norsk tidend

Norskfag i endring

Kunnskapsministeren har presentert framlegg til nye læreplanar i norsk. Kva meiner fagfolka om framlegget generelt og konsekvensane for nynorskundervisninga spesielt? Her svarar tre medlemmer.

HEGE MYKLEBUST, FYRSTEAMANUENSIS I NORSK VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET 

1 I kva grad meiner du læreplanutkastet løyser utfordringane i norskfaget? 

Kva som er dei største utfordringane i norskfaget, trur eg kjem mykje an på auga som ser. Mange norsklærarar har meint at vurderingsbyrda er den største utfordringa, og dei er nok glade for at dei no skal sleppa å setja karakter både i sidemål og hovudmål i fire av dei seks åra der elevane får karakterar. Eg ville kanskje sagt at den største utfordringa i norskfaget er å sikra god nok opplæring i både hovudmål og sidemål for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål, og dei som har nynorsk som sidemål. Denne utfordringa gjev læreplanutkastet ikkje noka løysing på. 

2 Korleis meiner du utkastet tek vare på den biten av norskfaget som handlar om nasjonsbygging og felleskulturelle referansar? 

Den nye læreplanen i norsk kan gje rom for mykje god læring og undervisning, også sett med nynorskbriller. Men det krev kloke og medvitne norsklærarar, som veit å utnytta handlingsrommet læreplanen skapar. Dei finst det mange av – men finst det mange nok? 

Eg meiner det er mykje godt å seia om høyringsutkastet til nye læreplanar. I den overordna delen kjem den grunnleggjande ideologien og tenkjemåten for dei nye læreplanane fram, og her er det svært mykje bra. Punkt to og tre i overordna del lyder slik: «Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig fellesskap» og «Skolen skal bidra til at elevene blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utvikler vitenskapelig og kritisk tenkning og handler med etisk bevissthet.» Dei nye læreplanane skal konkretisera korleis desse verdiane skal setjast ut i livet, så å seia, i kvart fag. Eg meiner pla nane legg grunnlag for ein god skule som kan utdanna dei kreative, kritiske og grundige borgarane vårt framtidige samfunn har bruk for. 

I kvart fag er det utforma kjerneelement som skal vera sentrale i faget, og det er ein fordel
for både lærarar og elevar at talet på og detaljformuleringane i kompetansemål er reduserte, slik at læreplanen er oversiktleg, handterbar, og gjev rom for at læraren i større grad enn tidlegare kan leggja opp undervisninga på den måten han eller ho meiner vil fremja verdiane frå overordna del og kompetansemåla frå læreplanen i faget. Men for at dette skal lukkast, krevst det kloke og medvitne norsklærarar som veit å utnytta handlingsrommet som læreplanen skaper. 

Eg gler meg over formuleringa av kjerneelementet «Språklig mangfold»: «Elevene skal ha kunnskap om dagens språksituasjon i Norge og utforske dens historiske bakgrunn. De skal ha innsikt i sammenhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå egen og andres språklige situasjon i Norge». Når eg held dette saman med måla frå overordna del om at elevane skal utvikla kritisk og vitskapleg tenkemåte, og få historisk og kulturell innsikt og forankring, tolkar eg det slik at læraren må leggja til rette for at elevane kan få skaffa seg kunnskap om språkhistorie, dei må få undersøkja korleis og kvifor me kom til å få nynorsk og bokmål i Noreg, kva andre språk som finst i klasserommet, på skulen, i lokalmiljøet, i Noreg, og kvifor. Alt etter andre trinn skal elevane «utforske eget talespråk og samtale om forskjeller og likheter mellom talespråk og skriftspråk». Etter fjerde trinn skal dei «utforske og samtale om forskjeller og likheter mellom bokmål og nynorsk». Då må dei jo læra noko om skriftspråka våre, korleis dei vart til, og kvifor dei finst, ville eg som norsklærar tenkt. Men eg er redd mange lærarar i staden tenkjer slik som redaktør av Norsklæreren, Jorunn Øveland Nyhus, som ser «slankinga» av faget som hovudpoenget: «Klarer norsklæreren i videregående å unngå å legge inn språkhistorien på 1800-tallet selv om den er flyttet til 10. trinn?» (leiarteig i Norsklæreren 1–2019). Sjølv om det einaste kompetansemålet som spesifikt etterspør ei historisk forklaring av den norske tospråksstoda er plassert etter 10. trinn, ville mi tolking av læreplanen vera at ein klok norsklærar gjev elevane tilgang til kunnskap om ulike delar av språkhistoria mange gongar opp gjennom skuleåra, og ikkje unngår språkhistoria frå 1800-talet alle andre år enn på 10. trinn. Når elevane skal arbeida vitskapleg, treng dei tilgang til kunnskap om mangt og mykje, inkludert språkhistorie, når dei har bruk for det – det er ikkje læraren sin jobb å unngå at elevane lærer stoff som ikkje er spesifisert i kompetansemåla på det aktuelle trinnet. 

