– Noreg treng ein eigen språkminister!
– Me treng ein eigen språkminister, slik at me får skikkeleg fart på språkpolitikken og nynorskpolitikken, seier Live Havro Bjørnstad, leiar for arbeidsprogramnemnda i Noregs Mållag.
I framlegget til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag, føreslår programnemnda at regjeringa skal ha ein eigen språkminister. Nemnda kallar programmet Vegen mot Noreg 2050 og stakar ut ei ny, tydeleg offensiv retning.
– Med dette programmet set me ein ambisiøs nynorskkurs mot 2050. Me har blitt inspirerte av det Walisiske tiltaket «Cymraeg 2050: A million Welsh speakers». I Wales har parlamentet bestemt at staten faktisk skal driva aktiv og målretta språkpolitikk, og det kan me gjera i Noreg også, seier Live Havro Bjørnstad, som i tillegg til å leia programarbeidet, er nestleiar i Noregs Mållag.
Utfordringane for norsk språk vil stå i kø for ein ny språkminister.
– Dei utanlandske aktørane tek ikkje ansvar for språket vårt. Stavekontrollane driv til dømes skriftleg vranglære av elevane, seier Live Havro Bjørnstad. Ei nyleg undersøking gjort av Språkrådet, viser at ingen stavkontrollar er gode nok på nynorsk, og dei fleste er også for dårlege på bokmål.
– Me meiner at staten må utvikla eit eige skriveprogram til bruk i skulen. Eit statleg skriveprogram må til for å sikra god skriveopplæring for alle born og unge, seier Live Havro Bjørnstad.

I framlegget til arbeidsprogram er det tre saksområde som er særskilt prioriterte: Utnytta slagkrafta i den positive medlemsutviklinga i organisasjonen, nynorsk i ein digital kvardag, samt eit nynorsklyft i opplæringa.
No er arbeidsprogrammet på høyring i organisasjonen og skal opp til endeleg vedtak på landsmøtet i Noregs Mållag i april 2026.