Nynorskkjærleik på Bergen katedralskole

Ved Bergen katedralskole finst det eit eige lokallag i Norsk Målungdom med over 40 medlemer. Vi har prata med nokon av dei som har byta frå bokmål til nynorsk.
TEKST OG FOTO: Vemund N. Knudsen
Det er full stans i bybanetrafikken på grunn av frosne straumlinjer då Norsk Tidend skal treffa elevar ved Bergen katedralskule. Dei har alle til felles at dei har byta til nynorsk som hovudmål, heller halde fram med det frå ungdomsskulen.
Ein frosen bybane har ikkje stogga andreklassingane Dina, Endre, Tarald og Lauritz. Alle kom seg tidsnok til skulen.
– Det er vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar her Bergen, seier Dina i Katten Målungdom om kvifor ho er med i Katten Målungdom. Dina er frå Samnanger, ein time utanfor Bergen. Ho har hatt nynorsk sidan barneskulen.
– Eg er ikkje stril, då, fordi det går ikkje an å ro fram og tilbake til Samnanger på ein dag, ler Dina, og skapar ein liten diskusjon rundt bordet om kva som er den opphavelege definisjonen på stril.
Ho fortel at ho får kommentarar på at ho skriv nynorsk, og på dialekta si.
– Ja, eg får av og til kommentarar på korleis eg skriv og snakkar. Då kjenst det av og til enklare å berre slå over til bergensk, fortel ho.
Dina understrekar at det ikkje er latterleggjerande kommentarar, men at ho i Bergen vert medviten om at ho er annleis som skriv nynorsk og snakkar ei dialekt som gjer det tydeleg at ho er frå utanfor byen.
– Alle rundt meg skreiv nynorsk i barndommen. No snur alle seg og ser på meg når vi skal skriva sidemålsstil eller ha sidemålsundervising, fordi eg liksom skal vera heldig som får ha bokmål, seier Dina.
Dei tre gutane som sit rundt bordet saman med Dina, er alle frå ulike stader i Bergen. Dei har heilt ulike inngangar til kvifor dei valde å skifta til nynorsk.
– Eg har alltid vore interessert i språk og kultur, så eg byrja å pugga grammatikk og tenkte eg måtte kunna nynorsk godt før eg skifta hovudmål. Men så fekk eg ei oppmoding heimanfrå om at det trong eg ikkje. Så eg skifta, og blei med i Målungdommen, fortel Endre frå Fana.
Tarald skifta til nynorsk då han starta i Vg2 i fjor haust. Han er oppvaksen på Årstad, med ein far som er nynorskbrukar. Han fann nynorsk enklare enn bokmål, og synest også det er eit viktig identitetsspørsmål. Han vart verva til Målungdommen av Dina.
– Eg tenkjer på dialekt, og nynorsk ligg nærare. Heilt på ekte så slit eg faktisk meir med å skriva ut tankane mine på bokmål, fortel han.

Den siste av målungdommane har ein litt meir utradisjonell veg til skriftspråkskiftet. Lauritz er vaksen opp på Nordnes, ikkje lange vegen frå Akvariet i Bergen.
– Eg er vaksen opp i ein heim der både besteforeldra og far min snakka veldig pent bergensk, men dei er glade i nynorsk. Som dyslektikar har eg slitt med språk, men etter eg kom her, har eg kjent på at nynorsk er sjølve ånda til Noreg, fortel han., fortel han.
Motivasjonen for å skifta til nynorsk var for å få eit større språkleg mangfald, fortel han vidare.
– No kan eg endeleg læra meg å snakka gatebergensk! Seier Laurtiz til latter frå dei andre.
– Dette er eit godt døme på kor gode vi er til å rekruttera her, seier Dina, som seier ho synest det er veldig tøft av gutane å skifta til nynorsk i eit så bokmålstungt område som Bergen.
– Eg trur kanskje ikkje eg hadde teke skrittet og skifta til nynorsk om det ikkje var for Katten Målungdom, legg Endre til, og dei andre stadfestar at det er veldig godt miljø i Katten Målungdom.
Sjølv om det er god stemning er det ikkje berre lett å vera nynorskbrukar. Det er enkelte utfordringar. Alle kjenner seg att i at det er varierande kvalitet i omsetjingar og i lærebøkene, og alle kjenner til nokon som har skifta frå nynorsk til bokmål på grunn av det.
– Det er svært synd, sjølv om ein kan forstå det, seier alle fire. Dei får likevel berre støtte frå lærarane, og føler seg godt ivaretekne som nynorskbrukarar, fortel dei.
– Korleis er omsetjingane dårlege?
– Det er tydeleg at nokre bøker er omsett frå bokmål, utan å ha tatt nok omsyn til at nynorsk ikkje blir bra om ein berre omset ord for ord frå bokmål.
– Andre gonger kjenst det som at dei går for dei mest sære formene, utan at det kjenst naturleg. Sjølv er dei litt usamde om kva former dei sjølv vil bruka når dei skriv nynorsk.
– Eg går berre for det som kling godt, seier Laurtiz.– Eg prøvar å skriva litt meir konservativt, eg synest det er gøy, seier Endre.
Eigen «nynorskklasse»
Når elevar med nynorsk som hovudmål frå ungdomsskulen byrjar i fyrste klasse ved Katten, blir dei samla i éin klasse. Dette er eitt av krava det sterke laget i Målungdommen har fått gjennom. Tiltaket er gjort for å hindra språkskifte. Tiltaket har ein effekt.
– Det hjelper å kjenna at ein ikkje er åleine, fortel ungdommane. Den klassen er det Øystein Darre Longva som har i år. Han er nynorskbrukar sjølv, og både nynorsk- og bokmålselevar får dimed all undervising i faga hans på nynorsk i norsk, psykologi, religion og etikk og historie.

