Digitale læremiddel på nynorsk no!

Den nynorske skulekvardagen inneheld for mykje bokmål, og digitaliseringa av skulen har gjort problemet større dei siste åra.

Nynorskelevane blir ofte tilbydde digitale læremiddel som berre finst på bokmål eller engelsk. I tillegg nyttar mange skular kontorstøtteprogram som ikkje finst på nynorsk, til dømes skriveprogram utan nynorsk stavekontroll.

Noregs Mållag meiner det er avgjerande at ei ny opplæringslov sikrar ein digital skulekvardag på nynorsk for nynorskelevane, utan atterhald.

Høyringssvar frå Noregs Mållag til ny opplæringslov

Noregs Mållag krev:

  • Nynorskelevane må få alle sine læremiddel og tilleggsressursar på nynorsk.
  • Skulane kan berre ta i bruk skriveverkty med nynorsk stavekontroll, utan atterhald i lova.

– Det er ein skandale at nynorskelevar må lære seg å skrive i program som gjev dei raude strekar under ord dei skriv rett.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

Vanskelegare å vere nynorskelev
For at nynorskelevane skal bli trygge i å skrive nynorsk og trygge nok til å halde på språket gjennom heile skulegongen, treng dei å lese og sjå meir nynorsk, fordi samfunnet er dominert av bokmål. Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar at elevane får oppfylt dei språklege rettane sine i skulen. Mange av dei er ikkje klar over dette ansvaret, eller tek for lett på det.

  • Tips gjerne Frida Pernille Mikkelsen i Noregs Mållag om læremiddel som finst på nynorsk, og om læremiddel som berre finst på bokmål eller engelsk og er i bruk i skulen.

Her kan du lese meir om saka:

Raude strekar lurer nynorskelevar til å skriva feil – NRK Vestland

108 ordførarar krev nynorske digitale læremiddel frå Google, men Google seier nei – Kommunal rapport.

Video om språkteknologi og utfordringane for små språk – Språkrådet

Ansvaret ingen vil ta – Norsk Tidend

Rapport om digitale læremiddel i skulen