aktuelt

Nynorskdagen – større enn nokon gong!

Målfolk i tog: I stålande sol vart det gått i tog til Ivar Aasen-gravsteinen i Oslo. Etterpå vart det fest hjå Nynorsk bokhandel. (Foto: Erik Grov)

Måndag 12. mai var det 140 år sidan Stortinget vedtok å jamstilla nynorsk og bokmål. Nynorskdagen blei feira over heile landet.

– Det er utruleg gledeleg å sjå kor mange som vil vera med på å feira nynorskdagen. Både næringsliv, organisasjonsliv, statlege føretak, folkevalde, politiske parti og heilt vanlege folk er med på å markera dagen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Det er akkurat slik vi vil ha det. Nynorskdagen er for alle, og vårt mål er at alle skal få prøva å skriva nynorsk denne dagen, seier Peder Lofnes Hauge.

Kollektiv-appen Ruter er ein av Noregs mest brukte appar. Fram til nynorskdagen har språkvalet stått mellom bokmål og engelsk, men no kan du endeleg velja nynorsk!

På dagen eitt år etter at Vipps kom på nynorsk, blei dei kåra til Årets nynorskbrukar saman med BankID.

– I år er det mange som har laga verkeleg flotte videoar. I videoen frå Avinor markerte flyplasstilsette på Anda lufthamn på Sandane dagen med kjærleik, medan kulturminister Lubna Jaffery helsa oss frå Bergen. Oslo mållag og Fonna forlag laga tog med korps og gjekk til Ivar Aasen-gravsteinen i Oslo.

Vi har samla eit utval bilete frå ulike feiringar rundt omkring i Noreg. Du finn også mange ulike videoar og postar i sosiale medium. Søk opp emneknaggen #nynorskdagen eller gå til instagramprofilen til Mållaget og klikk på «Nynorskdagen 2025»-albumet.

Så kan vi alle gle oss over kor allsidig feiringa vart. I år drog vi til med ei heil nynorskveke frå 6. mai til 12. mai, så det blir også med nokre glimt frå markeringa gjennom denne veka. Vi veit at mange skular og barnehagar brukte veka som eit påskot for å snakka om nynorsk, og at bibliotek over heile landet hadde fokus på nynorsk litteratur. NRK Super laga eigen reportasje frå Slemdal skole i Oslo, som hadde temaveke.

Skriv nynorskdagen opp i kalenderen! Vi gler oss til neste år!