3 Korleis meiner du utkastet vil påverke situasjonen for nynorsk, anten det gjeld sidemål eller hovudmål? 

Sett frå eit nynorskstandpunkt er det sørgelegaste ved dei nye læreplanane at det ikkje er eigen karakter i sidemål på andre trinn enn tiande og vg3. Det seier eg ikkje fordi eg er ein stor tilhengjar av karaktersetjing, isolert sett (tvert om), men fordi eg veit at karaktervurdering og målprøvar i stor grad styrer undervisninga. 

I utgangspunktet er det fullt mogleg å arbeida målretta og godt med lesing og skriving på nynorsk og bokmål som hovudmål og sidemål gjennom heile skuleløpet, basert på læreplan utkastet som ligg i bordet, men eg er redd for at det ikkje vil bli gjort. 

SYNNØVE MARIE SÆTRE, LÆRAR I NORSK VED ULSTEIN VIDAREGÅANDE SKULE 

1 I kva grad meiner du læreplanutkastet løyser utfordringane i norskfaget? 

Den store utfordringa i norskfaget er at det fungerer som oppsamling for nye element
som kjem inn i skulen, og at det har vakse seg så stort at det kan vere vanskeleg å handtere. Læreplanutkastet har som føremål å vere ein slankeoperasjon for faget, og ser ein på talet på kompetansemål i utkastet, kan ein seie at ein har lukkast. Ser ein derimot på innhaldet i kompetansemåla, er saka ei anna. Mange av måla er vide og vage, og går ein grundig til verks i kvart mål, klarer ein fint å få det for travelt i faget med denne planen òg. 

I andre tilfelle har ein kutta i kompetansemål ved at nokre tema er konsentrerte til ulike delar av skuleløpet. Til dømes spelar kreativ skriving i vidaregåande ei mindre rolle i dette utkastet enn i tidlegare læreplan. Det kan vere fornuftig å konsentrere seg om fagartiklar, analysar og liknande på vidaregåande, men ein mister også noko på vegen i denne reindyrkinga. Å uttrykkje seg kreativt er verdifullt og utviklande for elevar i alle aldrar. 

2 Korleis meiner du utkastet tek vare på den biten av norskfaget som handlar om nasjonsbygging og felleskulturelle referansar? 

I førre høyringsrunde fekk læreplanutkastet kritikk frå fleire hald fordi ein kuttar banda til fortida. Det gjeld også i norskfaget, og eg meiner at endringane av kompetansemåla for språkhistorie på Vg2 og Vg3 er kritikkverdige. Språkhistoria vår handlar om utviklinga av det viktigaste demokratiske verktøyet me har og som gjer at me kan kjenne fellesskap med kvarandre. Der ein i dag skal gjere greie for språkpolitikken og -debatten på 1800- og 1900-talet, skal ein i det nye utkastet gjere greie for den historiske bakgrunnen til språksituasjonen og språkpolitikken me har i dag. Målet er vagare, og det er mykje ein kan hoppe bukk over. Det er grenser for kor detaljert ein læreplan skal vere, og alle har sine kjepphestar, men språkhistoria si rolle i skulen må ikkje undergravast, og overføringsverdien ho har til andre viktige emne ikkje undervurderast. 

