Aktivitetar

Aktive lokallag er heilt avgjerande for posisjonen til nynorsk i Noreg.

På denne sida finn lokallaget framlegg til aktivitetar, men det er mest berre fantasien som set grenser for kva de kan gjere.

Bli synlege

Å vise seg fram i lokalmiljøet er ein av dei mest effektive måtane å arbeide for målsaka. I krambua finn du standsutstyr, flygeblad og anna materiell.

Verve medlemer

Utan medlemer – ingen lokallag. Verving er kan hende den aller viktigaste aktiviteten i lokallaga. Medlemstalet påverkar både utsendingsrettar til landsmøtet og medlemspengerefusjonen til lag med eigen lokallagssats. Her er våre tips for å lukkast med vervinga:

  • Planlegg verving på styremøtet. Legg ein strategi som kan fungere i lokalmiljøet dykkar, og lag innlegg på Facebook med lokal vri. Lag til dømes ei liste med potensielle medlemer, og fordel ringjeansvar på alle i styret. Hugs at folk berre treng å få spørsmålet «Vil du bli medlem?» I verste fall får ein eit nei.
  • Skjer det noko i lokalmiljøet? Då er det ekstra gunstig å setje opp stand. De kan tinge standutstyr i Krambua. Hugs å sjekke om de treng løyve.
  • Har de hugsa dei næraste (familie og vener)? Hugs at me har husstandsmedlemskap: Ein medlem som bur på same adresse som ein fullt betalande medlem, får halv pris av vår sentrale sats, og ikkje Norsk Tidend i posten. Innmeldingsprisen på 200 kr er den same.
  • Etter 1. oktober kvart år gjeld innmeldinga også for året etter. Hausten er difor ei gunstig tid å verve på.

Det kostar alltid 200 kroner å bli medlem. Det enklaste er om nye medlemer sender NYNORSK til 2490, for då får me betalinga med ein gong. Om de står på stand, kan de også samle info på ei liste og sende inn på e-post til oss.

Her finn du gode argument til vervinga.
Her kan du tinge vervemateriell.

Spørsmål?
Ta kontakt med Erik Grov.

Set dagsorden

Å tematisere målsak i media kan gjerast på fleire måtar. De kan til dømes skrive eit lesarinnlegg, eller de kan ta kontakt med lokalmedia for å tipse om ei aktuell sak. For å få fram nyheitssaker er det lurt å tenkje gjennom kva de meiner er feil ved dagens situasjon, og kva som bør gjerast annleis.

Nynorsk i barnehagen

Det er viktig at born møter nynorsk frå dei er små. Det vil styrkje haldninga deira til nynorsk og språkutviklinga deira. Som regel er det opp til den einskilde barnehagen om det blir lese nynorsk, og om nynorsk blir snakka om. Lokallaga bør arbeide for kommunale vedtak som sikrar at ungane får møte og lære om nynorsk i barnehagane i kommunen, til dømes gjennom ein kommunal språkbruksplan.

Vitje barnehagane?

Barnehagane blir ofte svært glade for å få vitjing av mållaget. De vel sjølve om de vil møte ungane og til dømes lese litt for dei, eller om de berre vil ta ein prat med dei vaksne.

Det kan vere lurt å ha med seg materiell til å dele ut i barnehagane:

  • Flygeblad som seier noko om kva plass nynorsken kan ha i barnehagen, og gjev nokre idear til korleis ein kan bruke meir nynorske bøker og songar. 
  • Song- og teikneheftet “Gjennom ord blir verda stor”, retta inn mot borna. Teikningar som kan fargeleggjast og songar ein kan syngje i barnehagen eller heime.
  • Jakkemerke og rullebanner med slagordet “Gjennom ord blir verda stor” er til sals i Krambua
  • Forlaga Skald og Samlaget tilbyr rabatterte bokpakker som lokallaga kan kjøpe til barnehagane. Kanskje er kommunen interessert i å spleise med dykk?

