Medlemsavisa Norsk Tidend
Her kan du lesa eit utval saker frå nyaste utgåve:
– Verktøya skal vera gode tenarar for oss
I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.
Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar
Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til digitale læringsressursar.
– Det einaste ein kan gjere er å prøve å skrive skikkeleg sjølv
Språket er verdt å kjempe for, meiner Runar Gudnason. Men ein må starte med seg sjølv, seier mottakaren av Målprisen for 2026.
Å drepa eit språk eller berge det
Det irske språket treng ein redningsaksjon, men hjelpemannskapa klare med ein plan.
Overtydande om det naturlege i å velje Duun
Melding: Olav Duun. Menneske og natur av Grethe Fatima Syéd og Hallvard Kjelen (red.)
Gjenklang kring eit pilkehol
Måtehald er på moten, men det vert ofte med tanken.
Snakke med aksent om heime
Melding: Januarbarna av Safia Elhillo.
På veg mot mellomtida
Byung-Chul Han forkynner ein utveg frå utmatting til leik.
Tilbake til Þelamǫrk
Det er ikkje kvar dag ei omarbeidd doktorgradsavhandling vert ei så vellykka bok.
Frå tidlegare nummer:
– Nedbygging av sidemålsordninga vil først og fremst ramma nynorskbrukarane
Sidemålsordninga står på spel før det komande stortingsvalet.
Ikkje med øks, men med tid
Det Norske Teatret opnar Olav Duun-året 2026 med Medmenneske på hovudscena.
«Karlsrudmodellen»: – Nynorsktimane er kjekkare enn bokmålstimane
Ved Karlsrud skole i Oslo hadde elevane 4,5 i snitt på sidemålseksamen.
Etne og Stranda vel vaksenopplæring på nynorsk
– Det er oppløftande at to nye kommunar har bestemt at dei skal skifte til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, seier Noregs Mållag.
42 nynorskkommunar underviser vaksne innvandrarar på bokmål
Ei kartlegging laga av Norsk Tidend syner at nær halvparten av nynorskkommunane underviser vaksne innvandrarar på bokmål.
100 år sidan Nynorsk salmebok
I dag er det på dagen 100 år sidan Nynorsk salmebok vart autorisert for kyrkjebruk i statsråd. Det vart markert i Bergen domkyrkje.
– Den nederlandske humoren er litt i slekt med den vestnorske
Robin Van de Walle er forfattar, belgiar og nynorskbrukar. No er han også blitt omsetjar, og er aktuell med den fyrste nederlandske Skald-klassikaren.
Bruk Norsk Barneblad og Inn i undervisninga!
– Dette bør mange lokallag prøve, ikkje minst i bokmålsområde!
Jamstillinga mellom nynorsk og bokmål må grunnlovsfestast
Det er på høg tid å grunnlovsfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovsfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.
Om Norsk Tidend
Norsk Tidend er medlemsavisa åt Noregs Mållag. Ho dekkjer målsak i heile landet, og kjem ut fire gonger i året i eit opplag kring 16 000. Redaktør er Jógvan Helge Apalnes Gardar.
Frå oppstarten var Norsk Tidend ei dagsavis på nynorsk for heile landet. Olav Rytter var redaktør ved skipinga, og sende ut fyrste nummer 24. september 1935. Norsk Tidend var eit framhald av dei to tidlegare riksavisene Fedraheimen (1877–1891) og Den 17de Mai (1894–1935). Etter krigen var avisa fyrst eit organ for Noregs Ungdomslag, deretter for Kringkastingsringen. Med tida har ho knytt seg sterkare til Noregs Mållag, og verkar no som medlemsavis for organisasjonen.
Kontakt redaksjonen
Send tips til norsk.tidend@nm.no. Det er råd å abonnere på bladet utan å vere medlem for 250,– per år.
Annonsere?
Ein annonse i Norsk Tidend gjev god eksponering i den harde kjernen av målrørsla.
Prisar (eks. mva.):
Kvartside: 4000 kr
Halvside: 6000 kr
Heilside: 10 000 kr
Istikk: 1,– per stk.
Annonsere over fleire nummer? Då får du rabatt. Send e-post til norsk.tidend@nm.no, så får du eit uforpliktande tilbod.