aktuelt

Nynorsk litteraturpris 2023 til Edvard Hoem

Edvard Hoem får Nynorsk litteraturpris 2023 for boka "Husjomfru", den siste romanen i "Familien frå Rekneslia"-serien.

Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka “Husjomfru”. Prisen er på 50 000 kroner og vert offentleggjort i høve landsmøtet til Noregs Mållag i Trondheim, 19.-21. april. 

Nynorsk litteraturpris er blitt delt ut sidan 1982 og det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen. Juryen er Margit Walsø, Magne Julin Vik-Mo og Carl Morten Amundsen. 

Grunngjevinga frå juryen: 

Ei eldre kvinne skal døy på ein aldersheim på Nordnes i Bergen by. Året er 1911.

Forsona med sin lagnad skal ho sjå attende på livet ho har levd, og så samstundes sjå framover, mot den nye tida og det som kjem, men berre ikkje for henne. For alt er i endring, heile tida. 

Når dagen renn er det ingen som sit hjå henne. Ho har vore åleine så mykje i livet, og ho er åleine no. Men livet har likevel vore fylt med folk og gjeremål, eit liv i teneste for andre enn seg sjølv. Og meir enn hundre år etter sin død skal livet hennar levast om att, og skrivast skildrande ut i ein roman.

Men korleis klare å skrive om eit liv levd, mest utan nokon historiske kjelder å nytte?

Ikkje alle har kombinasjonen av kunnskap og fantasi til ei slik oppgåve. Vinnaren av årets pris stadfestar på nytt at nettopp han har akkurat denne dugleiken til å nytte språk for å dikte stort og breidt, og å få til syne det store i det vesle. Han maktar å mane fram menneske av kjøt og blod som levde i ei nær, men stadig fjernare fortid, i ein audmjuk heider til dei som har vore her før oss. 

Han skriv om menneske som gjorde det som vart krevd av dei for å ha eit mål i livet, ein identitet og ein leveveg, og om ei tid som var omveltande for det norske samfunnet. Om livet som berre skjer, som berre er. Forfattaren nyttar eit konsist og vart språk til å sjå korleis ei sjølvstendig kvinne har vore i si eiga tid, korleis skrive seg inn i kjenslene hennar, gje ho ei røyst og gjere samtida og også byen Bergen ho levde i på same tid gjenkjenneleg for oss no. Folk og byar er alltid i endring, heile tida. Me menneske og byane me lever i er alltid like, alltid nye. Alltid i endring. Slik vil det vere. Men ikkje alle av oss får skrive det slik at me forstår, slik at me lyttar og tenkjer etter. At me kjenner etter.

Me har som lesarar faktisk truffe ho kort før. Dette er siste boka i ein krønikarkrans om forfattaren si slekt og deira liv. I ein tidlegare roman, (Felemakaren, utgjeven 2021), har me altså vorte kort introdusert for yngste dotter til ein felemakar frå Christiansund. Det er hennar eiga historie me no har fått, og hennar livsløp fargelagt, via eit særs vént nynorsk det er ei glede å få lese.

Julie Elisabeth Hoem vart ei kvinne som styrte hushald i fornemme familiar i Bergen frå midten og slutten av attenhundretalet. Ho vart gamal nok til å oppleve ein alderdom der ho vart teken vare på, ho var ein av dei heldige. At forfattaren klarar å skrive med slik varsemd og kløkt om fotefar i ei tid på jorda er eit prov på mange års røynsle med penn og papir. At han har levd eit liv sjølv, og ser korleis andre sine jordslege fotefar kan fortene ei røyst, ei anerkjenning, ei enkel verdskjensle. Å klare å seie via velvalde ord eitt enkelt «eg ser deg, og eg vil hugse deg».

Sjølv seier forfattaren om arbeidet med boka: «Eg vart uavlateleg mint om den sterke trongen vi menneske har til felleskap og samvær med andre menneske, men også om den djupe einsemda som er ein del av vårt lodd. Det gjekk opp for meg også dei menneska som døyr utan avkom og utan å etterlata seg ein skilling, har alle hatt eit eineståande liv og ein unik lagnad. Nettopp hos slike menneske blir dei spørsmåla menneska har stilt seg til alle tider sette på spissen, samtidig som nettopp dei står fram i det lyset som gir kvar tidsepoke sin eigen farge og smak.»

Juryen er takksame for at røysta til Julie Elisabeth Hoem vart lyfta fram, i ein så velsmidd song. Denne historia er ikkje berre del av forfattaren si familiesoge, og eit vitne om delar av det norske folk si von om å få eit betre opphald på denne selsame jorda. Denne romanen står nemleg støtt åleine som eit lyrisk vitnesbyrd over ei kvinne og hennar liv, i hennar tid, under den same sola me alle ser framleis i dag.

Juryen gratulerer varmt og takkar Edvard Hoem med Nynorsk litteraturpris 2023.

For meir informasjon:
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar, 926 48 348 / e-post: hege.lothe@nm.no

Tidlegare prisvinnararhttps://www.nm.no/om/utmerkingar-og-stipend/