aktuelt

Ny teljing av nynorskelevar

Synnøve Marie Sætre

Elevtala for dette skuleåret er klare. Det er fleire lyspunkt å trekkje fram, sjølv om samla tal på nynorskelevar går ned med 833*.

Kvart år kjem Utdanningsdirektoratet med oversikt over kor mange elevar i grunnskulen som har nynorsk eller bokmål som hovudmål. Tala for skuleåret 2021/2022 klare.

– Tala viser i stor grad det me veit frå før om stoda for nynorsken, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag.
– Det er stabilt der han står sterkt, nokre stader i kjerneområdet ser me vekst, og der nynorsken er under press, taper han terreng, seier Synnøve Marie Sætre.

Størst er veksten i Time kommune, som har 123 fleire nynorskelevar dette skuleåret. Veksten er også god i kommunane Alver, Karmøy, Bjørnafjorden, Austevoll og Sykkylven.
– Desse kommunane har svært gledelege tal, seier mållagsleiaren.

Likevel går det samla talet på nynorskelevar ned.
– Mykje av nedgangen skuldast at det bur færre folk der nynorsken står sterkt. Tala frå Sunnfjord kommune er eit godt døme på det. Her er det 81 færre nynorskelevar i år samanlikna med året før, men ingen som har skifta til bokmål. Det er rett og slett berre færre elevar som har byrja på skulen enn som gjekk ut frå grunnskulen i vår, slår Synnøve Marie Sætre fast.

Andre stader er det ikkje berre nedgang i det totale elevtalet som er forklaringa, men at elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.

– Dette gjeld særleg der nynorskelevane er i mindretal, seier Synnøve Marie Sætre.
– Det er sårbart å vere i mindretal, og me veit at det er vanskelegare å vere nynorskelev enn bokmålselev, seier ho, og ho påpeiker at det er avgjerande med ei opplæringslov som sikrar betre vilkår for nynorskelevane.

– I språkdelte område vert retten til å få opplæring på eige språk i eiga klasse ut grunnskulen svært viktig, og det vil sikre ei betre språkopplæring for nynorskelevane. Læremiddelsituasjonen er også kritisk, og me veit at fleire elevar nemner nettopp manglande læremiddel som årsak til at dei byter frå nynorsk til bokmål. Då treng me ei opplæringslov som sikrar læremiddel på nynorsk.

* I gjennomgangen av tala har me oppdaga ein feil hjå GSI. I Sel kommune ligg elevtalet dobbelt opp, og denne feilen påverkar tala for Innlandet fylke og for heile landet. Me har prøvd å korrigere for dette i våre tal.

Les meir om elevtalutviklinga:

Her finn du Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

Notat om GSI-tala for skuleåret 2021/22

Oversyn med gjennomgang av elevtalutviklinga frå 2020/21 til 2021/22.

Notat om GSI-tala for skuleåret 2020/21.