norsk tidend

Nynorsk og Bygdepride, hand i hand

Årets parade samla 2000 menneske under Bygdepride i Ørsta/Volda. Foto: Joachim Kroken Åsebø

Då Bygdepride vart skipa i 2018, var Aasentunet først ut til å samarbeide med den nye organisasjonen.
– Naturleg for oss å vere ein del av, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

– Årets Bygdepride-pris går til ein føregangsinstitusjon. Dei melde seg på eige initiativ, og har teke ei aktiv rolle, seier Anbjørn Steinholm Frislid, styremedlem i Bygdepride.

Det er stille i salen i Aasentunet. Ein kan så vidt høyre lyden av regndropar på taket.

– Dei opna dørene og tok imot oss med kjærleik og varme. Det er med stor glede og takksemd at vi gir prisen til Nynorsk kultursentrum og Aasentunet, seier Frislid til applaus frå salen.

Fekk tilskot

21. april i år var det 50 år sidan paragraf 213 i straffelova vart oppheva. Den såkalla «homoparagrafen» kriminaliserte seksuell omgang mellom menn i Noreg frå 1902 til 1972.

Opphevinga av paragrafen blir i år markert over heile landet, mellom anna under paraplyen Skeivt kulturår. Det er Skeivt Arkiv, Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket som har teke initiativ til desse markeringane.

Kulturdepartementet har delt ut 5 millionar kroner til arrangement gjennom året. Ein av dei som har fått tilskot er Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, som vart tildelt 250 000 kroner for å arrangere Skeiv litteraturfest 2022.

– Det er fint å få eit tilskot som aukar volumet av det vi kan gjere, men det er naturleg for oss å gjere dette uansett, seier arenaleiar ved Aasentunet, Olav Øyehaug Opsvik.

Aasentunet vart tildelt Bygdepride-prisen 2022. Frå venstre: Anbjørn Steinholm Frislid, Olav Øyehaug Opsvik, Per Magnus F. Sandsmark, Ida Karin Aarflot Kornberg, Tone Slenes, Ingrid Vee Hagestuen, Benedikte Flataker og Fredrik Hope. Foto: Anita Grønningsæter Digernes

Annleis på bygda

Han og dei andre ved Aasentunet set stor pris på å få tildelt Bygdepride-prisen. Han understrekar at mangfald er noko Nynorsk kultursentrum er oppteke av heile tida.

– Det ligg jo litt i kjerneoppdraget med nynorsken og språk- mangfaldet, at vi alle kan vere ulike saman, seier han.

Han er oppteken av den rolla dei kan spele i eit arrangement som Bygdepride.

– Ein pridefestival på bygda er jo litt annleis enn ein pridefestival i storbyen. Vi kan bidra med vår nisje, med fokus på litteratur og kanskje noko som er litt fagleg tyngre. Eg trur Bygdepride tykkjer det er fint at vi tek den rolla, seier Opsvik.

«No er det nok»

Trass i grått vêr denne veka i mai, er det eit fargerikt Ørsta og Volda som møter alle som kjem dit. Regnbogeflagg vaiar i nordavinden ved fjorden og ved Volda rådhus. Også Høgskulen i Volda er med på feiringa, og inne på Berte Kanutte-huset har Bygdepride-gjengen stand gjennom mykje av veka.

Der finn vi styreleiar i Bygdepride, Rune Sæbønes. Det var han og ein til som sørgde for at Bygdepride vart til.

– Eg hugsar at vi snakka litt om det på sommaren i 2017. Om hausten same året var det nokre reaksjonære, kristne miljø som skulle ha eit seminar der tema var homofili. Dei konkluderte med at homofili ikkje var så gale, så lenge folk levde i sølibat. Då tenkte vi: No er det nok.

Sæbønes humrar oppgitt. Dei oppretta ei Facebook-hending og inviterte til skipingsmøte for det som då heitte Ørsta/Volda pride. Det kom mykje folk, og dei bestemte seg for å lage ein organisasjon.