3 Korleis meiner du utkastet vil påverke situasjonen for nynorsk, anten det gjeld sidemål eller hovudmål? 

Utkastet er ingen siger for nynorsken, korkje som hovudmål eller sidemål. Om me går til den tidlege språkopplæringa og ser på kompetansemåla etter 2. steg i barneskulen, finn me eit godt døme på det. I dagens læreplan skal elevane samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål. I det nye læreplanutkastet skal elevane utforske eige talemål og samtale om skilnader og likskapar mellom talemål og skriftspråk. Omgrepa som i dag opnar for å gjere elevane meir medvitne om sidemålet sitt tidleg i opplæringa, forsvinn. 

Samstundes som nokre av desse tydelege formuleringane om nynorsk og bokmål tidleg i skuleløpet blir borte, opnar utkastet for ein vurderingspraksis seinare i skuleløpet som skal ta omsyn til at elevane ikkje har hatt like lang tid til å lære sidemålet sitt som hovudmålet sitt. Det at ein ikkje byrjar med sidemålet samstundes med hovudmålet, stemmer for bokmålselevane sin del. Men ikkje for nynorskelevane. Dei badar i sidemålet sitt før dei veit kva sidemål er. Om ein skal opne for slik vurderingspraksis, kunne ein i same rennet nemne at å bli trygg i hovudmålet sitt når du er omgiven av sidemålet ditt på alle kantar, ikkje er for pingler, og at det er noko ein bør ta omsyn til. Men det bør me halde oss for gode til. Lat kompetansemåla og vurderingspraksisen vere lik. Byrj heller tidlegare med sidemål. I alle fag. 

I denne samanhengen er det heller ikkje til å kome unna endringane i halvårsvurderinga. Utkastet legg opp til felles skriftleg karakter etter fyrste termin i 8. og 9. klasse og på Vg1 og Vg2. Dette kan me sjølvsagt sjå på som ei svekking av nynorsk som sidemål, og kor mykje opplæring elevane får i sidemålet, vert i større grad opp til kvar lærar. Me kan også leggje godviljen til og håpe at lærarane utnyttar denne fleksibiliteten færre formelle vurderingssituasjonar fører med seg til meir djupnelæring i sidemålet. 

ELLINOR BERGLI BUSTAD, LÆRAR I NORSK VED SKAUN UNGDOMSSKOLE 

1 I kva grad meiner du læreplanutkastet løyser utfordringane i norskfaget? 

Hovudutfordringa til norskfaget er at det er omfattande. Det spenner frå bokstavlydar og riktig blyantgrep til bruk av metaspråk om setningsstruktur, det rommar både kommareglar og forteljinga om nasjonen Noreg, det inneheld tekstbinding og retorisk analyse, kjeldekritikk og litterære tolkingar. Elevane skal både vise formell dugleik, vere kreative og utvikle kritisk sans. Faget er både eit reiskapsfag, eit språkfag og eit kulturfag. 

Ei slanking av talet på kompetansemål er meint å gje læreplanane ei tydeleg retning. Det er færre og meir overordna mål, og det skal gje rom for å bruke meir tid på delar av faget. Gode ønske. Utfordringa kjem når overordna mål skal brytast ned til læringsmål og praktisk gjennomføring i klasserommet. Færre bruker lærebøker, og desse treng heller ikkje sentral godkjenning, og sjølv om det finst veldig gode nettressursar, kan bruken ofte vere tilfeldig og avhengig av lisensar og tilgang. Resultatet blir at innhaldet i faget vil variere i svært stor grad. 

