norsk tidend

Lettlesen fantasy med fascinerande bakgrunn

LETT HEKTA: Pepar og Gulrot er lettlesen fantasy som får ungane hekta på kort tid.

Treng du nynorske fantasyhumor- teikneseriebøker som får ungane dine hekta på kort tid, kan du trygt kjøpe denne.

BOKMELDING: ØYSTEIN RUNDE

Fantasyserien Pepar og Gulrot handlar om ei ung heks under opplæring (hos tre gamle hekser, så klart) og katten hennar, Gulrot. Boka består av korte 6-7 siders historier, som etterkvart bygger opp eit større kosmos med ein vag kontinuitet. Ein får alltid lyst å lese berre ei til, men ein kan også trygt stoppe når som helst.

Detaljrikt

Hekse-universet er lett å forstå seg på. Det finst ulike heksetypar som har ulike typar magi, og Pepar driv med kaosah-magi, som ein forstår er litt meir sprelsk og tøff enn den meir øko-orienterte hippiah-magien og så vidare. Heilt revolusjonerande verdsbygging er det ikkje – dragar, hippiehekser, havhekser, kaoshekser, alt er i former som gjer det lett å henge med på. Men Revoy sine detaljrike, malte sider imponerer i si nitidigheit. Den malte estetikken er blitt så overfylt at den bikkar mot graut i byrjinga, men utover i boka vert Revoy meir tydeleg i kontrastane, og uttrykket vert straks klarare og lettare å fordøye. Dei beste oppslaga er heilt strålande, som når ein ser hus eller svære bygg, og generelt er alt solid handverk. Tekstene er fint omsett til nynorsk av Arild Torvund Olsen.

Vederlagsfritt

Serien er fin, men det er ideologien bak som gjer dette til eit uvanleg sympatisk prosjekt. Serien er laga under ein Creative Commons-lisens. Detaljane står på www.peppercarrot.com/nn/ men i praksis betyr det at Outland Forlag kan trykke serien utan å betale vederlag til Revoy, og at ein også kan modifisere serien om ein vil, så lenge ein informerer om kva ein har endra. Revoy nyttar også kun software som er open, og teiknar difor mest i det gratis teikneprogrammet Krita. På nettsidene legg han også ut haugevis med gratis penslar og andre ressursar, i tillegg til at episodane ligg der – omsett til heile 63 språk.

Revoy brukar plattforma patreon.com til å sikre faste inntekter, ein metode som funkar betre og betre om ein har stort nedslagsfelt. Han brukar også paypal, Tipeee og open source-versjonen LiberaPay, men Patreon er det mest kjende og tydeleg der han har flest følgarar. Ein ser det er veldig mange folk (849 stk) som betaler bittelitt pengar kvar gong Revoy slepp ein ny episode, og når eg sjekkar ser eg at han altså får … 44 244 kroner for kvar ny … ok eg må gå ein tur.

Demokratisk

Altså – Revoy sitt hovudmål med serien er å vise seriebransjen at det eksisterer heilt nye måtar å leve av teikneseriar på i dag. Prosjektet er også veldig demokratisk og generøst. Ein finn gratis penslar til Krita, gratis fontar, og gratis treningsvideoar. Det er eit fantastisk prosjekt! Og ved å gi ut boka har Outland forlag kanskje skaffa Revoy endå eit par nye fans. Vinn-vinn-vinn!

Er serien i seg sjølv eit meisterstykke? Den er søtt teikna, har søte plott og vitsar, men eg skal ikkje seie at den heilt treffer meg som barka, gubbete lesar. Fantasyelementa er for velkjende for meg, og vitsane «må vere såpass». Det er eit ekstremt forseggjort univers, men med veldig lite vilje til å presse grensene både på design og narrativ. For den vaksne lesar kjennest det difor litt for tamt. Men dei små episodane er svært lette å fordøye, og den rolege oppbygginga skaper nok stor leseglede for born. Boka sluttar på ein lett cliffhanger, men ein kan finne neste episode på websidene med ein gong, så ein treng ikkje vente på ny bok.

Trolldom

Treng du nynorske fantasyhumor- teikneseriebøker som får ungane dine hekta på kort tid, kan du trygt kjøpe denne. Skal du ha revolusjonerande samtidskunst i teikneserieformat, er det kanskje andre ting som treffer betre. Men som vegvisar i ein stadig meir utrygg bransje er den idealistisk vasstette forretningsmodellen til Revoy noko ein rett og slett berre må ta av seg heksehatten for. For dette er trolldom!