norsk tidend

Med bokmål i bakhand

Ein nynorskskule er ikkje lenger ein nynorskskule. Somme stader i dei nynorske randsonene er det snarare regelen enn unntaket å finna bokmålselevar spreidde rundt i klassane. Kvifor har det blitt slik?

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Offentleg og fritt tilgjengeleg statistikk avslører kor mange bokmåls- og nynorskelevar det er på dei einskilde skulane og klassestega i Noreg. Kommunen som skuleeigar melder sjølv inn tala til sentrale styresmakter. Statistikken går tilbake til 1991 og seier mykje om utviklinga for nynorsk som skulemål i landet. 

Norsk Tidend har etter undersøkingar ved eit spreidd utval skular funne ein viktig skilnad mellom bokmålsskular og ein god del nynorskskular. På skular med bokmål som opplæringsmål er det svært, svært sjeldan å finna nynorskelevar. Men på nynorskskular er det somme stader – særleg i dei nynorske randsonene – snarare regelen enn unntaket å finna bokmålselevar. Dette skjer trass at det som hovudregel ikkje er lov å blanda bokmåls- og nynorskelevar i same klassen.

Norsk Tidend har undersøkt med nokre av skulane kvifor dei har elevar registrerte med bokmål som språk i GSI-registeret («Grunnskolenes informasjonssystem»). Kartlegginga avslører fleire ulike årsaker:

  • Elevane har hovudsakleg lærebøker på bokmål, men skal læra nynorsk.
  • Skulen har kommunalt vedtak om at elevane grunna særlege omstende, til dømes lærevanskar, skal ha bokmålsopplæring.
  • Skulen har ein praksis om at elevar med særskild norskopplæring e.l. skal ha opplæring på bokmål.
  • Elevane er tilflytta frå ein bokmålskrins, og held fram med bokmål.
  • Elevane/foreldra får velja å ha opplæring på bokmål sjølv om dei går på ein nynorskskule.

Lærebøker på bokmål

På Etnedal skule i Valdres var 32 av 101 elevar på barnesteget, altså ein knapp tredel, registrerte med bokmål som opplæringsmål skuleåret 2019/2020. Kommunalsjef for oppvekst Gabrielle Becker opplyser at desse elevane har læremiddel og får nasjonale prøver på bokmål, og difor blir registrerte i GSI som bokmålselevar. Men det er nynorsk som er opplæringsmålet deira.

– Dei elevane som har undervisningsmateriell på anna målform i nokre fag enn hovudmålforma på trinnet, har fått det av særskilde omstende. Nokre har sakkunnig vurdering, nokre er framandspråklege og nokre treng tilrettelegging på grunn av andre særlege tilhøve.

På spørsmål om det er ein pedagogisk fordel for elevane å ha læremiddel på ei anna målform enn den dei skal læra, seier Becker at det ikkje alltid er kommunen si avgjerd.

– I mange tilfelle er det etter ønske frå foreldra at elevane får lærebøker på bokmål, som dei jo har rett på etter opplæringslova. Generelt tilrår vi undervisningsmateriell i hovudmålforma. Dette er ein del av vurderinga i den einskilde saka.

Becker seier at all tavleundervisning og annan informasjon til elevane blir gjeve på nynorsk ved Etnedal skule. 

Etnedal kommune er ikkje aleine om å ha elevar med lærebøker på bokmål, men nynorsk som opplæringsmål. I Øystre Slidre, lenger nord i Valdres, var kring 10 % av elevmassen på Rogne skule registrert med bokmål som målform førre skuleår.

Kommunalsjef Rolf Stalenget seier, etter å ha undersøkt saka, at desse elevane har lærebøker på bokmål, men nynorsk som opplæringsmål. Han meiner sjølv kommunen burde registrert dei som nynorskelevar.

– Nokre foreldre opplever betre moglegheit til å hjelpa borna sine med skulearbeidet når lærebøkene er på bokmål. Desse elevaneer registrerte med målform bokmål, men skulle vore registrerte med nynorsk.

