norsk tidend

«Navnet minner om Vestland, prim og lefse» – historier frå den tidlege målkampen

«Når jeg hører denne mannen annonsere andakten, ønsker jeg at han må bli lam i tungen». Mange ofra mykje for målsaka då nynorsk skulle få fotfeste som bruksspråk.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Det dansknære hadde på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet eit sterkt grep om dei fleste norske samfunnsområde. For målrørsla handla målarbeidet på denne tida difor fyrst og fremst om å få innført landsmålet på nye arenaer. Døme på slike område er skulen, kyrkja, Stortinget, universiteta og rikskringkastinga. 

På alle desse områda gjekk ivrige og modige sjeler i bresjen for målsaka, og somme av dei sette tilmed karrieren på spel. 

– Eit mål for ‘slarvevisor’

I 1850 gav Ivar Aasen ut Ordbog over det norske Folkesprog, og det markerte på mange måtar startskotet for nynorsk som bruksspråk. I åra etter gjorde både Aasen og fleire med han ein viktig innsats for å vise fram nynorsk som eit dugande språk, særleg innanfor litteratur og journalistikk. Mellom dei var Aasmund Olavsson Vinje, som stod bak den fyrste nynorskspråklege avisa Dølen frå 1858. 

For å nå ut til dei store massane var det på 1800-talet heilt naudsynt å sikre landsmålet innpass i kyrkja. Det kom tidleg omsetjingar av enkeltdelar av bibelen til landsmål, men den fyrste omsetjinga av heile Bibelen låg fyrst føre i 1921. Mindre tidkrevjande, og kanskje minst like effektivt, var det å skrive salmar på nynorsk. Ein som verkeleg skjøna det, var teologen og politikaren Elias Blix. Gjennom rolla som salmediktar leverte Blix eit eineståande bidrag i å la folket få møte landsmål: Blix var den fyrste som skreiv salmar på landsmål, og han skreiv veldig mange av dei. Den fyrste salmesamlinga hans kom i 1869, men frå då av skulle det ta smått utrulege 23 år før det skulle bli lov å syngje salmane hans i kyrkja. Fram til den tid var det ikkje lov å syngje andre salmar enn dei danskspråklege som fanst i den godkjende salmesamlinga til bruk i kyrkjene. Då kyrkjelyden i Høydalsmo i Vest-Telemark likevel drista seg til å syngje «No koma Guds englar» under gudstenesta 2. juledag 1884, gjorde dei difor noko ulovleg. Situasjonen var svært merkeleg, for som Ottar Grepstad skriv i Viljen til språk: «I 1884 heiter kyrkjeministeren i Noreg Elias Blix, men i 1884 har ingen lov til å syngje salmar av kyrkjeministeren i norske kyrkjer». Prosten søkte etterpå departementet om lov til å syngje Blix-salmar i kyrkja, men det skulle ta heile åtte år før klarsignalet kom. Blix avslørte på 65-årsdagen sin i 1901 at det hadde vore dei som «i god tru meinte, det var aa skjemma elder vanhelga Guds ord dette aa setja det på eit maal, som berre vart brukt til ‘slarvevisor’.» 

Gjennom salmane fekk nordmenn frå alle samfunnslag etterkvart kjennskap til nynorsk som bruksspråk. Det skal Elias Blix (1836–1902) ha svært mykje av æra for. Foto: Frederik Klem (Christiania)

Sjølv om Blix og Vinje òg kunne møte motstand i kampen for landsmålet, var det nok jamt verre om ein ikkje hadde eit namn og ein posisjon å stø seg på. Ei av dei fyrste historiene om nynorsk nybrottsarbeid frå ein «meinig mann» er frå Gausdal i 1875. Ti år før jamstillingsvedtaket i Stortinget sende bonde Per Bø inn eit brev til Hamar stiftsdireksjon og til prosten på landsmål. Prosten i Øyer var ikkje sikker på om han skjøna innhaldet «fordi man finder paa at bruke et Sprog, som aldrig har levet paa Folkets Læber, og ei er anerkjendt som Sprog». Justisdepartementet slutta seg til vurderinga av at landsmålet ikkje kunne brukast i offentlege brev. Då likningskommisjonen i Hylestad i Setesdal tok til å føre bok på nynorsk tre år seinare, ville ikkje amtmannen ha noko av «saadanne Sprogøvelser» i «offentlige Protokoller». 