– Det vart ei ekstrem merksemd rundt oss. Det var nesten slik at vi slapp å marknadsføre arrangementa våre, fortel han.

Rune Sæbønes, styreleiar i Bygdepride Ørsta/Volda. Foto: Anita Grønningsæter Digernes

Bygdepride smittar

I 2018 gjekk Bygdepride av stabelen for første gong. Kino, skeiv lyrikk, konsertar, festar og parade stod på programmet over fire dagar. Festivalen vart avslutta med konsert i Volda kyrkje.

Paraden samla tusenvis i den vesle bygda, i strålande solskin. Dåverande statsrådar Trine Skei Grande og Jon Georg Dale var med. 50 lag og organisasjonar hadde meldt seg på, inkludert idrettslag, politiske parti, helsestasjonar og elevråd.

– Vi skapte noko som var større enn oss sjølve, sa dåverande styreleiar Anbjørn Steinholm Frislid til NRK.

Engasjementet rundt paraden motiverte Sæbønes og resten av gjengen til å halde fram. Bygdepride vart eit omgrep og har sidan spreidd seg til fleire bygder rundt om i landet.

– Vi seier at homofili smittar ikkje, men bygdepride gjer det, seier Sæbønes og smiler.

119 vart dømt

Årets Bygdepride i Ørsta og Volda varer ei heil veke. Endeleg får dei samle folk att etter pandemien. Det startar ved kaia i Sæbø ein laurdagskveld, med konsert med lokal kjendis Egil Olsen. Deretter er det kunstutstilling, førelesingar, pride-spinning, ungdomskveld, konsertar og regnbogemesse i Ørsta kyrje. For å nemne noko.

Onsdag kveld er det duka for Skeiv kulturkveld på Aasentunet. Det er nokre få sjeler som har trassa regnveret og teke turen for å høyre på forfattar Hanne Marie Johansen. Ho har skrive boka «Skeive linjer i norsk historie».

Johansen fortel mellom anna at Gulatingslova, som vart innført på 1100-talet, faktisk var det første europeiske lovverket som nemnde relasjonar mellom menn.

Frå 1902–1972 vart 119 menn dømt etter «homoparagrafen» i Noreg. Det vart oppfatta som ein «sovande» paragraf, men det hadde tydeleg konsekvensar for somme. For andre hang den over dei som ei mørk sky.

Noreg var det siste landet i Norden som oppheva forbodet mot seksuell omgang mellom menn.

Skreiv historiene sjølv

Tre forfattarar – Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun og Geir Egil Eiksund – inntek deretter stolane på scena. Dei har fått i oppdrag å snakke om litteratur som var viktig for dei i barne- og ungdomsåra.

Det er ikkje nødvendigvis ei lett oppgåve. For det var ikkje berre enkelt å gå til det lokale biblioteket på bygda og låne bøker med «annleis» tematikk.

– Det som var viktig for meg, var at eg skreiv mange historier sjølv. Heller enn å oppsøke litteratur, så skreiv eg sjølv det eg skulle ynskje eg kunne lese, fortel Kristin Fridtun til Norsk Tidend nokre dagar før arrangementet.

Ho brukte å lese aviser. Om det var eit intervju med Anne Holt i VG, kunne ho kaste seg over det. Fridtun trur det er lett å tenke at seksuell orientering ikkje har noko å seie, at det er irrelevant informasjon.

– Men då står ein i fare for at skeive folk blir frårøva historiske førebilete, meiner ho.

Forfattar Kristin Fridtun. Foto: Lene Sørøy Neverdal

Sjølv hadde ho ein norsklærar på vidaregåande som ofte fletta tilleggsinformasjon inn i under- visninga. Om dei snakka om ein forfattar, så kunne læraren tilforlateleg nemne at denne personen var homofil eller lesbisk.

