norsk tidend

Når språket treng livredning

Dialektane i dalstroka på Austlandet held på å bli utraderte av bokmålet. Lenge gjorde ingen noko med saka, men no arbeider somme hardt for å snu trenden. Lèt talemåla seg redde?

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Det er kring 40 år sidan ein for alvor byrja å leggje merke til språkendringane. Det gjaldt særleg eit belte midt i landet, frå Valdres i Oppland gjennom Hallingdal og Numedal i Buskerud til kommunane i Aust- og Midt-Telemark. Stader der nynorske talemål ein gong var like sjølvsagt som hestehov om våren. Men frå tidleg på 1980-talet eller der omkring skjedde det noko med språket. Ungane slutta å snakke den lokale dialekten. Fyrst jentene, men etterkvart kom òg gutane etter. Og det var meir enn «utvatning» av talemålet. Mange av dei unge høyrdest nesten ut som om dei kom frå hovudstadsområdet. 

– Vi har kort tid å gjere det på 

Etterkvart som åra har gått, har trenden blitt tydelegare og tydelegare. Sjølv om ein framleis finn ungdom som nyttar den nedervde dialekten i dalstroka midt i landet vårt, er det iallfall i somme område langt unna normalen. I dag kan ein valdris eller ein bøhering like godt vere frå Jessheim eller Drammen, etter målet å døme. Dei som framleis snakkar dei lokale dialektane, blir eldre og eldre. 

I mange år gjekk utviklinga sin gang. Språkforskarane observerte og sette ord på dialektavviklinga, men det var dårleg med forsøk på å gjere noko med henne. No er det annleis, og fleire har byrja å tenkje at det må gå an å finne på noko. Setje inn støyten for å unngå at dei såkalla midlandsmåla blir utraderte for godt. Ei av dei er Tori Snerte i Hemsedal. Ho kjem opphavleg frå Bø i Vesterålen, men arbeider no som musikar, lærar og bonde i hallingdalskommunen. Ho seier ho vart overraska over kor langt dialektutviklinga hadde kome då ho tok til som lærar for vel 15 år sidan. 

– Eg kunne møte bønder frå Hemsedal på rundt 30, med båe foreldra frå bygda og alle føresetnader for å snakke halling, som snakka bokmål. Det var sjokkerande. 

I dei siste åra har Snerte jobba aktivt for å gjere noko med saka. I lag med dei lokale mållaga har ho jobba med tiltak som kan bremse utviklinga. Eit av tiltaka er ein årleg dialektleir på setra hennar, der 10–20 barn og ungdom samlast for å lære å prate halling – ein barneleir og ein ungdomsleir, på 4 dagar kvar. Leirane har skapt merksemd, også nasjonalt. 

– På leiren er det klare retningslinjer. Alle elevane må avleggje ein eid om at dei lovar å prate halling medan dei er der. Men samtidig blir ungdomane aldri retta på, så det viktigaste er at dei prøver. Me må hugse på at desse ungdomane ikkje får halling «på boks», som ein av elevane mine sa ein gong. 

Tori Snerte har lagt ned mange arbeidstimar for å redde hallingmålet. –Vi har kort tid å gjere det på, for vi har mist mange år, meiner ho. Foto: Svein Rosseland

Tori Snerte fortel at leirane blir godt tekne imot. Samstundes presiserer ho at mållaget ikkje når alle ungdomar med dialektleirane. 

– Det er ikkje gjennomsnittet av hallingungdom som kjem på leir. Deltakarane våre har som regel anten foreldre som er veldig engasjerte, eller vener som er tidlegare leirdeltakarar. Og dei må ikkje minst vere villige til å bu på ei seter i ei vekes tid med utedo og alt det inneber. Så for å nå alle treng me andre tiltak i tillegg. 

Og dei finst. Som lærar på ungdomsskulen i Hemsedal har Tori Snerte sett opp Ibsen-stykke på halling med alle tiandeklassingane i fleire år. det museale. Alle skal kunne identifisere seg med dialekten, uansett interesser. Du treng ikkje lukte fjøs for å prate halling. 

– Det fyrste året var det berre Nora i ‘Dokkeheimen’ som fekk replikkar på halling. Men vi syntest det gjekk så bra at vi bestemte oss for at alle rollene i dei ulike Ibsen-stykka skulle spelast på dialekt. Og eg har sett ei tydeleg utvikling i haldninga til elevane i dei åra vi har halde på. I byrjinga var elevane motvillige fordi dei meinte dei ikkje fekk til å prate halling. No er det berre slik det er – heilt naturleg, og dei synest det er gøy og eksotisk å få gjere det. 

Tori Snerte meiner i det heile det er gode tider for dei som vil innlandsdialektane vel. 

