norsk tidend

Martin Årseth er ny redaktør i Syn og Segn

Den 1. oktober starta Martin Årseth i jobben som ny redaktør i Syn og Segn. Han overtek etter Astrid Sverresdotter Dypvik, som har vore redaktør frå år 2020. Norsk Tidend tok ein prat med Martin Årseth om tidsskrift, nynorskkultur og journalistkarrieren hans.

Tekst: Vemund Norekvål Knudsen

– Du kjem til Syn og Segn etter lang fartstid som journalist i ei lang rekke aviser. Kva er Syn og Segn for deg?

– Som truleg mange andre, byrja eg å lesa tidsskrift då eg vart student. Ein ung jypling som ville lesa noko smart og langt. Som nynorsking var Syn og Segn den naturlege staden å gå. Eg vil at Syn og Segn framleis skal vera ein stad for lange og smarte tankar, og ein naturleg stad å gå når ein vil læra noko nytt.

– Kva kan du seia om korleis stoda er for tidsskrift generelt, og for Syn og Segn spesielt?

– Det er blanda. På den eine sida er veldig stram økonomi heilt standard for norske tidsskrift. Det er ikkje mogleg å driva det for eigen kjøl, og offentleg og privat støtte er heilt naudsynt. Samtiden, det tidsskriftet som liknar mest på Syn og Segn historisk, står heilt på kanten av stupet. Samstundes er det mange der ute som vil lesa gode, grundige artiklar, så eg er ingen pessimist. Syn og Segn er eit relativt stort tidsskrift med ei lang og stolt historie, og eg går inn i framtida med trua på henne.

– Kva er annleis med å vera redaktør for eit tidsskrift versus det å vera journalist i ei avis?

– Så godt som alt er annleis. Som journalist er eg vane med å skriva noko heile tida, ha nye idear fleire gongar i veka og gjennomføra dei så snøgt som råd. I tillegg er det så mange rundt meg som hjelper til med alt mogleg. No må eg brått f inna ut kva kreditnota er sjølv, handtere alle retursendingane og leggja ut på sosiale medium sjølv. Og skriv eg ei sak som ikkje er så bra, kan eg skriva noko nytt neste dag i dagsaviser, medan tidsskrifta skal vara og vara.

– Kva er din visjon for Syn og Segn?

– I Samlaget har eg høyrt folk seia at «det einaste negative med Syn og Segn er at ikkje fleire les det». For når eg kjem inn og tek over eit prisvinnande blad, både for form og innhald, så kan eg ikkje snu om på alt. No når eg les tilbake i nummer som kom ut før eg sjølv byrja å lesa bladet, får eg eit anna perspektiv på det. Førebels likar eg best perioden til Hilde Sandvik og Marit Eikemo. Dei var uredde og tøffe, frekke og direkte. Eg håpar å vidareføra den høge kvaliteten bladet har hatt, men krydra med meir av den frekke stilen som det var meir av tidlegare.

– På kva vis er Syn og Segn eit verktøy for målsaka i dag?

– Syn og Segn, blant fleire blad i den tidlege målreisinga, har vore med å utvida det nynorske språket. Tidlegare har Janne Nygård skrive ei interessant masteroppgåve om dei naturfaglege tekstane i dei første tiåra av Syn og Segn. Det var med på å utvida det nynorske språket ved å skriva om tema det ikkje fantest eit godt språk for på nynorsk. Ikkje om nynorsk, men på nynorsk, er eit godt slagord for det mange innanfor målsaka driv med. På same måten som det skjedde store framsteg innanfor naturvitskap den gongen.

– Kva er ditt forhold til nynorsken?

Eg synest det er vanskeleg å skildra mitt forhold til nynorsk. Det er språket mitt, det er ein del av meg, men eg har ikkje noko forhold til det, slik eg ikkje har noko forhold til at hjartet slår. Men begge delar er viktige for meg.

Kva tankar har du om framtida til nynorsk, som kulturspråk, skulespråk, mediespråk osb.?

– Eg har diverre ikkje så mange framtidstankar.

– Kven er din favoritt-nynorsking?

Er det ikkje lov å svara alle saman? Då tek eg Ivar Medaas. Han stod uredd på scena i Oslo i kvit dress, med hardingfele, skjegla og snakka strilemål, og då folk lo av han, stod han for det han var. Han slo gjennom fordi han trassa det folk forventa. Ei hovudstadsavis skal ha kalla han «Vestlandets betydeligste eksportprodukt siden Aasen-normalen». Eg og nokre vener har starta Brann-supportargruppa «Stril i eksil», der logoen sjølvsagt er andletet til Ivar Medaas. Han er symbolet på strilekulturen, og at vi ikkje treng å skjemst.

– Kva les du no?

– No har eg nett starta på «Her kjem sola», den siste romanen til Gunnhild Øyehaug. Ho er heilt unik i (ny) norsk samtidslitteratur, og vi må hugsa på å setja pris på ein slik forfattar før det er for seint!

– Har du ei favoritt-sak eller augneblink frå journalistkarrieren?

– Ein gong skulle eg skriva ei sak om at BKK skulle setja ut anleggstenester på anbod, reiste eg opp til Dale for å møta nokre av dei arbeidarane det gjaldt. Eg fekk ein rundtur oppe i fjellet der han viste røyr og kraftanlegg, og så då vi kom ned att til byen, ville eg berre ta ein liten runde for å ta nokre bilete. Utanfor den gamle kraftstasjonen stod det ein stein med namna på 29 personar frå området som hadde mista livet på arbeid for BKK. På andre sida av fjellet står ein lik stein med 13 namn. Sjølv viste det seg at han eg snakka med, hadde fått eit tre over seg og knekt ryggen ein gong han rydda eit uvêr og var heldig som ikkje var eit namn på steinen sjølv. Det var ei viktig påminning om kva framstega kostar. For kvart gode vi nyt godt av no, står det slike minnesteinar ein eller annan stad.