norsk tidend

Noreg 2050 – Målrørsla må tenkje større

Illustrasjon: Tonje Thorstad Kildal

Vekst og vinning for nynorsken byrjar med at målrørsla vågar å tenkje dei store tankane.

Tekst: Peder Lofnes Hauge

I november i fjor var eg i Barcelona med det europeiske nettverket for mindretalsspråk. Der fekk vi mellom anna høyre eit inspirerande føredrag av Jeremy Evas frå den walisiske regjeringa. Walisisk har i dag om lag like mange språkbrukarar som nynorsk. Men no har regjeringa sett seg eit mål om at 1 million menneske skal snakke walisisk innan 2050! Det er sett av fleire tiltals millionar kroner til tiltaket.

På vegen mot dette offensive målet har dei mellom anna over natta endra standard-innstillingane i programvare frå Microsoft i pc-ar i skulen og i det offentlege til walisisk! Tenk så deilig om alle nordmenn vakna til nynorsk språkinnstilling når dei kom på jobb eller skule i morgon! Det kom knapt ei klage i Wales. Det hadde nok gått fint i Noreg også.

Det er på tide at styresmaktene våre vågar å tenkje stort og nytt om språk. Offisiell norsk språkpolitikk er for puslete, og styresmaktene bryt språklova kvar einaste dag. Tenk om nokon rundt Kongens bord berre hadde sagt: Veit de kva, la oss bli ein million nynorskbrukarar i dette landet, og følgt det opp med dei pengane og tiltaka som måtte til. Det er den draumen.

Språklova frå 2022 slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Dette bør opne eit nytt kapittel i norsk språkpolitikk, der styresmaktene aktivt favoriserer nynorsken for å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk. Regjeringa må straks setje i gang arbeidet med ein nasjonal strategi for jamstilling av dei to norske språka, med konkrete tiltak og naudsynte løyvingar over statsbudsjettet.

Samstundes kviler det også eit ansvar på oss sjølve. Vi må våge å tenkje stort, krevje meir og føreslå asymmetriske tiltak som verkeleg gagnar nynorsken. I januar hadde sentrallekken vår besøk av Manon Davies frå det walisiske språkrådet. Også dette blei eit inspirerande innblikk i den walisiske språkpolitikken. Særleg merka eg meg korleis ho ikkje snakka om like kår, slik vi ofte gjer om tilhøve mellom bokmål og nynorsk i Noreg. Ho snakka om å «create favourable conditions for welsh» – å lage fordelaktige rammevilkår. Språklova gjev mandat til dette: å innføre asymmetriske tiltak som fremjar og aktivt favoriserer nynorsk, framfor bokmål.

Altfor lenge har vi stått med lua i handa. Takka pent for knappar og glansbilete, kravd for lite. Dei siste åra har vi jobba for ein ekstra million til Noregs Mållag over statsbudsjettet. Når eg har reist over fjellet for å delta i budsjetthøyringar, har eg følt at eg måtte prioritere mellom ulike innspel frå Nynorsk forum. No skal eg ikkje lenger be om ein million kroner til oss sjølve, eg vil ha heile lista: Noreg treng eit nynorsk kulturløft på vel 40 millionar kroner, og vi treng det på neste års statsbudsjett. Gudane skal vite at regjeringa brukar langt større summar på langt mindre viktige ting.

Mållaget sin neste store test blir om vi klarer å skrive eit nytt arbeidsprogram til landsmøtet neste år som siktar høgt nok og som er konkret nok, til at regjeringa enkelt kan gjere politikken vår om til røyndom. Eg håpar heile organisasjonen går inn i dette arbeidet med eitt mål – at vi vågar å rette ryggen og stille oss spørsmålet: kva må til for at nynorsken skal få minst like gode kår som bokmålet? Det er det vi må krevje, korkje meir eller mindre.

Eitt av krava bør vere noko eg har skrive om før: ein eigen nasjonal handlingsplan for jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Eit slik arbeid må regjeringa setje i gang snarast.

Handlingsplanen kan godt få namnet Noreg 2050, og han må teikne eit bilete av eit samfunn der det er minst like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.