norsk tidend

Når namn byggjer nasjon

Dagny Juel (1867– 1901) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar som fekk namnet sitt heilt i byrjinga av den nordiske namnerenessansen i Noreg. Foto: Kvinnemuseets fotoarkiv

Dagny, Hjørdis og Sverre. Utpå 1800-talet byrja nordmenn å gje ungane sine gamle norrøne namn som ikkje hadde vore i bruk på fleire hundre år.

TEKST: GULBRAND ALHAUG

Det var den svenske personnamnforskaren Roland Otterbjörk som i 1964 lanserte omgrepet den nordiske namnerenessansen. Med dette omgrepet ville han karakterisere eit typisk trekk ved namnemønsteret på 1800-talet i Skandinavia: fornya bruk av nordiske namn. Denne trenden kan vi sjå i lys av nasjonalromantikken i Skandinavia, og ettersom denne åndsretninga kom tidlegare til Sverige og Danmark, innebar dette at også den nordiske namnerenessansen fekk tidlegare fotfeste i desse landa enn i Noreg. 

I Sverige var diktaren Esaias Tegnér ein typisk representant for nasjonalromantikken, og eit verk som Frithiofs saga (1825) gav inspirasjon til bruk av namn frå vikingtida. Denne boka vart også populær i Noreg. Frå dansk nasjonalromantikk kan Adam Oehlenschläger (1779–1810) nemnast, og namn som Tora, Signe, Gudrun og Kjartan frå dei historiske dramaa hans vart tatt i bruk – i Noreg naturleg nok noko seinare enn i Danmark. Også i Noreg bidrog forfattarane til å vekke interesse for dei nordiske namna. Dette gjeld bl.a. Ibsen og Bjørnson som i dikting med historiske emne trekte fram namn som Bergljot og Arnljot (i dikt av Bjørnson) og Dagny og Hjørdis (i Ibsens Hermændene paa Helgeland, 1858). Dette var namn som ikkje hadde vore brukte på mange hundre år i Noreg. Slike namn fann nordmenn også i norrøn mytologisk litteratur, i Snorres kongesoger og islandske ættesoger. Bruken av nordiske namn fekk eit mykje større omfang i Noreg enn i Sverige og Danmark, og dette kan vi sjå på bakgrunn av at Noreg – i motsetning til Sverige og Danmark – er ein ung nasjon, og namn som var berarar av sagasus frå ei ærefull fortid, medverka til å styrke den nasjonale identiteten. 

I nordisk samanheng er det særleg interessant å sjå på parallellar mellom Noreg og Finland når det gjeld namn inspirerte av nasjonalromantikken. Også Finland er ein ung nasjon (uavhengig i 1917), og naturleg nok spelte namn ei viktig rolle under den finske nasjonsbygginga på 1800-talet. I Finland var det særleg namn frå det nasjonale helteeposet Kalevala som var eigna til å markere nasjonal identitet.

Det var folkeminnesamlaren Elias Lönnrot som i 1849 redigerte dette eposet som er ei samling av segner og songar han hadde samla inn under reiser i Finland. I dette eposet fann finnane kvinnenamn som Aino, Tellervo og Kyllikki – og mannsnavn som Ilmari, KalevaSeppo, Väinö og Väinämö.

Framveksten av den nordiske namnerenessansen i Noreg 

Som namneforskaren Kristoffer Kruken har påvist, finst det sporadiske døme på bruk av renessansenamn i Noreg rundt år 1800, t.d. Sverre og Odin, men sjølve gjennombrottet for desse namna kom seinare på 1800-talet. I fagmiljøet har det vore diskutert når gjennombrottet kom. På grunnlag av eiga fersk forsking meiner eg å kunna påvise at det var rundt 1870 at desse namna for alvor fekk vind i segla. Det er nemleg på dette tidspunktet vi oftast kan sjå overgangen frå ei forholdsvis flat namnekurve til ei bratt kurve for renessansenamna. Dei kurvene eg har presentert i denne artikkelen, er basert på femårsperiodar (1860–64, 1865–69 osv.). 

