Nynorsk for vaksne innvandrarar

I ein del nynorskområde får vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål. Opplæringsspråket blir vedteke lokalt, og her har lokallaga i nynorskkommunar ei viktig oppgåve for å få kommunane til å skifte til nynorskopplæring.

Lokallaga og Noregs Mållag har sett gode resultat av arbeidet for nynorskopplæring for innvandrarar. Mange kommunar tek tak i saka og er interesserte i å gå over til nynorskopplæring, og talet på elevar i vaksenopplæringa som tek eksamen på nynorsk, har mangedobla seg på få år.

Vedtak i Stord kommune i 2014:

«Stord kommune vil frå 2015 nytta nynorsk som opplæringsmål for nye elevar ved Stord Voksenopplæring avdeling for framandspråklege (VO). Kostnadene med omlegginga vert å innarbeide i budsjettet for 2015.»

Frå Stord kommune, komité for oppvekst og utdanning, 29.4 2014. Vedteke med 6 mot 3 røyster.

Kvifor bør nye i Noreg lære nynorsk?

  • Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.
  • Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Lærer foreldra det same språket som borna på skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen.
  • Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet.
  • Dersom nokre av dei som har lært nynorsk flyttar vidare til bokmålsområde, er det ikkje noka ulempe å kunne nynorsk. Tvert om er det ein styrke for alle å kunne nynorsk.

Oversyn over opplæringsspråket i dei einskilde kommunane

Ressursar og informasjon

  • Gratis flygeblad frå Noregs Mållag
  • Nynorsksenteret har oversyn over lærebøker, læremiddel og skjønnlitteratur på nynorsk for denne elevgruppa
  • Kompetanse Noreg har ansvar for norskopplæringa for vaksne innvandrarar og etterutdanning av lærarar
  • Språkrådet har informasjon om norskopplæring for vaksne innvandrarar