Kveldstilskipingar

Ordskifte? Bokopplesing? Føredrag? Tilskipingar på kveldstid kan vere eit godt høve til å vise seg fram i lokalmiljøet og styrkje økonomien. Kanskje kan andre lag vere interesserte i å samarbeide om ei tilskiping?

Målpris

Er det nokon i nærmiljøet som har gjort noko viktig for nynorsken og kunne fortent ein pris for det? Mange lokallag deler ut målprisar, som skapar positiv merksemd.

Vil de ha hjelp til å lage diplom? Ta kontakt med Frida Pernille Mikkelsen.

Språkkafe

Språkkaféar for vaksne innvandrarar og innbyggjarane i kommunen har vore stor suksess for fleire lokallag. Dette er eit tiltak som kan få støtte, til dømes av kommunen eller Studieforbundet kultur og tradisjon. Tiltaket fremjar både språklæring og kontakt mellom innvandrarar og lokalbefolkning.

Arbeid for meir nynorsk i det offentlege

Det offentlege er den viktigaste språkbrukaren i Noreg, og de kan gjere mykje for å få aktørar i stat og kommune til å bruke meir nynorsk.

Språkbruksplan i kommunen

Mange kommunar har god nytte av ein språkbruksplan, og ein slik plan kan de i lokallaga jobbe for. Språkbruksplanar er spesielt viktige i nynorskkommunar, men òg nyttige i språkblanda kommunar, særleg i samband med kommunesamanslåingar. Ein språkbruksplan kan til dømes sikre at både nynorsk og bokmål blir bruka i administrasjonen, og at kommunale skilt blir sette opp på nynorsk. I og med at kommunane ikkje er bundne av eit lovverk for målbruk, slik staten er gjennom mållova, er det ekstra viktig at kommunane har eigne retningsliner for målbruk.

Her finn de døme på språkbruksplan.

Brot på mållova

Staten er bunden av reglar for målbruk gjennom mållova. Diverre skriv mange statlege organ ofte bokmål der dei skal skrive nynorsk, og det kan de i lokallaget hjelpe med å gjere statsorgana merksame på. Ser de til dømes eit skilt i kommunen som de trur skulle vore på nynorsk, eller får de som nynorskbrukarar svar frå staten på bokmål? Då kan de ta kontakt med det aktuelle statsorganet og gjere dei merksam på brotet, helst med kopi til Språkrådet, som har ein tilsynsfunksjon overfor staten. Dersom de er usikre på om de har med eit mållovsbrot å gjere, kan de ta direkte kontakt med Språkrådet.

Politisk arbeid under lokal- og fylkestingsval

Kommune- og fylkestingsval er eit godt høve til å setje nynorsk på dagsordenen lokalt.

Døme på tiltak:

  • Skriv debattinnlegg: Bruk valkampen til å utfordre kommunestyrekandidatane til å få til god nynorskpolitikk i kommunen. 
  • Hald debattmøte: Ein valkamp kan vere eit godt høve til eit debattmøte. Ynskjer laget ditt å få besøk i valkampen, ta gjerne kontakt så ser vi kva vi får til.
  • Del ut flygeblad og stå på stand: Vi lagar eit enkelt valflygeblad, og i tillegg har de alt det andre materiellet å velje i.

For lokallagsstyret og aktive medlemer

Styremøte

Styremøte er nyttige for å avgjere kva saker de skal prioritere å jobbe med, og korleis de skal jobbe med dei. Ein kjem ofte svært langt med tre til fire møte i året, for det er mykje som kan planleggjast på e-post. Det kan vere lurt å leggje styremøte til same kveld som ei anna tilskiping i laget.

Studiering

Ein studiering kan bidra til å trene opp diskusjonsmuskelen, og samstundes er det ein fin måte å halde seg oppdaterte på aktuelle saker saman på. Sjå meir hjå studieforbundet vårt.

Kurs og tilskipingar

Noregs Mållag skipar jamleg til kurs og seminar for heile organisasjonen. Det er eit godt høve til å lære meir om laget, lagsdrift og målpolitikk, og å møte andre målfolk.