norsk tidend

Lite nynorsk i språknøytrale fylke

Fleire språknøytrale fylkeskommunar har vedteke planar om å bruka nynorsk, men gjer det i liten grad. – Viktigare med klarspråk, seier kommunikasjonssjefen i Innlandet.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Gjennom regionreforma gjekk ein del nynorskbrukarar frå å vera ein liten minoritet i eige fylke til å bli ein endå mindre minoritet. Både i Vestfold og Telemark, Viken og Innlandet har fylke med nynorskkommunar og sterke nynorsktradisjonar slått seg saman med reine bokmålsfylke.

Den nye språklova overlèt til språknøytrale fylke sjølve å avgjera kva reglar dei skal ha for målbruk. I dei fleste av fylka er det gjort politiske vedtak som sikrar at både bokmål og nynorsk i nokon grad skal brukast i administrasjonen i nyefylket. Men likevel er det knapt noko nynorsk å sjå på nettsida eller facebooksida til desse fylka, etter ein rask gjennomgang Norsk Tidend har gjort.

– Sjølvsagt at våre tilsette skal følgja norsk lov

Innlandet er eit av fylka som har ein plan for målbruk, nedfelt i kommunikasjonsstrategien, som er politisk vedteken. I tillegg til å poengtera at språklova skal følgjast, seier strategien mellom anna at det skal […] tilstrebes at begge målformer benyttes i skriftlig framstilling av saker og ekstern kommunikasjon.»

Men i fylkeskommunen sin tiltaksplan for kommunikasjonsarbeidet, som administrasjonen har utarbeidd, står det ingenting om at både bokmål og nynorsk skal brukast. Kommunikasjonssjef Halvor Løkken forklarar det med at lova uansett skal følgjast.

– Tiltaksplanen har ikkje nokre spesifikke tiltak knytt til auka bruk av nynorsk. Tiltaksplanen har i det heile teke få tiltak som seier at våre tilsette skal følgja norsk lov. Det bør vera sjølvsagt, og vil også gjelda for språklova.

Tiltaksplanen til Innlandet fylke inneheld derimot tiltak som gjeld klart språk, og det har Løkken ei forklaring på.

– Vi i kommunikasjonsavdelinga har peikt særleg på utfordringane knytte til klarspråk, som vi meiner både er meir krevjande for oss som organisasjon og meir vidtgripande enn val av målform. Derfor er dette temaet særskilt nemnt i tiltaksplanen.


Halvor Løkken er kommunikasjonssjef i Innlandet fylkeskommune. Foto: Jørgen Skaug

Halvor Løkken er klar på at han meiner arbeidet med klart språk er viktigare enn arbeidet med nynorsk.

– Språklova gir klare føringar om andre ting enn målform, og eg vil nok hevda at manglande klarspråk er eit langt større demokratiproblem enn nynorskprosenten hos det offentlege.

– Dette sitatet kan tyda på at dine synspunkt om kva som er viktigare enn anna – og synspunkt på kva som bør setjast opp mot kvarandre – er meir styrande for språkpraksisen i fylkeskommunen enn dei politiske vedtaka. Korleis vil du stilla deg til ein slik påstand?

– Dette blir feil tilnærming. Heldigvis er våre to målformer så nærme kvarandre at dei aller fleste av oss forstår kva som blir sagt og skrive uavhengig av om det er brukt nynorsk eller bokmål. Verre er det når språket blir så utydeleg at folk har vanskar med å forstå bodskapet i det som blir kommunisert, ikkje minst dei mange som verken har nynorsk eller bokmål som morsmål. Derfor er arbeidet med klarspråk viktig, og tør eg meine, enda viktigare enn om ein tekst er på nynorsk eller bokmål. Eg kan ikkje sjå at dette er i strid med politiske vedtak, heller tvert imot. Det må vera mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig.

– Ventar at administrasjonen følgjer opp

Norsk Tidend har lagt fram sitata frå kommunikasjonssjef Halvor Løkken for fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) og varaordførar Aud Hove (Sp).

Hagen kommenterer dei slik:

– Vi er tydelege på at det skal tilstrebast at begge målformer brukast i skriftleg framstilling av saker og ekstern kommunikasjon. Innlandet er eit mangfaldig fylke, der fleirtalet av kommunane har valt bokmål, men med innslag av nynorsk i Gudbrandsdalen og Valdres. For oss politisk er det difor viktig å vareta begge målformer, og eg forventar at administrasjonen følgjer opp vedtaka våre. Det kjem eg til å ta opp i dialogen vi har med fylkeskommunedirektøren framover.

Hove stiller seg bak kommentaren frå Hagen, og legg til:

– Vi bør be om ei orientering på om praksisen med å svara i same målform er brukt, og korleis nettsidene blir utforma. Eg trur nok det er eit forholdsvis stort forbetringspotensial.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har to gonger, etter initiativ frå fylkestingsrepresentantar, røysta over
om fylkeskommunen skal gå bort frå nynorsk som administrasjonsspråk og heller bli språknøytral – i 2016 (biletet) og i
2021. Fylkestinget har valt å halda på nynorsk. Norsk Tidend sine stikkprøver frå andre nøytrale fylkeskommunar tyder på at nøytralitet i praksis inneber lite nynorsk. Foto: Trond Vestre / NRK

Dette seier andre fylke med nynorskkommunar om målbruk:

Vestfold og Telemark

Fylkestinget i Vestfold og Telemark fylkeskommune har vedteke ein språkbruksplan om mellom anna nynorsk. I dag er det lite nynorsk i kommunikasjons- og informasjonsverksemda til fylkeskommunen. Vi har som mål å jobba iherdig med å få opp nynorskbruken og etterleva det vedtaket som fylkeskommunen har vedteke, og har difor oppretta ei engasjementstilling for nynorskarbeid frå 1. mai.
Harald Haave, kommunikasjonsleiar

Viken

Fylkesrådet si innstilling for språkpolitiske tiltak skal opp i fylkestinget seinare i vår. Det er innstilt på tiltak som skal sikra at både bokmål og nynorsk skal brukast i fylkeskommunen, og at det skal utviklast ein språkbruksplan etter at Stortinget har vedteke ny språklov.
Jan Ivar Bøe, spesialrådgjevar i stab for myndigheits- og mediekontakt

Agder

Agder fylkeskommune har avventa behandlinga av den nye språklova. Lova vart vedteken 8. april, og no vil vi setja oss inn i konsekvensane av den nye lova og følgja opp dette i samband med språkarbeidet i fylkeskommunen.
Svein Buer, avdelingsleiar for kommunikasjon

Rogaland

Fylkestinget har vedteke tiltaksplan for nynorsk. På nettsidene er målet 25 prosent, og det er gjennomført fleire nynorskkurs for medarbeidarane. Vi har av kapasitetsomsyn pritoritert å ha primært nytt stoff på nynorsk, men er ikkje i mål. Difor håpar vi å ha eit system for omsetting og kvalitetssikring av bokmålstekstar til nynorsk på plass hausten 2021. Vi følgjer også opp punkta på tiltaksplanen som gjeld vidaregåande skule, knytt til motverking av språkskifte og digitale læremiddel.
Elisabeth Huse, kommunikasjonssjef