– Det er tida for å smi no, eg merkar at dialekt har blitt meir trendy både lokalt og nasjonalt. Og det er all grunn til å peike på at dialektane kan spele ei svært viktig rolle i å byggje ein sterk region her i Hallingdal. 

Det er viktig å understreke alvoret i dagens situasjon, seier Snerte. 

– Vi har kort tid å gjere det på, for vi har mist mange år. Dersom vi jobbar systematisk med saka i barnehage og skule og har tolmod med ungane, trur eg det er mogeleg å berge dialektane. Det er viktig at ein ikkje brukar peikefingeren, men at det å bruke dialekten blir lystbetont. At vi leikar oss fram i møte med dialekten. 

Tori Snerte meiner det er lett å få dei minste til å skjøne føremålet med å bruke dialekten. 

– Ungar er generelt veldig opptekne av det å høyre til. Men for at vi skal få dei med oss, er det samtidig viktig at vi kjem oss bort frå det museale. Alle skal kunne identifisere seg med dialekten, uansett interesser. Du treng ikkje lukte fjøs for å prate halling. 

– Stemninga er pessimistisk 

Litt lenger sør har dei dei same bekymringane som i Hallingdal. Sigrun Blaavarp (31) frå Nore er leiar i Numedal Mållag. I barndomen var ho ei av svært få som brukte det lokale numedalsmålet. 

– På skulen var det berre eit fåtal som snakka dialekt, men det vart lagt sterke føringar heimanfrå for at eg og dei to søskena mine skulle gjere det. Faktisk så sterke at det kunne gå utover laurdagsgodteriet om me gløymde oss. 

Men dialektbruk var for dei medvitne, då som no, fortel ho. 

– Sjølv om det no er endå færre ungar som snakkar dialekt, vil eg gjerne at min eigen son på tre år skal gjere det. Det prøver eg å leggje forholda til rette for, til dømes gjennom eit samarbeid med barnehagen om at dei skal bruke dialektformer av ord når dei pratar med han. Det har eg møtt stor velvilje for. 

Leiar Sigrun Blaavarp i Numedal Mållag er ein av få unge som pratar numedalsmål. Her deler ho ut dialektpris til ein annan: Deltakar i «Farmen» i 2018 Kjetil Nørstebø. Foto: Numedalsnett

Men trass individuelle lyspunkt er det all grunn til å vere pessimist også på vegner av numedalsdialekten. Difor har dokumentering og revitalisering av dialekten vore det viktigaste prosjektet for Numedal Mållag dei siste åra. Dei har mellom anna bygt opp ein nettstad med dialektord frå dalen, og laget satsar særleg på arbeid mot barn og unge. Nettsida skal få enkle undervisningsopplegg som kan brukast i skulen, og frivillige dreg på besøk til barnehagane med forteljingar på dialekt. Blaavarp fortel om positive tilbakemeldingar frå folk, men meiner det er ein vanskeleg jobb å få ungar flest til å snakke dialekt. 

– Folk er positive til prosjektet, men eg merkar at stemninga er pessimistisk for at me skal greie å ta vare på dialekten. Men som lærar prøver eg å minne elevane mine om at det ute i verda er eit aldeles framifrå sjekketriks å bruke dialekt. Og eg veit faktisk nokre som har teke til å gjere det etter at dei har fare frå dalen. Det er veldig stas. 

Tidlegare generasjonar voks opp i ei tid då det følgde stigmatisering med det å kome frå landet. Den gongen då bygdeungdom måtte kome saman i dei store byane for å unngå sosial utanforskap og endåtil finne seg ein stad å bu. Då kunne det vere freistande både for den eine og den andre å leggje om språket for å få dei same sjansane som byungdomane hadde. 

– Har gjort karriere på dialekten 

I våre dagar synest nett dét problemet i stor grad å vere borte. Det er ikkje nødvendigvis noka sosial ulempe å snakke «dialekt» lenger, tvert imot kan det gje meir positiv enn negativ merksemd. 

Ein av dei som får merke det, er musikaren Daniel Kvammen (31) frå Geilo. Han er den yngste blant fleire som har profilert seg nasjonalt gjennom å syngje på halling. Hellbillies, Stein Torleif Bjella og Tove Bøygard er døme på andre musikarar som gjort hallingmålet til ein viktig signatur. 

– Eg brukar å tulle med at eg har gjort karriere på dialekten min. Så det er heilt openbert at språket er ein viktig del av identiteten i musikken eg lagar. 

Kvammen fortel at valet om å bruke hallingdialekten var opplagt når han fyrst skulle syngje på norsk. 

– Det at det allereie fanst ein musikktradisjon på halling gjorde det mykje enklare. Eg er megafan av Hellbillies og Stein Torleif Bjella, og dei hadde gått opp vegen for meg. 