– Sjølv om nynorskelevane framleis er i mindretal her, er det enklare å vera i gruppe enn å vera «den eine» som har nynorsk, fortel han. Øystein oppmodar gjerne elevane om å skifta til nynorsk, og trur det er veldig viktig at bokmålsbrukarane blir meir eksponerte for nynorsk.
– Mange har byrja veldig seint med nynorskopplæring. Ofte så verkar det som dei har hatt lærarar i grunnskulen som har vore negative til nynorsk. Han trur løysinga ville vore å starta tidlegare med sidemålsundervising og eksponering for språket, og gjera språk til ein større del av heilskapen i undervisinga.
– Mange av mine elevar peiker på at dei byrjar veldig seint med sidemålsundervisninga, og at det difor kjenst litt framand. Eg trur nynorsk og språkhøva kunne blitt betre integrert i faga jamt over. Det må vera meir enn berre eit kompetansemål, noko instrumentelt, sjølv om veldig mange sjølvsagt tenkjer på resultat og eksamen.
Bokmålsbrukar med nynorskbøker
Ikkje alle som er medlem i Katten Målungdom og har nynorskbøker er nynorskbrukarar. Norsk Tidend tek ein prat med Astrid i fyrste klasse. Ho har valt å ha f leire av lærebøkene sine på nynorsk, sjølv om ho har bokmål som hovudmål.
– Eg har alltid vore glad i norskfaget og språkhistorie, og ville bli betre i nynorsk. Då var løysinga å lesa endå meir, og gjerne i andre fag enn norsk. Ho har no bøker på nynorsk i mellom anna geografi og samfunnsfag.
– Merkar du nokon forskjell?
– I starten var det vanskeleg, særleg fagtermar og slikt var vanskeleg. No går det derimot veldig greitt, eg tenkjer ikkje så mykje over om det er bokmål eller nynorsk lenger, fortel Astrid, som også vil tilrå andre elevar og skular å gjera det same ho har gjort. Astrid fortel at det var negativitet omkring nynorsk på ungdomsskulen. På Bergen katedralskole opplever ho derimot at det er meir interesse for språk, noko som gjer norskfaget generelt og nynorsk spesielt mykje kjekkare.
– Det er ei heilt anna stemning her. Læraren skriv alt på nynorsk og eg har fått støtte for valet mitt om å byta språk på bøkene.

– Det er også veldig sosialt og kjekt å vera med i Målungdommen. Det er mykje gøy som skjer der. Men eg synest jo også at nynorsk er ein viktig del av norsk historie og kultur.
Skulebibliotekar ved Bergen katedralskole og nestleiar i Noregs Mållag, Live Havro Bjørnstad, fortel at Katten har fleire bøker på nynorsk enn dei har nynorskelevar. Det er fordi det ikkje skal vera eit problem for dei som ønskjer å byta språk, og det er ein sjølvsagt del av budsjettet.
– Her skal det vera mogleg for alle som vil å byta eller veksla slik Astrid har gjort, seier ho.
Knoting og usikkerheit
– Eg har ikkje full oversikt her og no, men eg opplever at ein del elevar med nynorsk som hovudmål strevar med å få «stramma inn» nynorsken i eit bokmålsområde. Det er noko knoting, seier Kristoffer Robin Kirkhus, lærar ved Bergen katedralskole.
Han er nytilsett ved Bergen katedralskole, men har vore lærar i fleire år tidlegare. Her underviser han i norsk og samfunnsfag, og har elevar med både bokmål og nynorsk som hovudmål. Han er ærleg om at det å undervisa i nynorsk, både som hovudmål og sidemål, tidvis er utfordrande.
– Eg har jo alltid skrive bokmål, så all undervisinga mi går føre på bokmål. Mitt mål som norsklærar er å gjera dei trygge og gode i det norske skriftspråket deira, men eg må vera ærleg og innrømma at nynorsk er den delen av faget mitt eg kjenner meg minst tilstrekkeleg i, fortel Kristoffer audmjukt.

– Det er viktig for meg at nynorsk ikkje berre skal vera eit kompetansemål, men at det skal bli behandla med respekt og i ein heilskap. Då tenkjer eg av og til at det er litt respektlaust at eg ikkje føler meg trygg nok i det, legg han til.
– Kva trur du knotinga kjem av?
– Elevane er ikkje akkurat omgitt av tekstmateriale, det er éin ting som er vanskeleg. Det held liksom ikkje det ein får på skulen.
– Har knotinga samanheng med lågare leseglede, trur du?
– Nei den gleda er genuin hos mange her. Eg opplever at litteratur gir elevane glede og skapar gode samtaler, svarar han kontant.
Kristoffer kan ikkje minnast at sidemålsundervising eller nynorsk var tematisert på lærarstudiet då han gjekk det for om lag 12 år sidan.
– Eg kan ikkje hugsa at det var snakka om at ein skal undervisa i klasserom med to ulike skriftspråk, eller at eg lærte korleis ein best underviser i nynorsk som sidemål.
Kva som skjer om ein tek vekk vurderinga i sidemål, har han ikkje noko enkelt svar på.
– Det er eit godt spørsmål, eg veit at mange opplever det som urettferdig at karakteren er der. Det krev mykje disiplin å vera eit tospråkleg menneske i det daglege, eller vera i ei rolle eller situasjon der ein får trening i begge skriftspråka. Samstundes er jo nynorsk språket til mange, og det må ein også respektera.