norsk tidend

Norsk Barneblad gjev nynorsklyst

Foto: Privat

TEKST: Ingar Arnøy

Ein bråte bokmålsskular frå Vesterålen til Farsund har sett i gang eit tiltak med bruk av Norsk Barneblad i undervisninga. Føremålet er å gje nynorskopplæring på tvers av fag for bokmålselevar på barneskulen.

I januar 2022 sette Heidi Vieland Ermesjø, lærar på Nordby skole i Rælingen i gang med å bruke Norsk Barneblad i undervisinga.

– Eg såg eit oppslag på sidene til Nynorsksenteret der dei tilbydde eit opplegg for bruk av m.a. Norsk Barneblad som læringsresurs. Eg søkte og fekk vere med på tiltaket, seier Ermesjø. Eg vil streke under at vi fekk mykje drahjelp frå Nynorsksenteret og dei fylgt oss opp svært godt heile vegen.

Korleis brukte de Norsk Barneblad?

– Eg har brukt bladet tverrfagleg. Bladet har jamt temanummer som høver framifrå med dei emna vi har i fleire fag. Eg la opp til eigenlesing for elevane og somtid valde elevane sjølve tekstar å lese. Elevane skriv også nynorsk og t.d. er kryssordet ein fin måte å arbeide seg inn i språket på. Vi har òg hatt høgtlesing frå Bladet slik at elevane kan lytte seg inn i språket. Og ei morosam oppgåve for elevane var å bruke matoppskrifter i bladet til å lage mat heime.

– Attåt Norsk Barneblad har vi òg brukt Framtida junior som også er ein framifrå læringsressurs. I det heile finn eg svært mykje bra på Nynorsksenteret som eg brukar i undervisninga.

Er du nøgd med tiltaket? Og vil du halde fram med å bruke bladet?

– Ja, eg er veldig nøgd og eg bestemte meg radt for å halde fram. Kollegaer på skulen fortel at dei også tykkjer om bladet. Ikkje minst at vi kan bruke det tverrfagleg. Og det er heilt i tråd med kompetansemåla i læreplanen. Somme av elevane fortel også at dei brukar bladet utanfor skuletida. Eg vil oppmode andre bokmålsskular til å prøve tiltaket og ikkje minst bruke Nynorsksenteret, seier Ermesjø.

Lokal – og fylkeslaga

Lokallaga i Noregs Mållag har veldig lang tradisjon med å tinge Norsk Barneblad til skuleklassar. På Nordmøre har fylkeslaget gjeve årstinging til mest alle nynorskelevane på Nordmøre. På Karmøy gav dei bladet til elevane på Stokkastrand skule då elevane skulle flyttast til bokmålsskulen på Koparvik:

– Vi har fått oppretta nokre nynorskklassar på den nye Stangaland skole i Koparvik. Det er ikkje einaste årsaka, men eg er viss på at å gje Norsk Barneblad til alle elevane på Stokkastrand gjorde fleire foreldre positive til å velje nynorsk, seier Bente Sandve i Karmøy dialekt- og mållag.

I Oslo har Oslo Mållag vendt seg direkte til Oslo kommune for å tilby klassesett av Norsk Barneblad og Framtida junior.

– Vi er visse på at dette er ein svært god, enkel og effektiv måte å få i gang nynorskopplæring for bokmålselevar på barneskule, også i Oslo, seier Kristofer R. Stavseng, leiar i Oslo Mållag.

– Vi er veldig glade for samarbeidet med så vel lokallaga som medlemene i Noregs Mållag, seier Nana Rise i Norsk Barneblad. Og vi er veldig sikre på at skulane og elevane får svært godt utbyte av å lese og bruke bladet, både tverrfagleg og ikkje minst for å lære seg nynorsk på ein god og morosam måte, seier Rise.