Slike hendingar gjorde at landsmålstilhengjarane skjøna at dei måtte ha politikarane med på laget. Særleg episoden i Setesdal var med på å framprovosere det såkalla jamstillingsvedtaket i Stortinget i 1885, som gav eit politisk signal om jamstilling. Med Stortinget i ryggen vart det langt enklare for målfolket å kjempe for innpass på fleire område. Men kampen var langt frå vunnen, og motstanden som kom etter jamstillingsvedtaket, skulle vise seg å bli minst like hard som før. 

Nynorsk i byen

Då jamstillingsvedtaket kom i 1885, var landsmålet framleis i startgropa, og det var til dømes framleis ingen born som hadde hatt landsmål som opplæringsspråk. Fyrst i 1890 vart Bygland i Setesdal den fyrste skulekrinsen der det vart undervist på landsmål i folkeskulen, og det skjedde før det hadde blitt lovfest at skulestyra kunne velje opplæringsmålet. Fyrst to år seinare, i 1892, kom lovfestinga. No skulle ein kanskje tru at nynorsk hadde vunne innpass i skulen for godt, men fleire kampar skulle kjempast. Ein ting var å vinne innpass i folkeskulane ute på bygdene. Noko anna var det å ta med landsmålet til dei høgare skulane i byen, der riksmålet i langt større grad rådde grunnen. 

I 1901 vart det brudulje då Anders Lothe frå Gloppen som fyrstemann valde å skrive nynorsk på stilen til mellomskuleeksamen. Det skjedde ved Tanks handels- og realskole i Bergen. Lothe hadde grunn til å kjenne seg trygg, for kyrkjestatsråden hadde gjeve tydelege, offentlege signal om at det var i orden. Det ville ikkje skulen godta, og fyrst etter at Vestmannalaget tok saka opp med departementet, fekk Lothe sensur. Vilkåret var at han skreiv ein tilleggsstil på riksmål. 

Innføringa av obligatorisk sidemålsstil til artium skjedde i 1907 – og det er kanskje den aller viktigaste milepålen for å sikre reell jamstilling for nynorsken. Det mangla ikkje på motførestil lingar den gongen, og motargumenta var omtrent dei same som hjå sidemålsmotstandarane i vår tid: at det var dyrt og tok mykje tid frå andre ting. Hjernen bak framlegget om at alle gymnasiastar skulle lære landsmål, var den fyrste leiaren i Noregs Mållag – Marius Hægstad. 

«Et dagligdags språk om dagligdagse ting»

Når ein skal vinne fram med synet sitt, hjelper det godt å ha folk i viktige posisjonar med på laget. For målrørsla har ein av dei aller viktigaste maktpersonane vore Hægstad. Hægstad var professor i landsmål ved Det Kongelige Frederiks Universitet (seinare Universitetet i Oslo) og samstundes stortingsmann for Venstre. Posisjonane gav han høve til å arbeide for å gje nynorsk innpass på fleire samfunnsområde, og det nytta han til fulle. 

Som stortingsmann var Hægstad den som gjorde nynorsk til lovspråk, i 1894. Då vart den fyrste lova på landsmål vedteken. Lova var svært kort og heitte «Log um sams normaltid fyr kon- geriket Norig». Hægstad var stortingsrepresentant og den som hadde ansvaret for å førebu lova for Stortinget, og med det nytta han høvet til å leggje fram lova på nynorsk. Ordskiftet i både Lagtinget og Odelstinget var langt, og protestane var fleire. Mellom anna vart det sagt at landsmål er «et dagligdags Sprog, som kun omhandler dagligdagse ting.» Til slutt gjekk lova gjennom på nynorsk med 44 mot 38 røyster i Odelstinget og 18 mot 10 i Lagtinget. 

På det sivile planet var Marius Hægstad professor i landsmål og den fyrste som tok til å under vise på landsmål på «det Kongelige Frederiks», frå 1899. Universitetet var det einaste i Noreg på slutten av 1800-talet. Det vart etablert på slutten av dansketida og var godt forankra i framand språklege tradisjonar, slik universitet flest var på den tida. Difor seier det seg sjølv at innpass som bruksspråk her ville vere ein viktig praktisk og symbolsk siger for målfolket. 

