Nynorsken må styrkast i teaterutdanninga
– Nynorskundervisninga i det treårige skodespelarstudiet på Teaterhøgskolen er ikkje godt nok forankra i fagplanen for skulen, det er for tilfeldig og for personavhengig, meiner Ola E. Bø.
Norsk Tidend møter Ola E. Bø i kantina på Kunsthøgskolen i Oslo (KhiO). Her underviser han teaterstudentar i nynorsk under emnet «Tekstformidling». Det har han gjort i 12 år, og har vore med og bygd opp eit løp gjennom heile studiet, som blir avslutta med ein større produksjon på nynorsk.
Dei siste fire åra har han også halde nynorskkurs ved Høgskolen Kristiania. Han har tidlegare vore dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret og var leiar i Noregs Mållag frå 1984–1987.
– Undervisninga ved KhiO er i dag organisert som ei timelærarordning, som blir fornya frå år til år, semester for semester. Dette synest eg er for tilfeldig og for personavhengig. Ei teaterutdanning i Noreg må sjølvsagt sikra kompetanse hjå skodespelarane i munnleg bruk av begge dei to norske skriftspråka.
Mangel i fleire år
Han meiner at dette undervisningstilbodet er i ein pressa situasjon. – I år er det til dømes ikkje nynorskundervisning i andre klasse ved KhiO. Det kan sjølvsagt vera tilfeldig eller eit unnatak akkurat i år, men det er likevel nokså symptomatisk. Det burde ikkje vera slik at nynorskopplæringa står i fare ved første omlegging eller budsjettkutt, seier Bø.
Då han byrja med nynorskkurs i emnet «Tekstformidling» for om lag 12 år sidan, var det lenge sidan det hadde vore nynorskundervisning ved KhiO. Mangel på nynorskundervisning og den språklege einsrettinga ved skulen hadde Bø og andre i målrørsla lenge kritisert.
– Ein kan vel seia at eg fekk jobbtilbodet av di eg hadde klaga i fleire år, ler Bø.
– Det kom også kritikk frå studentar om einsrettinga i språkundervisinga, legg han til.
«Danna austnorsk»
Målet med språkopplæringa ved Teaterhøgskolen hadde lenge vore at skodespelarane skulle læra seg «danna austnorsk» og ein språktone som lente seg tungt på scenespråket på Nationaltheateret. På dette grunnlaget utvikla Teaterhøgskolen eit eige fag som fekk namnet «Språkovergang».
På Det Norske Teatret vart ein etter kvart, og naturleg nok, kritiske til dette faget, som på sin måte også kom til å prega det nynorske scenespråket.
– Språksynet og undervisninga ved Teaterhøgskolen sette òg sitt preg på scenespråket ved Det Norske Teatret. Dei språklege ideala i «danna austnorsk», var så og seie overførte på den normerte nynorsken, meiner Bø.
Det Ola E. Bø legg vekt på i si undervisning, er at studentane skal ta utgangspunkt i sitt eige talemål og sin eigen språktone i møte med den nynorske teksten.
– Ein må ta utgangspunkt i den ein er og korleis ein snakkar, og ikkje bli tvinga inn i ei førestilling om eit meir danna, meir riksgyldig eller meir passande scenespråk bortanfor seg sjølv, seier han kontant.
– Når det gjeld nynorskundervisninga på Teaterhøgskolen er mitt poeng at den mest grunnleggande, og for alle praktiske formål, den viktigaste språkovergangen ein skodespelar i dette landet må meistre og får bruk for, er overgangen frå bokmål til nynorsk.
Etterspurt tilbod
Som støtte for denne meistringa treng dei òg ei viss grunnleggjande forståing for utviklinga av den norske språkvariasjonen. Og det trengst sjølvsagt øving. Språkvanar, uttale, trykk, tonelag og frasering osb. kjem ikkje av seg sjølv. Det er ingen tvil om at nynorsk «styrketrening» er eit tilbod som er etterspurd, fortel Bø.
– Eg får positive tilbakemeldingar frå både studentar og tilsette, for dei veit at dette er noko dei vil få bruk for. Men vi set for lite pris på den fleirspråklege norske røyndomen, med to jamstilte skriftspråk og eit levande mangfald av dialektar.
– No har det jo komme eit nytt tilbod om opplæring i nynorsk scenespråk, Nynorsk scenespråksenter ved Nynorskhuset i Førde. Det er knytt til Teater Vestland, og ein skal nytta språkovergangsmetoden for å læra seg å snakka nynorsk med sunnfjordsdialekt. (Les eiga sak i denne avisa.) Kva meiner du om Nynorsk Scenespråksenter?
– Eg er litt i tvil om ambisjonane deira. Så vidt eg forstår er det tenkt som eit etterutdanningstilbod. Dersom det då er meint å vera eit nasjonalt tilbod, til skodespelarar som vil bli å sjå på teater over heile landet, og ikkje berre eit rekrutteringstiltak for Teater Vestland, så bør ein kunna tilby undervisning på grunnlag av ulike talemål. Elles er eg redd for at dei står i fare for å gjera same feilen som Teaterhøgskolen gjorde i fleire tiår. Vi kan ikkje alle vera sunnfjordingar. Dette gav eg òg uttrykk for då eg i si tid blei beden om å kommentera plandokumentet. Men først og fremst vil eg ønskja lykke til, og eg vonar det blir bra.
Idealet
– Kva språkideal er det du sjølv vil ein skal strekka seg etter?
– Det har eg vel eit stykke på veg svart på. Men eg har hatt stor glede og nytte av å spela opptak for studentane med Olav H. Hauge som les sine eigne dikt, opptak som vi gjorde i 1987, han var då nesten 80. Han les ikkje bokstavrett skulemålsformene sine frå 1917-normalen, slik mange gjer når dei les opp Hauge, han farga språket med sitt eige ulvikmål, og då lever desse dikta på ein heilt annan måte. Slik blir det vesle diktet, «Fjellblokka kallar dei meg òg», reine lærediktet når ein uttalar preposisjonen til te, slik at det rimar på «Linné» og «̣krjupa på kne».
– Elles er det er det lite som gler meg meir enn å lesa i Aftenposten at det no er språkleg kaos på Nationaltheatret. Endeleg! tenker eg og kjem på kva den italienske dramatikaren og skodespelaren Dario Fo sa då han kvitterte for Nobelprisen: Scenespråket må vera ulydig, avsluttar Bø.