norsk tidend

Nynorskblues får borna til å juble

Foto: Roy Sunde

Målprisvinnarane i Good Time Charlie gjer stor suksess med barne- og familieprosjektet Jubelblues på nynorsk og dialekt.

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

– Det med språk er berre blitt viktigare for meg med åra. Språk inkluderer og engasjerer – det er spesielt kjekt når vi får med dei aller minste, seier Arle Hjelmeland, låtskrivar og vokalist i bluesbandet Good Time Charlie.

Good Time Charlie blei starta i 1982. Sidan den gong har dei gjeve ut 12 plater, der fire av dei er barne-/familieplater på vestlandsdialekt og nynorsk. Den siste barneplata – Full rulle – kom i fjor, og er også den nyaste utgjevinga deira.

Veteranar

Good Time Charlie hadde god suksess allereie frå start. Dei blei lagt merke til av store internasjonale namn innanfor bluesen.

– Då vi starta i 1982, var det heilt andre ting enn blues som var «inn». Vi bestemte oss for
at vi skulle læra oss blueshandverket frå då bluessjangaren var på høgda på 40- og 50-talet. Vi blei hyra inn som backingband mellom anna for mentorar som Hubert Sumlin og Lowell Fulson då dei turnerte i Noreg, fortel Arle Hjelmeland.

– Etter ein konsert på Hulen med Fulson, sa han at han kunne ha gått rett i studio med oss, mimrar han vidare.

Trass i god suksess og ei solid mengde tilhjengarar «der ute», har Good Time Charlie aldri vore på nokon USA- eller Europaturné. Gjennom fleire Den Kulturelle Skulesekken-prosjekt med utspring i GTC, kan Arle derimot visa til over 1000 skulekonsertar, og både konsertane hans og platene til Good Time Charlie har
eit breitt nedslagsfelt i alle aldersgrupper, også hjå dei aller minste.

– Vi har halde på i 42 år, men eg har same iveren endå. Det er like kjekt kvar gong vi får folk i publikum
med på allsong, fortel Arle.

Arle jobbar mykje med tekstane. Han ønskjer at dei skal vera enkle å syngja med på, då det er
dette som gjev best respons hjå publikum. Det er særleg vanleg med ein «syng og få svar» – «call and response»-teknikk på konsertane, ein klassikar innanfor bluesmusikken. Dette slår godt an hjå publikum.

Hjelmeland er utdanna som bygningsingeniør, men har musikken som hovudgeskjeft. Slik har det vore heilt sidan oppstarten av bandet. Han kombinerer med anna arbeid innimellom.

Foto: Ruben Olsen

Gjennombrot med barnemusikk

Suksessen med barnemusikk kom i 1997, då ein coverversjon av «Nede på stasjonen» blei spelt hyppig på radio.

– I 1995 song vi for skular og barn for første gong, då på engelsk. Eg og Johnny Augland turnerte med «Boogie og blues i eit skulehus». «Nede på stasjonen» i 1997 blei eit gjennombrot for barnemusikken vår, og då skjønte eg at her var det noko.

Sidan den gong har Good Time Charlie spelt på alt frå Bergen- Fest, Falturiltu barnebokfestival, Den norske bokbyen i Fjærland og på Jakob Sande-senteret, til kulturhus og bibliotek.

– I 2013 fekk vi grønt lys for å ta med heile bandet på DKS. Der turnerte vi med Jubelblues-serien, som er det opplegget vi har for born og familiar, mimrar Arle.

– I 2021 sette Kulturtanken i gang eit prosjekt der dei ønskte seg meir nynorsk i den kulturelle skulesekken. Vi søkte og kom med som ein av sju nynorske bidrag med ulike typar kunstnarar og kunstnargrupper. Det var over 70 søkjarar, så det var ganske stas. For vår del inkluderte dette opplegget mellom anna eit godt samarbeid med Guro Kristin Gjøsdal på Nynorsksenteret i Volda, legg han til.

I byrjinga med DKS-turneane song dei delvis på engelsk og delvis på norsk. Etter kvart gjekk dei over til å ha alt på nynorsk og dialekt, fortel Arle.