Marius Hægstad (1850–1927) var hjernen bak mange viktige sigrar for målrørsla den fyrste tida, mellom anna innføringa av den obligatoriske sidemålsstilen til examen artium. Foto: Ukjend/NTB Scanpix

Ein organisasjon som har hatt svært mykje å seie for at nynorsk fekk innpass på universitetet, er Studentmållaget i Oslo, som vart skipa i 1900. Ein av medlemmene deira, Albert Andersen (seinare Joleik), var student av Hægstad og leverte våren 1901 eksamenssvaret sitt på nynorsk til eksamen i gammalnorsk. Ingen hadde skrive eksamen på landsmål på universitetet før. Det stod ingen stad at det var forbode, men fleirtalet i eksamenskommisjonen meinte at han ikkje burde stå. Hægstad sat sjølv i kommisjonen og var den einaste som gjekk inn for ståkarakter. Dei enda med å late det passere, men det skulle ta nokre år før det kom ein allmenn rett til å levere eksamensoppgåver på eige mål.

Den fyrste som leverte juridisk embedseksamen på landsmål, var Ketil Skogen – i 1909. Han hadde fått sterke åtvaringar mot å gjere det, for det var ikkje lov. Han stod, men karakteren vart ikkje spesielt god, så Skogen kan seiast å ha risikert eigen karriere for målsaka. Ein av sensorane skal ha skrive at eksamenen hadde vore god, hadde han vore skriven «på menneskemål». 

Teaterbråk

Mellom dei aller mest omtala hendingane i nynorskhistoria er slåstkampane under opningsdagane for Det Norske Teatret i Oslo hausten 1913. Hulda Garborg hadde stått i spissen for å få etablert eit nynorskteater midt i hovudstaden. Ho irriterte seg mellom anna over korleis bøndene vart framstilte på dei etablerte teatra, og at teatermiljøet ikkje kjende til «andre Bønde enn de traditionelle fra Københavnscenene – de som har Griseøine, Kalveben, Træsko og Stubbstakk» (i brev frå 1911 om teatersjef Thora Hansson ved Trondhjems Nationale Scene). Det Norske Teatret opna i salen til Bondeungdomslaget i Rosenkrantz’ gate midt i sentrum 6. oktober. Sjølv om teateret hadde mange støttespelarar, mangla det ikkje på dei som syntest det heile var ein frykteleg dårleg idé. Det provoserte at plakatane slo fast at det fyrste stykket som vart sett opp, Jeppe på Bjerget, var omsett til «norsk», ikkje «landsmål». Som om ikkje det var nok, hadde kong Haakon vore nøgd til stades på opningsframsyninga. 

Den 13. oktober, ei veke etter opninga, hadde mange gymnasiastar i byen mobilisert i salen. Dei sette i gang valdsame pipekonsertar under ‘Jeppe paa Bjerget’. Pipekonsertar var lovlege og ganske vanlege den gongen, men denne var meir omfattande enn normalt. Bondeungdom hadde fått nyss i planane om aksjonen, og under framsyninga gjekk dei fysisk til åtak på gymnasiastane. Dette fekk avisa Ekstrabladet til å omtale framsyninga som ein «teatertabort, et ufuldbaaret foster av den stupide bonde’kultur’, som velter sig ind paa folk med alt sit habengut – sin stenalderdannelse og sine tomme, rosemalte hjernekister.» Denne kvelden skulle berre bli innleiinga på nokre til dels blodige dagar. Slagsmåla heldt fram under førestil lingane dei neste dagane, og ikkje minst i gatene etterpå. Tusenvis av folk tok til gatene og ville vere med på slåstkampane etter framsyningane om kveldane, men fleire aviser rapporterte om fleire tusen i gatene. Det er uvisst om alle dei kampglade visste kva dei slåst om, og den same avisa skreiv: «Det er ‘ramp’, bare skjære ‘ramp’, som ikke har en tanke for landsmaal eller riksmaal, men som bare demonstrerer – mot politiet». Kampane vara ei vekes tid før det heile dabba av.