Bokmålsopplæring etter vedtak frå kommunen

Medan lærebøker på bokmål er ein rett foreldre/elevar på nynorskskular har, er i utgangspunktet ikkje bokmål som opplæringsmål det. Men i somme kommunar, særleg i dei nynorske randsonene, blir det like fullt gjort vedtak eller gjort vurdering om bokmål for elevar som går på nynorskskular. Det gjeld fyrst og fremst elevar som blir vurderte til å ha ulike former for lærevanskar / samansette vanskar, eller elevar med særskild språkopplæring (framandspråklege).

Vedtaka blir gjorde av kommunen, ofte PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste). Denne praksisen er ikkje nedfelt i noko regelverk. Norsk Tidend kjenner like fullt til at han er etablert i fleire kommunar, og at han har gått føre seg ein del år.

I Sør-Aurdal kommune, også i Valdres, var kring 13 prosent av elevmassen på nynorskskulen Bagn registrert med bokmål som opplæringsmål. Her kan avgjerd om bokmål for enkeltelevar skje etter vurdering frå PP-tenesta, og blir då gjord som enkeltvedtak, opplyser kommunalsjef Inger Randi Islandsmoen Kleven.

– Dersom elevar har samansette vanskar, kan det skje at PP-tenesta skriv i den sakkunnige vurderinga at eleven vil profittera på eit skifte av hovudmål.

Det er ingen tvil om at det er nynorsk som er hovudmålet ved skulen, seier kommunalsjefen.

– Det blir undervist på nynorsk, og vekeplanane og informasjon heim er på nynorsk. Det blir tilpassa til dei elevane som har bokmål.

Talet på elevar som har bokmålsopplæring, har auka markant ved Bagn skule dei siste ti åra. I åra frå 2010 til 2015 galdt det maksimalt vel 2,5 prosent av elevane, medan talet var 13 prosent for førre skuleår. Kleven ynskjer ikkje å gå meir inn på årsaka til auken av omsyn til elevane. Ho har ikkje svara på om ho vil utelukka at årsaka til auken er at skulen/PP-tenesta har endra praksis.

Kommunalsjef for oppvekst i Sør-Aurdal kommune, Inger Randi Islandsmoen Kleven. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Bokmål så foreldra kan hjelpe dei

På Sauland skule i Hjartdal i Aust- Telemark har ein knapp fjerdedel av elevane bokmål som opplæringsspråk, i stor grad av same grunn som i Sør-Aurdal. Kommunalsjef Unni Lunde seier kommunen i somme tilfelle gjer enkeltvedtak for ein elev, der bokmål som opplæringsspråk er eit av tiltaka.

– Desse elevane får til dømes spesialundervisning knytt til lese- eog skrivevanskar. Slike vedtak kan bli aktuelt dersom eleven har eit bokmålsnært talemål og samstundes strevar med skriveopplæringa. 

Bokmålselevane kan i tillegg vera elevar med rett til særskild språkopplæring, eller elevar som har flytta til kommunen. Men det er nynorsk som er hovudmålet ved skulen, seier Lunde.

– Det blir nytta i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid, på tavla og i timeplanar.

Hjartdal kommune er ikkje aleine om å praktisera at elevar som kjem tilflyttande, held på bokmål. Norsk Tidend har fått opplyst at det skjer i fleire andre kommunar. 

Også bokmålsopplæring for framandspråklege er vanleg fleire stader. Ein del nynorskkommunar vel å gje vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål. På Tokke skule i Vest-Telemark er dét grunngjevinga for at flyktningar eller elevar frå andre land har norskopplæringa si på bokmål.

– Kommunestyret har vedteke at vaksenopplæringa skal vera på bokmål. Då er det naturleg at borna også får bøker på bokmål, slik at foreldra kan hjelpa elevane, seier kommunalsjef Finn Arne Askje.

Askje seier at desse elevane får norskopplæringa si i eigne grupper, men elles følgjer den ordinære undervisninga.