– Eg kvidde meg eigentleg for å skriva på dialekt. På 80- og 90-talet var det ikkje så mange som skreiv og song på dialekt. Eg hadde veldig respekt for dei som gjorde det, men eg gjorde det ikkje sjølv. Særleg etter DKS konsertane, har eg byrja å skriva meir på nynorsk og dialekt.

– Det interessante er at når me hadde tekstar på engelsk og normert norsk, fekk me eit breiare turneområde enn når me berre syng på dialekt og nynorsk. Det er eit tankekross, legg Arle til.

Undervisningsopplegg

I tillegg til å skriva tekster og gje ut plater, gjev Good Time Charlie ut tilhøyrande aktivitetsbøker med tekstane, akkordar og notar og litt om historia til bluesen. På den måten kan musikken brukast
i undervisinga i skulen i ulike fag. Borna lærer pophistorie og språk samstundes.

– Mykje av musikken ungane høyrer på har jo røter i blues, konstaterer Hjelmeland.

GTC har også laga «syng-med»- videoar til alle songane, som passar godt inn i undervisningsopplegget.

– Vi har arrangert tekstskrivarkurs for ungdomstrinnet. Vi har til dømes brukt klipp og limmetoden, at ein klipper ut ord og sett dei saman til setningar utan å skriva dei sjølv. Då fekk vi også med dei som ikkje var like stødige eller glade i å skriva, til å oppleva meistring.

Arle fortel også at dei fekk elevane til å skriva songtekstar baserte på tekst- og chatmeldingar dei hadde sendt.

– Då kom dei springande og hadde laga lange lister med songtekstar, seier Arle Hjelmeland engasjert.
Eit av DKS-prosjekta har også ein song dei kallar «Skulesongen», der borna er med og lagar teksten, og musikarane set melodi til. Her blir konserten avslutta med høg allsong frå stolte elevar.

– Borna skal vera inkluderte, og alle skal vera inkluderte. Vi lyttar til dei og engasjerer, forklarar Arle, som synest det er kjekt å setja i verk dei kreative sidene til borna.

Foto: Oddleiv Apneseth

Arle nemner tekst-tradisjonane til bluesen, og at dette er ein måte å læra born å uttrykkja seg gjennom musikken på. I tillegg får dei språkmedvit med på kjøpet.

– Eg er frå Førde, så eg syng med ein nynorsknær dialekt. Vi fekk ei flott tilbakemelding frå ein musikklærar som hadde vist ungane tekstane våre på tavla, og at ungane då innsåg kor nært dei snakkar nynorsk. Det gjev ei aha-oppleving for mange, at nynorsk ikkje er så vanskeleg.

Arle er veldig oppteken av at borna skal få det beste, og at musikken dei lagar for born, slettes ikkje er noko venstrehandsarbeid. Han skal gje like mykje på barnekonsertane som vaksenkonsertane, og platene skal vere like godt gjennomarbeidde. Det er diverre ein del prosjekt for barn som ber preg av å vere lite gjennomarbeidd, synest Arle.

– Born er veldig tydelege når dei ikkje likar noko, det set høge krav til oss. Når det fell i smak og vi får god respons, har vi oppnådd målet vårt. Vi legg like mykje i barneplatene våre som vaksenplatene og like mykje i konsertproduksjonane, det fortener borna.

Målpristildeling gjev inspirasjon

Medlemane i Good Time Charlie vart tildelte Sogn og Fjordane Mållag sin Målpris 2023 «fordi dei lagar fengande musikk for born på nynorsk. Born treng å bli eksponerte for nynorsk, og Good Time Charlie er ei viktig nynorskrøyst i bornekulturen.»

– Vi er veldig glade for å ha fått denne prisen. Dette er stas å få, fordi vi har jobba så mykje med dette i lang tid.

– Eg er oppteken av at mållaga må legge press på NRK Radio Super for å få meir musikk for barn med nynorske tekstar med nynorske tekstar på denne kanalen sine spelelister. Her blir det sendt musikk timevis kvar dag, men svært lite er på nynorsk. NRK Super har mange som arbeider med nynorske videoproduksjonar, men eg kjenner ikkje til at dette blir gjort i NRK Radio Super, avsluttar han.