norsk tidend

– Molde videregående skole har fått det til!

Avd.leiar Celia Berg og ass.rektor Marianne Anderson mottek målprisen "Heider og ære" frå Molde Mållag. Leiar i Molde Mållag, Åse Marie Longva overrekker.

«Hald på nynorsken!» har blitt meir enn eit slagord ved Molde videregående skole.

TEKST: ØYVIND FENNE, ROMSDAL MÅLLAG

Med entusiasme og ein serie tiltak har administrasjonen og norskavdelinga lagt eit grunnlag
for tilhøyrsle og trivsel kring det å ha nynorsk som sitt språk. Og ikkje minst: At langt færre enn før
skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål, men held på nynorsken.
Det kjem ikkje av seg sjølv.

Målbyte i overgangen ungdomsskule/ vidaregåande er eit gammalkjent fenomen, godt dokumentert gjennom fleire granskingar. Kjerneområde for nynorsk som t.d. Volda og Firda, har knapt noko språkskifte, medan Ålesund og Molde har hatt dette stort omfang. Det same biletet finn me i t.d. Valdres, Agder og Rogaland.

Fylkesmållaga i Møre og Romsdal har lenge vore opptekne av saka og har saman med Noregs Mållag hatt eit godt samarbeid både med nærings- og kompetanseavdelinga (utd.avd.) i fylkeskommunen og Molde vgs. Med ein politisk vedteken skulemålsplan i ryggen, men ikkje minst ut frå eigen kunnskap, vilje og realistiske målsetjingar, har Molde vgs. utretta noko som kan inspirere andre skular til liknande tiltak. Assisterande rektor Marianne Andersson og avdelingsleiar for norsk, kroppsøving og framandspråk, Celia Berg, presenterte program og tiltak som er gjennomførte dei siste 3– 4 åra på årsmøtet i Molde mållag den 4. mars.

Kva er så oppskrifta? Kva har dei gjort – slik i kortform? Jau, føl gjande, henta frå deira eigen presentasjon:

  • «e-post til alle ungdomsskular
    med oppmoding om å halde
    på nynorsk i overgangen til
    vgs.
  • ut frå inntakslistene i
    Vigo+Skolestart: oversikt over
    elevar med nynorsk hovudmål
  • velkomstmelding til elevar
    med nynorsk hovudmål ved
    skulestart
  • samle nynorskelevar i vg1 studiespesialisering i nokre få klassar. Mål: skape tilhøyrsle, unngå at elevar opplever å vere den einaste med nynorskbok, gjere det lettare for faglærarar å forsvare å bruke nynorsk som undervisningsspråk
  • informasjon til alle kontaktlærarar og norsklærarar om kva for elevar som har nynorsk hovudmål – med instruks om å vidareformidle til alle faglærarar
  • språklova generelt og nynorsk spesielt oppe som tema i oppstartsveka for lærarane»

Andre tiltak, som kan oppsummerast slik:

  • «aktiv bruk av nynorsk både
    på nettsidene, Teams (tidlegare
    Itslearning) og i sosiale
    medium (Facebook og Instagram)
  • markering av Nynorskdagen
  • fokus på innkjøp av læremiddel på rett målform – tett dialog med skulebibliotekar
  • oppretting av eigen nynorskkanal i Teams for elevar med nynorsk hovudmål
  • nynorsklunsj med pizza for nynorskelevane, inkl. kviss med premie. Mål: skape samhald og få tilbakemeldingar om korleis det er å vere nynorskelev ved Molde vgs.»

Attåt alt dette: Nynorsk er synleg i skulekvardagen på alle digitale flater, i alle samanhengar, også gjennom plakatar – m.a. frå det nyskipa målungdomslaget.

Tidlegare har informasjon om hovudmål kome seint i Vigo. Dette vart retta opp våren 2023, etter initiativ frå fylkesmållaga og utdanningsavdelinga på fylket. Framleis er det ei utfordring at forlaga er treige med nynorskversjonar av lærebøker og med stavekontroll i Teams og onlineversjonar av Office-pakka.

Til sist: Molde vgs. er eit lysande døme på at god innsikt, faglege, pedagogiske og miljøskapande tiltak verkar. Norsklærarane ved skulen er viktige, men dei er ikkje åleine om å bruke nynorsk i undervisninga. Det blir òg lagt merke til.

– Men det har vel kosta noko – økonomisk sett? Svært lite. Nett det at noko så flott og viktig kan skje utan nemneverdige kostnader, er i seg oppløftande. Og det finaste: Det blir lettare å vere nynorskelev!