aktuelt

Nynorsk barnelitteraturpris 2024 til Eirin Holberg og Åshild Irgens

Forfattar Eirin Holberg (t.v) og illustratør Åshild Irgens (Foto: Mille Gran)

Forfattar Eirin Holberg og illustratør Åshild Irgens får Nynorsk barnelitteraturpris 2024 for boka Steinalderen. 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong som er gjeven ut på Samlaget.

Noregs Mållag har delt ut prisen sidan 1956, og fyrste gong er det ei sakprosabok som når heilt opp og får prisen! Den er eit diplom og 50 000 kroner.

– Sakprosaboka Steinalderen er eit framifrå eksempel på korleis fagleg tyngde kan gå hand i hand med pedagogisk formidling i ei barnebok. Dette er nemleg sakprosa på sitt aller beste – for barn, på nynorsk, skriv juryen i grunngjevinga. Juryen har vore Kristin Hatledal, Isabella Rubie Pareliussen og Oddmund Kaarevik.

Prisen vert delt ut på Festspela i Aasentunet fredag 13. juni 2025.

Dette skriv juryen i grunngjevinga:
«Juryen har valt å gje prisen for Nynorsk barnelitteraturpris 2024 til sakprosaboka Steinalderen. 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong, av Eirin Holberg og Åshild Irgens.

Sakprosaboka Steinalderen er eit framifrå eksempel på korleis fagleg tyngde kan gå hand i hand med pedagogisk formidling i ei barnebok.

Eirin Holberg er arkeolog, og dette kjem tydeleg fram i boka, der ho startar med å forklare korleis arkeologar brukar spor i jorda for å vise korleis folk levde før i tida. Gjennom heile boka viser Holberg til eksempel på funn som arkeologar gjer, som kan fortelje oss meir om dei menneska som levde i steinalderen. Til dømes ein tyggis som arkeologane har funne og som kan fortelje om ei jente som levde for 5700 år sidan. Seinare kjem ho tilbake til korleis dei kunne ha tyggis i steinalderen, og korleis ein sjølv kan lage sin eigen steinaldertyggis. På denne måten klarer Holberg å opne opp ei fjern fortid og gjere ho levande og relevant for barn. Det triggar fantasien, dyrkar undring og inviterer til refleksjon.

Åshild Irgens sine illustrasjonar utfyller teksten på meisterleg vis. Det er tydeleg at Holberg og Irgens må ha samarbeidd tett om boka, for illustrasjonane er presise og realistiske, og i tråd med det Holberg skriv. Irgens brukar fargar og komposisjon på ein måte som fangar merksemda til barna. Irgens er spesielt god til å balansere det faglege og det leikne, og ho inviterer til fantasi og nysgjerrigheit på same tid. Illustrasjonane er absolutt med på å styrke heilskapen i formidlinga av boka.

Eirin Holberg har skrive sakprosa for vaksne tidlegare, men dette er ein debut som sakprosaforfattar for barn. Vi håpar denne prisen kan vere med på å inspirere til å skrive fleire sakprosabøker for barn, for dette er noko ho meistrar godt. Kjeldelista som, lurt nok, spesielt interesserte kan finne på Samlaget si side, visar at det er eit stort fagleg arbeid som ligg bak boka. Det er imponerande korleis Holberg har greidd å skrive denne boka så levande og lettfatteleg,  samtidig som det aldri går på kompromiss av det faglege og kjeldebelagde. 

Steinalderen er ei lærerik og spennande sakprosabok som vil fenge barn som også er eldre enn målgruppa for boka, som er 6–9 år. Kanskje vil boka også inspirere framtidige arkeologar? Dette er nemleg sakprosa på sitt aller beste – for barn, på nynorsk.»