norsk tidend

Lova som ikkje innfridde

Noreg har fått si aller fyrste språklov, men mottakinga blant målfolket er lunken. – Lova vart ikkje det lyftet for nynorsk vi hadde venta, meiner Noregs Mållag. Dei får støtte av fleire av opposisjonspartia på Stortinget.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

I mars kom endeleg lova det språkinteresserte Noreg lenge har venta på: språklova. Lovplanane har lege på pulten til kulturminister etter kulturminister dei siste åra, men det skulle bli Abid Raja som presenterte eit framlegg for Stortinget, etter at grunnarbeidet var lagt av forgjengar Trine Skei Grande. Lova skal særleg vere eit middel til betre behandling av språk i Noreg som står i ein utsett posisjon, og for norsk generelt overfor engelsk.

– Få betringar

Blant målfolket har forventningane vore store. Men då framlegget frå regjeringa kom våren 2020, var Noregs Mållag heilt klare på at Stortinget måtte stramme grepet fleire hakk på vegner av nynorsken. Det skjedde ikkje, og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge konstaterer at lova ikkje vart det mållaget hadde håpa på.

– Det nynorske språket står under eit konstant press frå bokmål, og difor treng vi ei lov som kan vege opp for den skeive stillinga mellom språka. Det er ikkje den nye språklova blitt. Lova stadfester at nynorsk skal ha eit særskilt vern, og det er ein siger. Men sett bort frå akkurat det, er det diverre lite styrking å sjå. Lova greier rett og slett ikkje å leve opp til sin eigen føremålsparagraf. Det er eg skikkeleg, skikkeleg skuffa over.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge legg ikkje skjul på at han er skuffa over den nye språklova. Foto: Jannica Luoto

Den tidlegare mållova, som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i staten, er no blitt ein del av språklova. Det er særleg desse konkrete reglane mållagsleiaren hadde hatt større forventningar til.

– Styresmaktene hadde hatt ein sjanse til for alvor å stadfeste det offentlege sitt ansvar for den norske måljamstillinga. Men dei faktiske betringane frå den mållova vi har hatt, er diverre svært småe. Det er tydeleg at omsynet til at statstilsette skal sleppe å skrive for mykje nynorsk, har vore viktig for regjeringa. Det er eit dårleg utgangspunkt.

Peder Lofnes Hauge er særleg kritisk til at Stortinget vel å svekkje tenesteplikta statstilsette har hatt, om å kunne både bokmål og nynorsk.

– Tenesteplikta har vore ein berebjelke i den norske måljamstillinga i mange år. No blir ansvaret lagt på statsorganet i staden for på den einskilde statstilsette. Dette er ei klar svekking av posisjonen til nynorsk som jamstilt med bokmål, og indirekte ei melding frå styresmaktene om at det er greitt å ikkje kunne nynorsk om du jobbar i det offentlege.

Ønskte ei meir offensiv lov

Det var vilje blant fleire av partia på Stortinget til å få i stand ei meir nynorskoffensiv lov. Både Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet røysta for meir offensive reglar knytt til målbruk. Det er heller ingen løyndom at regjeringspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti støtta dei i det, men måtte bøye av for Høgre.

Anette Trettebergstuen er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og fyrste nestleiar i familie- og kulturkomiteen. Ho meiner den nye språklova rett og slett svekkjer nynorsk.

– Når vi skal ha to likestilte skriftspråk, kan vi ikkje la marknadskreftene rå, og det offentlege må gå framom for å fremje nynorsk. No har vi fått ei språklov som ikkje har betre reglar enn den gamle mållova, og i tillegg blir tenesteplikta for statstilsette endra frå at «tilsette pliktar» å nytte nynorsk til at statsorgana «kan krevje» at dei gjer det. Då meiner eg heilt klart nynorsk blir svekt.

Arbeidarpartiet kjem til å jobbe for ei betre lov om partiet kjem i posisjon etter valet, lovar Anette Trettebergstuen, som er fyrste nestleiar i familie- og kulturkomitéen.

Føremålsparagrafen om at nynorsk skal ha eit særskilt vern, er ikkje nokon siger i seg sjølv, meiner Trettebergstuen.

– Denne føremålsparagrafen blir ikkje følgt opp av konkrete reglar, og då hjelper han lite.

Trettebergstuen er som mållagsleiaren særleg misnøgd med dei ulne språkkrava som blir stilte til fylkeskommunane.

– Regionreforma har ført til at mange nynorskkommunar har blitt ein del av nye og meir bokmålsdominerte regionar enn dei var tidlegare. Då må ein stille handfaste krav til bruken av nynorsk i desse regionane. Dette handlar om at folk skal få sjå sitt eige språk i bruk frå det offentlege.

Arbeidarpartiet kjem til å jobbe for ei betre lov om dei skulle kome i posisjon etter valet til hausten, lovar Anette Trettebergstuen. Ho meiner regjeringspartia Venstre og KrF har vore feige som har valt å bøye av for Høgre i regjeringsforhandlingane.

– Det er ganske flautt at Venstre, som seier dei er opptekne av språk og kultur, skal leggje fram og røyste for ei lov som svekkjer nynorsk.

Jon Gunnes er stortingsrepresentant for Venstre. Han seier at Venstre også gjerne skulle hatt eit tydelegare regelverk, særleg på vegner av nynorsk, men er likevel nøgd med at ei ny språklov er på plass.

– Eg er veldig glad for at det har kome eit lovverk på plass for fleire av dei språka vi har her i Noreg. Gunnes har tru på at lova blir følgt, sjølv om mange av reglane er runde.

– Ja, det har eg. Verkeleg.

Naiv. Super.

Kjem vi til å sjå resultat av den nye språklova? Kommentar frå Gunnar O. Hæreid, tidlegare leiar i Juristmållaget.

Gunnar O. Hæreid er tidlegare leiar i Juristmållaget i Oslo. Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Då eg var ung jurist, levde eg lukkeleg i trua på at om det trengst endringar i samfunnet, så endrar me lova og alt vert bra. Men byråkratiets harde skule har lært meg at så lett er det ikkje. Vanskelegast er å lukkast med endringar som kjem fram i mål som gjeld på tvers av alle forvaltningssektorar, slik som språklova § 1. Og korleis kan den nye lova føra til endring når dei konkrete føresegnene i den gamle lova ofte vart brotne?

Kva må til?

  • Kulturdepartementet må ha musklar og vilje til å vera drivkraft.
  • Drivkrafta må vera så sterk at Kulturdepartementet sjølv gjer måla konkrete, tek dei inn i eigne verksemdsplanar og embetsoppdraga til alle etatane under, og får andre departement til å gjera det same.
  • Leiarane får kvar tilsett til å følgja opp.
  • Fylkeskommunane og kommunane vert oppmuntra og rettleidde av Statsforvaltarane og, i tråd med det kommunale sjølvstyret, følgjer opp på kvar sin måte.

Enkel oppskrift, vanskeleg å følgja.

Super lov. Naiv?