Medan både Hellbillies og Stein Torleif Bjella har sentrum-periferi som eit tilbakevendande tema i musikken sin, gjer ikkje popmusikaren Daniel Kvammen noko poeng i å kome frå verken Hallingdal eller bygda. 

– For meg har det vore viktig å vise at bygda kan vere meir enn dei stereotypiane folk har. Ikkje det at forteljingar om småbruk og den slags ikkje er reelle, men eg kjende ikkje igjen berre den delen av bygdekulturen frå min eigen oppvekst. Bygda var meir nyansert. Behovet for å understreke dette var nok særleg viktig for meg i starten av karrieren, for då opplevde eg å bli teken imot som «bygdeguten» i musikkmiljøet her i Oslo. Eg ville nok verke som ein ung, verdsvand fyr, sjølv om eg kom frå eit lite dalføre. Og det er ikkje så ofte det blir spela musikk med innlandsdialektar på P3, og det er eg litt stolt av. 

Kvammen er samd med Tori Snerte i at nykelen til at dialektane skal overleve, handlar om assosiasjonar. 

– Om ein vil at dialekten skal bevarast, må ein putte han i ein moderne samanheng og ikkje knyte dialekten opp mot det som var. Det er gjennom å bli ein naturleg del av kvardagen at det å snakke dialekt kan bli attraktivt for unge. 

Popmusikar Daniel Kvammen er stolt av å kome frå Geilo og syngje på halling, men spelar ikkje på ein sentrum-periferi-tematikk i musikken sin. Foto: Johannes Andersen

– Bokmål som nøytral grunn 

Sjølv om språkskiftet i dei fleste dalstroka på Austlandet går svært fort, finst det stader der dialekten held seg langt betre enn andre. Då Nina Berge Rudi frå Ål i Hallingdal vart kjærast med ein gudbrandsdøl for kring 25 år sidan, fekk ho raskt eit inntrykk av at dei unge i Gudbrandsdalen heldt betre på dialekten enn dei gjorde i Hallingdal. Det bestemte ho seg for å undersøkje i ei hovudfagsoppgåve, og oppfatninga viste seg å vere riktig. Det er no 20 år sidan undersøkinga til Rudi, men funna vart nyleg stadfest av Avisa Valdres. Dei har spurt lærarar ved fleire vidaregåande skular i dalstroka på Austlandet om korleis det står til med dialektbruken blant elevane. Medan Lom, Otta og Vinstra rapporterer om høvesvis 98, 98 og 90 prosent målbruk, er tala for Ål og Gol høvesvis 10–15 og 5 prosent. 

I hovudfagsoppgåva si gjennomførte Nina Berge Rudi spørjeundersøkingar blant ungdommar både i Hallingdal og i Gudbrandsdalen for å finne årsakene til skilnaden. 

– Ei av forklaringane kan vere innbyggjartalet og dermed storleiken på språksamfunnet. Medan Gudbrandsdalen har over 40 000 innbyggjarar, og då er Lillehammer ikkje inkludert, har Hallingdal berre kring 20 000. Det er gjort andre undersøkingar som viser at små språksamfunn er meir påverkelege enn for språklege endringar enn større. 

Rudi oppdaga gjennomgåande ei noko sterkare lokal tilhøyrsle blant gudbrandsdalsungdomane enn i Hallingdal. Der godtok dei i større grad å vere ein del av ein austlandsregion.

– På spørsmål om dei rekna seg som austlendingar, svara hallingdølane i større grad ja enn dei gjorde i Gudbrandsdalen. Dei var gudbrandsdølar, stolte av det og fleire hadde eit ønske om å vise lokal identitet enn ungdomane i Hallingdal. Men skilnaden er ikkje veldig markant, så sjølv om eg meiner vi kan sjå ein samanheng mel lom at ungdommar som er positive til heimplassen i større grad pratar dialekt, veit eg ikkje kor sterk korrelasjonen er. 

Sosiale ulemper ved å bruke dialekt ser ikkje ut til å vere ein motivasjon for dialektskiftet i Hallingdal, seier Nina Berge Rudi. 

– Verken vanskar med å bli forståtte eller sosial stigmatisering kan forklare språkskiftet hjå informantane mine. 

Nina Berge Rudi peikar på at den språklege påverknaden i Hallingdal slett ikkje berre kjem frå det sentrale Austlandet, men frå alle landsdelar. Ein interessant spørsmål er difor kvifor dialektskiftet går til bokmål, når påverknaden er mangfaldig. Rudi peikar på anna forsking som kan tyde på at bokmålet blir rekna som det minst markerte. 

– Språkforskaren Brit Mæhlum har undersøkt det same fenomenet blant barn og ungdom som gjekk på skule i Longyearbyen på Svalbard. Der rapporterte informantane at bokmålet vart sett på som «nøytral grunn». Det trur eg kan forklare det strategiske valet bak språkskiftet i dalstroka òg.