norsk tidend

Nynorsk scenespråksenter opna i Nynorskhuset

Frå før finst Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter i Nynorskhuset i Førde i Sunnfjord kommune. Den 2. oktober var det opningsfest, då Nynorsk scenespråksenter vart lansert med heimeside og ein søknadsportal.

Tekst: Vemund Norekvål Knudsen

Nynorsk scenespråksenter er eit nasjonalt senter for nynorsk på teaterscena, og ligg under Teater Vestland. Senteret kjem til å tilby etterutdanning til opp til fem skodespelarar i halvåret. Målet er å gjera skodespelarane trygge i nynorsk som scenespråk, og læra dei å tileigna seg dialektar.

– Det er berre tre teater som har nynorsk og dialekt som scenespråk i dag, og me såg eit behov for å styrkja kompetansen i nynorsk hjå fleire skodespelarar. Det er få som har den kompetansen, mange norske skodespelarar er til dømes utdanna i utlandet. Det er viktig for norsk språk og scenekunst at skodespelarane opptrer på levande og ekte dialekt som folk kjenner seg att i, seier Terje Lyngstad.

Munnleg språk, dialektnær nynorsk

Ideen til senteret kom ved at Teater Vestland skulle inn i Nynorskhuset og var fyrst tenkt som nynorsk dramatikarsenter, ein gong i 2021. Modellen er inspirert av Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter: 5 deltakarar over eit halvt år får opplæring i metodar som hjelper dei å læra seg språk og dialektar.

– Metoden skal vera mogleg å nytta for å læra seg alle dialektar, frå vestnorsk til austnorsk og omvendt, forklarar Lyngstad.

Metoden han sikter til er det logoped og lektor Eldbjørg Lognvik som står for. Lognvik har jobba ved teaterhøgskulen og norske filmsett, og har skrive bok om det som kallast «språkovergang».

Sjølv om metoden kan brukast til å læra seg alle dialektar, understrekar Lyngstad at språkdatasettet dei kjem til å ta utgangspunkt i ved Nynorsk scenespråksenter, er sunnfjordsdialekta.

– Me ønskjer at skodespelarane skal læra seg å snakka med melodiar og fargar som ein finn i det munnlege språket, for å gjera det ekte og truverdig. Altså ikkje opplese, normert nynorsk. Det var eit poeng med at eit slikt senter ikkje skulle liggja i Oslo eller Bergen, fortel Lyngstad.

Stort behov

For å få pengar måtte Teater Vestland stadfesta at det fanst eit behov i teaterverda for slik språkkompetanse. Teater Vestland laga ein rapport saman med Lognvik, der Lyngstad kartla behovet for språkkompetanse, og Lognvik tok seg av det faglege. Senteret er finansiert både av det offentlege og det private, mellom anna med 1 million frå Kulturdepartementet og noko frå fylkeskommunen til utgreiingsarbeid.

– I utgreiingsarbeidet kom det fram at både skodespel- arar og teatersjefar sa det var eit behov for ein slik kompetanse. Hjå Teater Vestland har ein prøvetid på berre 8 veker, då er det ikkje mykje tid til å trena seg til å bli trygg i språket og dialekta. Det er også viktig å få fram at det er lite nynorskundervising blant teaterutdanningane, så her var det heilt klart eit behov, fortel Lyngstad.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gjeve 3 millionar til Nynorsk scenespråksenter. Det gjer det mogleg å gjennomføra tre kull. Eitt til våren og hausten neste år, og eitt på våren 2026. Det første kullet på tre skodespelarar startar opp i februar neste år.

– Det er viktig for oss å få fram at scenespråksenteret, akkurat som medie- og avissentera her i Nynorskhuset, er nasjonale senter. Nynorskkompetanse, og det å kunna tileigna seg språk, har noko føre seg i heile landet og innanfor fleire område. Dette kan få ringverknader.