Av dei som engasjerte seg for bruk av norske namn, vil eg særleg nemne Ivar Aasen og P.A. Munch. I denne samanhengen høver det å sitere den talande tittelen på eit skrift som P.A. Munch gav ut i 1849: Nogle Ord til Overvejelse om vore brugelige Personsnavne, og om at holde vore nationale Navne i Agt og Ære. Han er ikkje nådig mot dei som vil stase opp eit norsk namn med utanlandsk pryd: «En endnu værre Forvanskning er det, naar affecterede, smagløse Personer, af Frygt for at den nationale Klang skal være altfor simpel, tro at forskjønne Navne som disse ved at tilføje latinske Endelser, –us og –ius, som f. Ex. naar nogen lader sin Søn døbe Gunnerus eller Gunnerius istedetfor Gunnar.» 

Kongenamn frå sagatida var naturleg nok populære i Noreg under den nordiske namnerenessansen, og i «Ja, vi elsker» (trykt i 1859) nemner Bjørnson desse kongenamna i det andre verset: HaraldHåkonØyvind, Olav og Sverre. Det er i dei to siste linjene i dette verset han skriv om Sverre som talte Roma midt imot, noko som kan ha inspirert nordmenn til gi sonen dette namnet. Namnet var ikkje brukt sidan 1261. 

Gudrun og Sverre – typiske renessansenamn 

Korleis er den typiske kurveprofilen for eit renessansenamn? Eg har vist dette med to døme, Gudrun og Sverre i same diagram. Vi ser at begge namna så å seia ikkje er brukte i fyrste halvdel av 1800-talet, men rundt 1870 byrjar så begge namna å stige bratt, og dei når toppnivået tidleg på 1900- talet (rundt 1910). I åra 1908–10 ligg Gudrun faktisk som nr. 2 på ranglista for jentenamna. I femårsperioden 1905–09 er det til saman 258 jenter (relativt av 10 000) som får namnet Gudrun, dvs. 2,58 % av alle jentene fødde i denne perioden. Etter å ha nådd toppen tidleg på 1900-talet får både Sverre og Gudrun ein forholdsvis bratt nedtur inntil kurva flatar ut omkring 1980. Nokre namn, som Gudrun, er nesten utraderte, mens andre, som Sverre, held seg på eit noko høgare nivå. Ja, Sverre byrjar til og med å stige att på slutten av 1900-talet.

Grafen viser at den nordiske namnerenessansen gjev ein oppsving for dei norrøne namna Gudrun og Sverre.

Iver Aasen vart Ivar Aasen

I dåpsboka er Ivar Aasen (1813–96) innskriven med fornamnet Iver, men i 1846 endra han Iver til Ivar, noko som var meir i samsvar med den norrøne opphavsforma Ívarr. I figuren som viser popularitetsutviklinga for Ivar og Iver, ser vi at Ivar var lite brukt tidleg på 1800-talet, og heller ikkje på 1840-talet, da Aasen gjekk over til Ivar, var denne varianten vanleg. Det var fyrst tidleg på 1860-talet at Ivar begynte å få vind i segla, og i perioden 1885–89 kryssar den stigande kurva for Ivar den nedgåande kurva for Iver. Ivar når så toppen i 1925–29 og fell deretter til eit botnnivå frå 1985 og fram til i dag. Iver derimot frisknar til liv på slutten av 1900-talet og kryssar den flate kurva til Ivar i perioden 1995–99. Kvifor kviknar så Iver til? Om vi ser bakover på kurvene til dei to variantane, oppdagar vi at det var lenge sidan Iver var i vinden, mens Ivar var svært vanleg på 1900-talet. Foreldre vil i dag gjerne velja namn som dei meiner skil seg noko ut, og for dei vil Iver framstå som eit meir særmerkt namn enn det vanlege Ivar, for rundt år 2000 levde det omtrent 11 gongar så mange menn med namnet Ivar som Iver i Noreg. Somme vil kanskje seia at Iver har eit visst dansk preg, men i Danmark er Ivar og Iver brukt omtrent like mykje, og Iver kan sjåast på som ein austlandsk variant utvikla av det norrøne Ívarr. Her har altså ein trykksvak vorte til etter opphavleg lang rotstaving i norrønt. 