– Det likte eg veldig godt, fortel Fridtun, og trekker fram Gunvor Hofmo som eit døme.

– Ho levde då homoseksualitet var veldig tabubelagt. Om vi i dag held fram med å dysse ned, blir det også feil. Om det finst historiske personar som var skeive, så vil eg veldig gjerne vite det.

Fridtun trur litteraturen kan skape eit fellesskap for unge lesarar.

– Bøker kan bidra til å vise at skeive finst, at det går an å vere skeiv. Som lesar kan ein sitje heilt åleine, men likevel kjenne seg som del av noko større.

Sjølv om ikkje alle les bøker, trur ho litteraturen kan bidra til normalisering.

– Vi treng også bøker der nokon er skeive utan at det er eit tema i seg sjølv, meiner ho.

Frykta er at Skeivt kulturår blir eit kort blaff.

– Eg håper at arrangørar er opptekne av å lage slike arrangement også i åra som kjem. At dei kan integrere det skeive perspektivet i andre samanhengar, seier Fridtun og legg til:

– For meg er jo kvart år eit skeivt kulturår.

Mangfald heile vegen

Nynorsk kultursentrum, som driv Aasentunet i Ørsta, Vinjesenteret i Vinje og Haugesenteret i Ulvik har planlagt fleire arrangement i samband med Skeivt kulturår 2022 ved alle desse tre arenaene. Det blir mellom anna lesesirklar, nye forfattartekstar på nett og podkastar gjennom året.

– Og så har vi ein produksjon som er del av Den kulturelle skulesekken, som heiter «Hjarte i alle fargar». Skular i nærområdet her har fått tilbod om den, og den skal også til Oslo, fortel Opsvik.

– Denne vil vi også ta med oss til område der nynorsken er under press. Etter sommaren skal vi mellom anna til Gudbrandsdalen, Hemsedal og Sandnes, legg Tone Slenes til.

Ho er avdelingsleiar for Nynorsk skriftkultur.

– Produksjonen handlar om mangfald, språket vi brukar og skeiv litteratur. Vi har våre eigne arenaer for samtale og debatt, og samarbeider tett med bibliotek i heile landet. Fokuset på mangfald har vi med oss heile tida, både i programarbeidet og i sjølve profilen vår.

Tone Slenes og Olav Øyehaug Opsvik ved Aasentunet var klare for å henge opp regnbogeflagget på tunet i mai. Foto: Anita Grønningsæter Digernes

Vil famne breitt

Då Bygdepride vart arrangert for første gong i 2018, arrangerte lokal pastor Hans Reite ein mot- demonstrasjon. Om lag 30 personar møtte opp. Sidan har det ikkje kome mange reaksjonar lokalt, ifølgje Bygdepride-leiar Rune Sæbønes.

– Det er dei same, og dei er få. Det er ikkje kjekt å høyre eller lese det, men vi lever greitt med det. For gjennom Bygdepride har bygdene vist at dei vil vere inkluderande.

Bygda skal vere for alle. Det har vore eitt av formåla med å arrangere Bygdepride.

– Det er klart det handlar om våre interesser og vår kamp, og å synleggjere at vi faktisk er ein del skeive som bur i Ørsta og Volda. Men like viktig har det vore å famne breitt. Å vise for omverda at Søre Sunnmøre ikkje er så mørkt som mange skulle tru. Langt derifrå.

Også årets Bygdepride vart avslutta med parade gjennom Volda. Sæbønes og resten av styret gjekk fremst med eit stort regnbogeflagg mellom seg. 2000 menneske deltok.

Det viktigaste for Sæbønes er å vise at aksepten av skeive på bygda er reell. Der er fleire kampar å ta, det er han tydeleg på. Men det er viktig for han og resten av styret å sjå at Bygdepride har spreidd seg til ei titals fleire plassar i landet.

– Ei kvar bygd med respekt for seg sjølv har bygdepride, altså, seier han med glimt i auge.