– Tavleundervisninga og andre meldingar til elevane er på nynorsk ved Tokke skule.

Ulovleg?

I Norsk Tidend 3/2020 stod det om skular i Hemsedal der nynorskelevar og bokmålselevar går i lag utan at det ligg føre spesielle grunnar til at somme har bokmål. Ein slik praksis utviklar seg anten fordi enkeltelevar har teke til med bokmål, eller fordi kommunen har valt å la vera å oppretta parallellklasse når minst 10 foreldre krev bokmålsopplæring, ein rett dei har etter opplæringslova. Språkblandinga er ikkje lovleg, men skjer like fullt i fleire kommunar.

Men kva med praksisen om å gje enkeltelevar bokmålsundervisning fordi kommunane meiner dei har gode grunnar, som lærevanskar eller særskilt språkopplæring? Er det lov? Det er eit uklart spørsmål. Sidan opplæringslova føreset at bokmåls- og nynorskelevar skal haldast skilde på barnesteget, kan kommunale vedtak eller praksisar om å vedta at enkeltelevar skal ha bokmålsopplæring, koma i konflikt med lovverket.

Norsk Tidend har bede Utdanningsdirektoratet om ei lovtolking og fått til svar at dei ikkje kjenner til denne praksisen og dermed ikkje har teke stilling til spørsmålet. Direktoratet seier dei vil koma med ei avklaring, men at dei treng tid for å greia ut saka.

Skepsis i Mållaget

Nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre er skeptisk til at ein praksis om bokmålsopplæring får breia om seg.

– Det er svært uheldig når det går frå å vera unntaksvise enkelttilfelle til å vera ein utbreidd praksis. Det kan verka som om ein prøver å løysa eit stort og komplekst problem på ein lettvint måte. At det også berre skjer frå nynorsk til bokmål, syner tydeleg korleis det mindre brukte språket i mange tilfelle vert behandla og kor mange slike «usynlege» åtak det vert utsett for. Eg trur ikkje nokon lærar i Lofoten ville koma på idéen om å gå over til nynorskopplæring fordi det er nærare talemålet.

Opplæringa i nynorskområde bør vera på nynorsk både for born i skulen og i vaksenopplæringa, meiner nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre. Foto: Dina Rygg Eide

Retten til lærebøker på bokmål for nynorskelevar bør takast vekk, meiner Sætre.

– Det seier seg sjølv at å læra seg eit språk med lærebok på eit anna, ikkje er særleg heldig pedagogisk. Skal ein bli trygg i språket sitt, må ein eksponerast for det så mykje som mogeleg. Det gjeld særleg for elevar med nynorsk opplæringsmål, sidan dei ikkje ser like mykje av språket sitt rundt seg elles i kvardagen, og då er lærebøker på opplæringsmålet sjølvsagt. Oppøvinga av lese- og skrivedugleik i nynorsk blir oppøvd i alle fag, ikkje berre norsk, og difor bør opplæringslova endrast på dette punktet.

Sætre meiner det er best for både elevane og nynorskkulturen ved skulen og i lokalmiljøet at talet på bokmålselevar ligg på eit minimum. Ho meiner flyktningar òg bør læra nynorsk på nynorskskular.

– Det er ein føremon å læra seg språket som blir brukt der ein bur. Det gjeld både for unge og vaksne, og såleis bør opplæringa i nynorskområde vera på nynorsk både for born i skulen og i vaksenopplæringa.

Sætre meiner skriveopplæringa til elevane i randsonene er særleg utsett, av fleire grunnar.

– Vi veit at mange lærarar ikkje får god nok opplæring i nynorsk, og det råkar særleg randsonene. No ser vi i tillegg at nynorskklassane bli utarma på bakgrunn av både kommunale enkeltvedtak om bokmålsopplæring og lærebøker på bokmål. Det er klart at det går utover opplæringa som skal gjera elevane til trygge og stødige språkbrukarar.