norsk tidend

Nynorsk som hovudmål til Dovre faller

I Dovre kommunar kjempar dei for tida om opplærings- språket i skulen. Dei er ikkje aleine om det.

Tekst: Peder Lofnes Hauge

Mykje av bakgrunnen er at den nye opplæringslova innheld nye hovudmålsreglar, som kan få uheldige konsekvensar for nynorsken, særleg i vidaregåande skule og ungdomsskulen. Norske kommunar har fått krav på seg om å vedta kva som skal vere hovudmålet på kvar skule, anten nynorsk eller bokmål. Kommuneadministrasjonar rundt om i Noreg føl lojalt opp og kommunestyrene får saka til handsaming. I nynorskkommunar fungerer lova nærast som ein invitasjon til å tenkje over spørsmålet «Er de no heilt sikre på at de faktisk vil ha nynorsk i skulen?»

Tilbake til Dovre. I nesten hundre år har opplæringsmålet i Dovre kommune vore nynorsk. Når denne leiarteigen blir skriven har kommunestyret akkurat vedtatt å utsetje saka om val av hovudmål, for å utgreie saka betre. Det er vel og bra, og betyr at vi må kjempe vidare. Helst skulle vi sett at kommunestyret berre hadde gått for nynorsk. Nynorskelevane har meir enn nok av utfordringar kommunestyret heller burde fokusere på, som til dømes mangelen på digitale læremiddel og læringsressursar.

Alle elevar i den norske skulen skal lære både bokmål og nynorsk. Vi meiner det gjev elevane ein stor fordel at dei får starte med nynorsk og vere i ein nynorsk skulekvardag, fordi bokmålet dominerer i samfunnet elles. Det gjeld i Dovre, og alle andre stadar. Dialekt og nynorsk er viktig for identiteten i Nord-Gudbrandsdalen, og er også ein stor del av lokalsamfunnet. Dette bør Dovre kommune ta vare på og utvikle vidare, saman med innbyggjarane og lokalsamfunnet.

Å skifte opplæringsspråk i skulen er ikkje ei sak ein skal ta lett på. Difor stiller lova krav til at minst ein fjerdedel av dei med røysterett, må ha skrive under på eit krav før kommunestyret pliktar å gjennomføre røysting. Forskrifta seier også at alle innbyggjarar over 18 år har rett til å røyste i slike saker. Stortinget har på det viset markert at språket i skulen er eit spørsmål som ikkje berre gjeld elevane og lærarane på ein enkelt skule, men også er viktig for lokalsamfunnet rundt skulen, næringslivet, organisasjonslivet og kyrkja. Noregs Mållag meiner endåtil at det bør vere krav om to tredjedels fleirtal i kommunestyret for å skifte frå nynorsk til bokmål, fordi konsekvensane er så store for det minst brukte av dei to norske språka. Val av språk i skulen er, og skal vere, ei lokal avgjerd. Samstundes har vi også eit felles ansvar for å stø opp om nynorsken. Difor har ei lokal sak om skulespråk nasjonal interesse.

Noregs Mållag har åtvara mot dei nye reglane, og har fått delvis gjennomslag. Kravet fylkeskommunane har for å fast- setje hovudmål for sine skular er utsett. Eg tippar det blir avlyst. Når det gjeld grunnskulen bør vi nok bu oss på strid i mange norske kommunar, særleg i randsonene til det nynorske kjerneområdet. Den striden skal vi stå i, med dei beste pedagogiske og språkpolitiske argumenta. Vi skal kjempe for nynorsk opplæringsspråk der det blir aktuelt, og i første omgang hindre at Dovre fell.