Etter slagsmålet vart det diskusjon i avisene om korleis dei kunne oppstå. På denne tida hadde riksmålstilhengjarane meir enn opninga av eit nynorskteater midt i hovudstaden å ergre seg over. Det var ikkje mange år sidan sidemålsstilen til examen artium hadde blitt obligatorisk. Aftenposten meinte det var forståeleg at ungdom demonstrerte mot «maaltyranniet» den obligatoriske sidemålsstilen representerte, og at «tid  og kræfter spildes paa maalpug, som ikke har evne til at dygtiggjøre de unge for livet.» Hulda Garborgs kommentar til at sidemålsstilen skal ha vore opphavet til uroa, var at ungdomen ikkje  fekk meir lekser «um me spelar landsmaalsstykke i det vesle teateret vaart 6 kveldar i vika eit paar maanader kvar vinter.» 

«Måtte han bli lam i tungen»

Teateret skulle etterkvart supplerast med nye arenaer som måtte erobrast. Då radiosendingane tok til i Noreg i 1925, skjøna målrørsla raskt at dei nye media kom til å bli viktige for nynorsken. Og heller ikkje her skulle nynorsken vinne innpass utan motstand. 

På skipingsmøtet for det privateigde Kringkastingsselskapet midt på 1920-talet vart namnet «kringkasting» for engelsk «broadcasting» teke opp til debatt. Det vart kritisert av fleire av delegatane for å vere for «nynorsk», og éin uttala at det minte om «Vestland, prim og lefse». Namnet vart likevel ståande. Då NRK vart skipa og kringkastaren statleg i 1933, tok målstriden for alvor til. Det heile starta med at den framståande målmannen Olav Midttun vart utnemnd til riksprogramsjef. Det opplevde somme riksmålsfolk som så provoserande at dei samla inn underskrifter mot tilsetjinga, Det kom òg protestar mot at nynorsk skulle få «en bredere plass i Kringkastingens programmer enn den nu har». 

For ikkje uventa kom det til å skje. Då Karl C. Lyche frå Valdres vart den fyrste hallomannen som snakka nynorsk i radioen i 1934, kom det store protestar frå riksmålstilhengjarar. Ein lyttar skreiv: «Når jeg hører denne mannen annonsere andakten, ønsker jeg at han må bli lam i tungen». Uroa stilna etter ei stund, og i åra etter tilsette NRK fleire nynorskbrukarar som skulle bli framståande kulturpersonlegdomar, mellom andre Hartvig Kiran. 

Karl C. Lyche (1903–1971) frå Vestre Slidre i Valdres vart den fyrste hallomannen og nyheitsopplesaren som bruka nynorsk i NRK. Foto: Kraftmuseet

Sjølv om nynorsk hadde vunne fram på mange arenaer eit stykke utpå 1900-talet, vart det framleis ikkje akseptert som eit fullverdig bruksspråk. Framleis skulle nynorskbrukarane få oppleve at dører stengdest fordi dei brukte nynorsk. Ein skulestyrar i Kabelvåg fekk ikkje spalteplass i Lofotposten i 1924 fordi han skreiv på nynorsk. Etter at striden til slutt hamna hjå Justisdepartementet, fekk han medhald. Nokre år etter, i 1927, vart ein elev nekta å levere eksamen på nynorsk ved Statens skogskole på Kongsberg. Bokmål kunne han dårleg, og difor strauk han til eksamen. Etter at Noregs Mållag fekk fremja saka i Stortinget, fekk han gå opp på nytt. 

I dag, 125 år etter jamstillingsvedtaket, kan alle nynorskvener nyte godt av at mange har gått i front for nynorsken, både i tidlege tider og seinare. Nynorsk pionerarbeid har vi ikkje sett for siste gong. 

MEIR OM MÅLSTRIDEN 

Mogen for fleire hendingar frå målsoga? Les meir i desse utgjevingane, som er kjelder for dette stykket: 

  • Alfred Fidjestøl, Trass alt. Det Norske Teatret 1913 –2013, Samlaget 
  • Ottar Grepstad, Viljen til språk: ei nynorsk kulturhistorie, 2006, Samlaget 
  • Jørn Øyrehagen Sunde, «Til kamp! Nynorsk som rettsspråk før, no og i tida som kjem» i heftet Mål og Rett, Juristmållaget 75 år 
  • Kjell Venås, Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, Fonna Forlag 

Takk til Olaf Almenningen og Kjetil Aasen for nyttige innspel til teksten.