2 Korleis meiner du utkastet tek vare på den biten av norskfaget som handlar om nasjonsbygging og felleskulturelle referansar? 

Det er mykje godt arbeid lagt ned i læreplanutkastet. Eg har sansen for presiseringa av kva som er kjernen i faget, altså kva det er eleven må lære for å kunne meistre og ta i bruk fagstoffet. Det er fint at verdiar og prinsipp for faget blir løfta fram. Eg likar også tanken om at ein skal kunne gå i djupna med eit emne og bruke tid på det som er viktig. Men ein læreplan med store og overordna mål krev ein fagleg dyktig lærar. Som kan velje fagstoffet som gjev elevane innsikt i den rike kulturarven vi har, gjere dei til trygge språkbrukarar som meistrar bokmål og nynorsk og lære dei å forstå, tolke og stille kritiske spørsmål. Og mykje meir. 

Og da dukkar det opp spørsmål som: «Kva er eigentleg viktig?» Og skal ein ha ei «alle skal med»- eller «kven skal ut»- tilnærming til lærestoffet? Og kor mange, og kva for vurderingssituasjonar treng ein eigentleg for at elevane skal få vist kompetansen sin? 

Kompetansemål som «sammenligne og tolke romaner og andre tekster ut fra historisk kontekst og elevens samtid» gjev t.d. inga føring for kva for tekstar elevar bør lese og kjenne til. Det avgjer den enkelte læraren. Så kan ein seie at det ikkje er så viktig kva for bøker som blir lesne og kva for forfattarar ein får kjennskap til, dersom målet er individuell leseutvikling frå avkoding til forståing og tolking. Men det å lese inneber også å vere ein del av ein felles kulturarv. Det handlar om å vere ein del av noko større enn seg sjølv. Det har vore ordskifte rundt kva for forfattarar som eventuelt skulle vore inne i planen og kven som ikkje fortener ein plass der, og eg ser den problemstillinga. Men eg trur nok at det er viktig å ta desse ordskifta. Skulen er den viktigaste samlande arenaen for barn og unge. Kunnskapen dei får her skal vere oppdatert, framtidsretta og relevant, men bør samstundes også vere med på å skape felles referansar både til historie og det som skjer i samtida. 

3 Korleis meiner du utkastet vil påverke situasjonen for nynorsk, anten det gjeld sidemål eller hovudmål? 

I det nye læreplanutkastet er det føreslått å slå saman dei to skriftlege karakterane i norsk i undervegsvurderinga. Argumentet er at dette skal gje større rom for å arbeide meir heilskapleg og grundig med tekstar. 

Eg meiner ein godt kan arbeide grundig med tekstar på både hovudmål og sidemål og samstundes halde på begge karakterane. Eg lèt til dømes bokmålselevane mine skrive annakvar innleveringstekst på nynorsk og bokmål. Det har dei gjort sidan dei starta i 8. Slik øver vi på å skrive riktig på både nynorsk og bokmål, samstundes som vi lærer tekstoppbygging, sjangertrekk og har fokus på godt innhald. Ei arbeidsform som betyr å skulle lære seg eit språk gjennom sporadisk og bolklagt undervisning, og til og med kanskje vente til 9. trinn med opplæringa, inneber etter mi meining det motsette av det å gå i djupna med emnet og arbeide grundig. Sidan bokmålsdominansen er så sterk, lyt ein bruke mykje tid på både å lese tekstar på nynorsk og skrive sjølv, dette gjeld også for elevar med nynorsk som hovudmål. Prinsippet er enkelt: Her er det mengdetrening som gjeld, dersom ein skal nå målet om å «skrive tekster med riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål». 

Ein karakter i undervegsvurderinga i faget kan fort bli til «hovudmålet minus sidemålet», eller «ein god minus ein mindre god karakter», der resultatet blir noko som ikkje fortel korkje kor god du er til å skrive på bokmål eller på nynorsk.