aktuelt

Nynorsk barnelitteraturpris 2021 til Tone E. Solheim

Forfattar Tone E. Solheim takkar for nynorsk barnelitteraturpris

Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman, meiner juryen. 

Solheim får prisen for ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, som kom ut på Samlaget 2021. Det er Noregs Mållag som står bak prisen, og den er på 50 000 kroner. 

Grunngjevinga frå juryen: 

Tone E. Solheim debuterte i 2021 med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta. Tittelen er henta frå Beatles» Blackbird:  

Blackbird singing in the dead of night

Take these broken wings and learn to fly

All your life

You were only waiting for this moment to arise

Desse linene kan seiast å oppsummere det vesentlege i boka. Dette er historia om Martha og Edith. Båe jentene har sine «broken wings» og har vonde tap og erfaringar med seg. Martha elskar Beatles, saknar faren og har ei traumatisk oppleving å bera på. Som Martha i Bibelen er ho ein velgjerar. Ho er mild og god og ser etter det beste i alle. Edith er mørkare til sinns. Ho har dårleg impulskontroll. Det resulterer iblant i dumme og vonde handlingar. Ho gøymer seg i hettegenseren sin og distanserer seg frå folk. 

Dei to jentene fører ordet i annakvart kapittel i boka. Dei treffest på vidaregåande, og trass motsetnadane, eller kanskje nettopp på grunn av desse, fattar dei interesse for kvarandre. Jentene nærmar seg gradvis kvarandre både på det personlege planet og reint fysisk, og forholdet utviklar seg til å bli eit kjærleiksforhold. Edith som likar annan type musikk, byrjar å lytta til Beatles fordi Martha, den elska, er glad i Beatles. 

Å vera usikker og redd for å seia og gjera dumme ting og øydeleggja alt når ein er forelska, er godt og truverdig skildra. To sårbare og usikre jenter kvar med sine vonde erfaringar, finn saman. At dei er av same kjønn, får lite merksemd. Sjølv om hovudpersonane i utgangspunktet kan oppfattast som motsetnader, framstår dei som komplekse og speglar kvarandre utover i boka. Dei er ikkje statiske og karikerte. Dei verkar på kvarandre og er i utvikling. Teikninga av karakterane og utviklinga av forholdet mellom dei er ei styrke ved boka. 

Med Svarttrasta syng om natta har Tone E Solheim skrive ein vellykka debutroman. Vi gler oss til å følgja forfattarskapen vidare.

Gratulerer med Nynorsk barnelitteraturpris 2021, Tone E. Solheim! 

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har vore Rita Mundal, Ingrid Rogne og Roald Kaldestad. 

Her finn du tidlegare prisvinnarar:
https://www.nm.no/om/utmerkingar-og-stipend/