norsk tidend

«Lite nytt» i framlegg til opplæringslov

Benedicte Frostad, seniorrådgjevar i Språkrådet, er skuffa over framlegget til ny opplæringslov: – Det er ikkje tatt høgde for utviklinga ein er inne i, der det aller meste er digitalt.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

584 høyringssvar opplæringslova vart leverte før fristen gjekk ut rett før jul i fjor. Eitt av dei var frå Språkrådet, der dei mellom anna slår fast at den nye lova ikkje seier nokon ting om «infrastrukturen i den digitale skulekvardagen til elevane».

I høyringssvaret kallar Språkrådet dette «problematisk», sidan infrastrukturen i stor grad påverkar innhaldet i opplæringa.

Lite nytt

Seniorrådgjevar i Språkrådet, Benedicte Frostad, meiner Kunnskapsdepartementet legg fram lite nytt i framlegget til ny opplæringslov.

– Det er skuffande. Det er ikkje tatt høgde for utviklinga ein er inne i, der det aller meste er digitalt, meiner ho.

Ifølgje lovframlegget som ligg føre, er det især to kriterium som må innfriast om noko skal kallast eit læremiddel: det må vere utvikla til bruk i opplæringa, og det må brukast regelmessig.

Ikkje tilrettelagt for nynorsk

Men mykje av det som er i bruk i skulen i dag, er ikkje omfatta av denne definisjonen, ifølgje Frostad. Det gjer at mange av dei digitale verktøya og løysingane som er i bruk i skulen kvar dag, ikkje er omfatta av reglar og kvalitetskrav som gjeld for læremiddel.

– Dei fleste læremiddel kjem i ein pakke eller ei plattform. Og sjølv om desse plattformene får støtte frå Utdanningsdirektoratet, så er ikkje nødvendigvis alle delane definerte som læremiddel, forklarar ho.

Ei slik plattform kan ha det som ville tilsvart innhaldet i ei bok, men dei har gjerne også andre funksjonar. Det kan vere skriftfelt der ein svarar på oppgåver, rettskrivings- og søkefunksjonar og ei rekkje andre ting.

– Det er småsnadder som dette som gjer at desse sel betre. For dei er nyttige, seier Frostad.

– Men dette småtteriet blir ikkje definert som læremiddel, og dei er så og seie aldri tilrettelagde for nynorsk.

Fritt fram

Ofte kjem ikkje dei digitale læremidla i tide, eller dei kjem i ufullstendig versjon, fortel Frostad. Den nynorske versjonen kan vere ei dårleg omsetjing av bokmålsversjonen, og somme gongar dukkar han ikkje opp, sjølv om han er bestilt.

I tillegg har ein fleire digitale ressursar som ikkje tilhøyrer bestemte plattformer.

– Det kan vere ulike spel, eller ressursar som Wikipedia. Det er fritt fram, og det er opp til skuleeigarane kva dei ynskjer å bruke. Når det gjeld desse ressursane, er det ingen kontroll på kva som er på nynorsk eller bokmål, seier ho.

Det finst inga nasjonal førehandsgodkjenning av læremiddel i dag. Utdanningsdirektoratet tek stikkprøver, men i praksis skjer det lite om forlaga ikkje leverer.

– Og det er ikkje garantert at skulane kjem til å bruke læremiddel som er utgitt av forlag i Noreg heller, for ein kan i praksis bruke det ein vil, seier Frostad.

Kan ikkje søke på nynorsk

Fleire program som blir brukte i skulen, har ikkje nynorsk stavekontroll. Dermed kan nynorskelevar få raude strekar under ord dei skriv heilt rett.

– Google-dokument har hatt nynorsk stavekontroll lenge. Kvifor er det då vanskeleg for Google å ha stavekontroll i appane eller plattformene som blir brukte i skulen?

– Det må forlaga svare på. Det er ikkje vanskeleg å få til, meiner ho.

Men når det gjeld språkteknologi, blir det meir komplisert, ifølgje Frostad. Ho arbeider sjølv innan feltet.

– Der det er søkefunksjonar, til dømes, kan det vere nokså vanskeleg å gjere dette tilgjengeleg på nynorsk.

Læremiddel kan kome i parallelle utgåver, som elevane har tilgang til gjennom dei ulike plattformene. Om du er bokmålselev, kan du nytte søkfunksjonen for å finne fram.

– Men som nynorskelev kan du ikkje søke på ditt mål, og du får ikkje brukt ressursen på same måte. Dermed blir verdien av læremiddelet forskjellig, alt etter kva hovudmål du har, seier Frostad.

– Det burde vere slik at dei funksjonane dei ikkje kan dekkje på begge skriftspråk, ikkje burde inkluderast i læremiddelet, meiner ho.

Foreldre er brekkstong

Siri Denstad Langlo, lærar og fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Trøndelag, skreiv ein kronikk i fjor haust saman med ein kollega. Dei skildra ein offentleg skule med «en overdreven tro på teknologi», der talet på ipadar, chromebooks og smartboards på kvar skule «har nå blitt et mål for kvalitet».

Frostad kjenner seg att i det.

– Samtidig er det enkelt å argumentere for at ungane er kjempekompetente, for dei klarar dette kjempefint. Men det er vanskeleg å diskutere detaljane rundt det, det er noko dei færraste vil setje i gang. Ein vil jo gjerne gi inntrykk av at ein ser framover.

Foreldra blir brekkstonga, trur Frostad. Når dei reagerer, kan ting skje.

– Men dette er ein ny kvardag for dei også. Dei er ikkje blitt underviste på same måte sjølve, påpeikar ho.