Haustmotivasjonsseminar

Noregs Mållag inviterer til haustmotivasjonsseminar fredag 21. oktober til laurdag 22. oktober i Oslo. Det blir aktuell målpolitikk, kultur og motiverande godt lag. Alle er velkomne!
Program
Fredag 21. oktober
18.00 Velkomen til seminar!
18.10 Lokalvalkampen 2023: Kva er våre viktigaste nynorske kampsaker? ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
18.45 Korleis skal vi arbeida saman for å få målsaka inn i lokalvalkampen? ved Frida Pernille Mikkelsen. Spørsmål og ordskifte.
19.45 Slutt for dagen
20.00 Felles middag og kveldssete i same lokale.
Laurdag 22. oktober
09.30 Ny Språklov: Kva rettar og plikter har kommunar og fylkeskommunar? ved Aksel Torsnes Mehlum. Spørsmål og ordskifte.
10.30 Kva veit vi om språkskifte i skulen no? Oppdatert kunnskap frå fersk rapport. ved Liv Astrid Skåre Langnes Spørsmål og ordskifte.
12.00 Lunsj
13.00 Morsmålet si stilling i akademia. ved Jorunn Simonsen Thingnes. Spørsmål og ordskifte.
14.00 Målstrategen Berge Furre: Kva kan han lære oss i dag? ved Arnhild Skre
15.00 Slutt
Seminarleiarar for helga: Synnøve Marie Sætre og Inger Johanne Sæterbakk
Bonusspor laurdag 22. oktober
15.30 Bonusspor: Skriv (nynorske) debattinnlegg! Korleis skrive eit godt innlegg? ved Vemund N Knudsen og Frida Pernille Mikkelsen
17.00 Slutt
Stad: Skrivarstova til Noregs Mållag, 4. etg.
Desse skal snakke:
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Frida Pernille Mikkelsen, politikk og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag og tidlegare leiar i Norsk Målungdom.
Aksel Torsnes Mehlum, seniorrådgjevar på seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning i Språkrådet
Liv Astrid Skåre Langnes, høgskulelektor ved Nynorsksenteret i Volda
Jorunn Simonsen Thingnes, fyrsteamanuensis ved institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er også leiar i Sogn og Fjordane Mållag.
Arnhild Skre, tidlegare journalist og har gjeve ut fleire bøker. Ho er forfattar av Berge Furre-biografien som kjem ut på Samlaget i desse dagar. Berge Furre (1937–2016) var utdanna teolog og historikar, og var sosialist og målmann. Han var med på oppbygginga av SV, og var heilt sentral i fornyinga av dei målpolitiske analysane og vitaliseringa av Mållaget på slutten av 1960-talet og utover 1970-talet. Berge Furre vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Mållag i 2006.
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag
Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag
Landsrådsmøte
Landsrådet med ein frå kvart fylkesmållag, styret i Noregs Mållag, ein på vegner av yrkesmållaga og tre frå Norsk Målungdom samlar seg til det årlege landsrådsmøtet etter at seminaret er avslutta.