Det finst ein del andre døme på at variantar utvikla etter norrøn tid har gått tilbake på 1800-talet, mens den meir opphavlege forma, dvs. renessansenamnet, har hatt stor framgang i siste halvdel av 1800- talet. Som døme på nokre andre namnepar av typen Ivar – Iver vil eg nemne Gudrun – GuroErling – Elling og Øyvind/Eivind – Even. 

Kurvene viser korleis den norrøne opphavsforma Ivar utkonkurrerte dialektforma Iver under den nordiske namnerenessansen.

By og land 

Nye kulturimpulsar har fyrst slått gjennom i byane. Dette gjeld også dei namna som inngår i den nordiske namnerenessansen. Eit godt døme på dette er Erling, eit namn som foreldre kan ha funne i Snorre (Erling Skjalgsson på Sole, svoger til kong Olav Tryggvason). Eg har presentert ein figur som viser geografisk utbreiing for namneparet Erling – Elling på 1800-talet. Det går klart fram at renessansenamnet Erling da var suverent mest brukt i Kristiania og Bergen, og Bergen står her i skarp kontrast til Sogn og Fjordane som viser det motsette mønsteret: Elling klart meir brukt enn Erling. Sogn og Fjordane er jo eit fylke med lite urbant preg. Det er eit allment mønster at renessansenamna står klart sterkast i byane, mens variantane utvikla etter norrøn tid, t.d. Elling, held seg godt ute på landet på 1800-talet. 

Den geografiske utbreiinga av Erling og Elling på 1800-talet viser at renessansenamnet Erling er mest populært i byane, medan den nyare varianten Elling framleis held stand i mange mindre urbane strøk.

Den sosiale dimensjonen 

At renessansenamn fyrst slo gjennom i byane, har nær samanheng med den sosiale dimensjonen – at overklassa var betre representert i byane enn på landsbygda. Eit allment trekk er at nye namneskikkar fyrst får innpass i høgare sosiale lag i byane, og dette gjeld også renessansenamna. Dette kjem klart fram på 1800-talet da klasseforskjellane i Noreg var mykje større enn i dag. 

I ein artikkel frå 2009 om namn i Ibsens Hærmendene paa Helgeland har eg vist at namna Dagny og Hjørdis vart populære i Trondheim like etter at dette skodespelet vart oppført i denne byen (1859). Og kven var det som gjekk i teateret midt på 1800-talet? Jo, det var overklassa. Utover på 1860-talet kan eg så påvise at desse to kvinnenamna stort sett berre er brukte i overklassa. Men i 1880-åra skjer det så ei endring i byane. Nå har desse namna også fått innpass i lågare sosiale lag, og etter kvart sluttar overklassa å gi namna Hjørdis og Dagny til barna sine – kanskje fordi dei har registrert at desse namna nå har vorti allemannseige. Og frå 1880-åra er det ikkje nødvendigvis nasjonalromantiske motiv som har fått foreldre til å gi barna slike namn. Eit døme på dette kan vera at ein fyrbøtar og kona hans gav dottera namnet Dagny i 1898, men desse foreldra var neppe inspirerte av sagasus frå Ibsens dikting, men ville snarare etterlikne den tidlegare namnesmaken i høgare sosiale lag. 

Når det gjeld Dagny og den sosiale dimensjonen, kan eg forresten hugse frå barndommen at ei eldre overklassedame i bygda insisterte på at namnet hennar Dagny skulle uttalast med lang a-lyd og tydeleg g, ikkje med kort og ng-lyd, noko som ho såg på som vulgær uttale. 

