyra skodespela hans på lydbok, altså som høyrespel. Radioteateret har laga ei god innspeling av Nokon kjem til å komme, mellom anna, som kroppsleggjer Fosses liner slik at djupna i dei verkeleg kjem fram, seier Sissel Furuseth på e-post til Norsk Tidend.

Dersom du ikkje vil lesa sjølv, eller treng noko til bussen, trikken, toget eller bilturen, har du velsigning til å høyra dramastykka til Fosse på lydbok. Ein god opplesar vil få fram musikken i prosaen til Fosse, som er sentral for å forstå forfattarskapen.

Lyrikken

I Dikt i Samling, som er utgjeven i 2021, får ein det Fosse har gjeve ut av lyrikk til no i karrieren: heile
åtte diktsamlingar på til saman over 400 sider. Dikta hans er jamt over også kritikarroste. Dikta hans er korte og konsentrerte, men likevel fulle i djupne og ettertanke. Dikta tek opp mykje av det same som romanane og dramastykka hans. Det gjer at dei kan vera ein god inngang for mange til Fosse. Fosse seier sjølv om dikta sine: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

Så kva bør ein starta for å høyra den tause musikken i dikta til Fosse? Vi spurte lyrikkekspertar og lyrikkelskarar om kvar ein bør byrja med lyrikken til Fosse.
Jørgen Magnus Seiersted er professor i nordisk litteratur ved UiB. Han peika ut nokre favorittar:

– «eg er ikkje lenger» frå Nye dikt, 1997 er jo kommentert fleire stader og er kanskje det som ligg an til å bli mest kanonisert. Det peikar seg ikkje ut som veldig avansert, men det er stramt og oppsummerer mykje av det som finst i lyrikken til Fosse.

Han trekkjer også fram «Ditt blåe vatn du», «Nattsalme» og «det finst ein kjærleik ingen hugsar» frå Hund og engel, 1992. Dersom du plukkar opp Dikt i samling, er det altså tilsynelatande desse to diktsamlingane – Nye dikt 1997 og Hund og engel – ein kan byrja med å lesa først.

Seiersted legg til:
– Eg og Frode Helmich Pedersen (professor i litteratur ved UiB) var samde om at dei to første diktsamlingane, Engel med vatn i augo og Hundens bevegelsar, er ujamne.

Tron-Petter Aunaas, tidlegare student ved UiB, slår derimot eit slag for den første diktsamlinga til Fosse:

– Det er ei av dei eg har kome mest tilbake til, fortel han. Eirik Fevang, som er doktorgradsstipendiat i litteraturvitskap ved UiB, viser til Poesiar etter Henrik Wergeland som ein av favorittane.

– Wergeland står meg nært, og Fosse er ein svært god lesar av Wergeland. Seiersted peikar også på Poesiar som ein av favorittane sine.

Det må seiast at Poesiar nok er for dei spesielt interesserte eller meir erfarne lesarane, mykje på grunn av interteksten med Wergeland.

Forfattar Brit Bildøen trekkjer fram Hundens bevegelsar frå 1990:
– Eg har alltid likt så godt Jon Fosses blikk på hundar, fortel ho.

Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende, viser til dei tonesette dikta:
– Start med »Elv på himmelen»! Musikar Sandra Kolstad sette for nokre år sidan musikk til ei rekkje av dikta til Jon Fosse. Her syng Ingrid Olava, Sivert Høyem, Ane Brun, Ragnar Hovland og mange andre Fosse-dikt. Det er herleg å høyra lyrikken som pop, balladar og elektronika, og heile stasen finst på Spotify!

Redaktøren av Norsk Tidend dristar seg til å avslutta med to personlege favorittar: «dei er som
båtar» og «du er så tydeleg» frå Auge i vind (2003). Svært vakre dikt som nok vil vera moglege å forstå for dei fleste, og som eignar seg godt til høgtlesing. Sjølvsagt må vi også tilrå omsetjingane
Fosse har gjort av Georg Trakl i Sebastian i draum og Rainer Maria Rilke sin Duino-elegiar. I tillegg til å vera framifrå gjendiktingar, er dei også store inspirasjonskjelder for Fosse. Fosse kan altså vera ein god introduksjon til andre forfattarskapar også!

Det er garantert noko å lika for dei fleste også blant lyrikken til Fosse.

Essaya

Somme har framheva essayistikken til Fosse. Både Sissel Furuseth ved UiO og professor Heming H. Gujord ved UiB trekkjer fram Fosse som ein sterk essayist.

– Min personlege favoritt må vera det Fosse sjølv har omtala som eit fadermord på Kjartan Fløgstad, seier Gujord. Han siktar her til bokmeldinga av romanen U3 frå 1983. Denne kan du finna på trykk i Frå showing via telling til writing (1989), som også er å finna i essaysamlinga Essay på Samlaget.

– Eg skriv om forholdet mellom Fosse og Fløgstad i boka Fløgstad verk, og eg har også snakka med Fløgstad om tilhøvet til Fosse. Dette er sjølvsagt heilt på sida av det som gjev Fosse nobelprisverdi, men tilhøvet mellom Fosse og Fløgstad er interessant fordi det viser fram spennvidda i nynorsk som litteraturspråk. I denne teksten skriv Fosse elles at Fløgstad anno 1983 kunne «drøyme om å få Nobelprisen i litteratur, og ha eit visst grunnlag for å gjere det». Slikt er jo litt morosamt når vi ser det i bakspegelen.

Sissel Furuseth ved UiO fortel at sjølv om det er romanane og dramatikken ho har jobba mest med som undervisar, var det essayistikken som trefte ho med ein gong ho las det:

Frå telling via showing til writing er nok framleis min Fosse-favoritt. Essayet er både ei pedagogisk samanfatting av den episke diktinga si historie og ein personleg poetikk som forklarar kva som ligg bak romanar av typen Stengd gitar. Refrenget i essayet er at romanen bevegar seg. Fosse omtalar den postmoderne skrivaren som pusten og pulsen i skrifta. Eg likar essayet fordi det syner at også sakprosa kan vera musikk.

PS: Jon Fosse har også skrive barnebøker. Her har det ikkje vore enkelt å finna nokon som kunne tilrå noko spesifikt. Men det ryktast at Hundemanuskripta er bra for både barn og vaksne. Fosse har også omsett det klassiske verket Den vesle prinsen.