I ei masteroppgåve frå 2010 (UiT – Noregs arktiske universitet) har Lars Erik Dahlberg studert sju vanlege renessansenamn i eit geografisk og sosiologisk perspektiv (Borghild, Dagny, Gudrun – Hjalmar, Ragnvald, Sverre, Trygve). Han viser at seks av desse sju renessansenamna er klart mest brukte i overklassa i den fyrste perioden (fram til 1865). I den siste perioden (1891–1900) er desse namna derimot mest vanlege i lågare sosiale lag. Eit interessant poeng er at Hjalmar er det einaste namnet som i alle periodane er mest brukt i den lågaste sosiale gruppa. Dette sett han i samanheng med at Hjalmar fyrst og fremst var kjent frå skillingsvisa om Hjalmar og Hulda, og skillingsviser var mest populære i lågare sosiale lag. 

Popmusikaren Sigrid Solbakk Raabe, betre kjend som berre «Sigrid», har teke namnet ut i verda. Foto: Richard Isaac/REX

Kjem renessansenamna tilbake?

Desse namna var blant dei mest vanlege renessansenamna på slutten av 1800-talet: Gudrun, Borghild, Hjørdis, Dagny, Inga, Alfhild, Hildur, Bergljot, Dagmar, Alvilde, Åsta/Aasta/Asta, El(l)ida, Nanna, Gyda – Olav/Olaf, Gunnar, Harald, Einar, Ivar, Helge, Sverre, Erling, Egil, Bjarne, Reidar, Alf, Håkon/Haakon, Asbjørn, Sigurd, Ragnar, Birger, Ingvald, Aksel/Axel, Ottar, Ragnvald, Ingolf, Kolbjørn, Hjalmar, Sigvald, Fridtjof, Halfdan. Som vi ser, er det fleire mannsnamn enn kvinnenamn, og dette kan nok forklarast med at det fyrst og fremst er eit mannssamfunn som er skildra i dei kjeldene som ligg til grunn for renessansenamna, t.d. Snorres kongesoger. 

Renessansenamna kan reknast som ei viktig gruppe blant dei nordiske namna, men mens renessansenamna kulminerer tidleg på 1900-talet, gjeld dette ikkje dei nordiske namna heilt allment. Såleis er det fyrst i 1960-åra at det byrjar å gå nedover med dei nordiske mannsnamna, og når dette ikkje har skjedd tidlegare, kjem dette av at det utover på 1900-talet kom ein ny generasjon av nordiske namn, og dei nådde toppen seinare på 1900-talet enn renessansenamna. Dette gjeld bl.a. einstava namn som Bjørn, Kjell, Tor, Odd, Svein, Stein, Stig og Geir

Kan vi så vente at renessansenamna kjem tilbake? Om vi studerer dei 50 mest vanlege kvinne- og mannsnamna som Statistisk sentralbyrå presenterte for 2018, finn vi svært få renessansenamn: Aksel/Axel (nr. 8), Håkon/Haakon (nr. 22), Olav (nr. 26) – Ingrid (nr. 15), Sigrid (nr. 33), Astrid (nr. 35). Når dagens foreldre har gitt barna slike namn, kan det ikkje forklarast som påverknad av norsk nasjonalromantikk frå 1800-talet. Det må vera andre grunnar. Framleis har kongelege namn appell til norske foreldre, og namn som Haakon/Håkon, Olav og Astrid kan til dels ha vore inspirerte av kongehuset. Dette kan bl.a. avlesast i oppsvinget for Haakon/Håkon på 1980-talet (jf. kronprins Haakon Magnus). 

Elles har vi sidan 1990-åra kunna registrere at foreldre kallar opp barna etter oldeforeldra eller tippoldeforeldra. Renessansenamnet Sigrid er eit godt døme på dette. Sigrid var på topp rundt år 1900, gjekk så tilbake fram til namnet byrja å stige att i 1990-åra. Og etter 2015 har Sigrid hatt ei bratt kurve oppover. Tilsvarande viser diagrammet for Sverre at også dette namnet nå er på veg opp. Når vil så morgondagens foreldre ta i bruk andre av dei renessansenamna som var populære rundt 1900? Kan Gudrun og Borghild få ein ny vår? 

Gulbrand Alhaug er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.