Nynorskstafetten på vegen
I tre veker, frå 28. oktober til 15. november, rullar Nynorskstafetten gjennom Nordhordland, Haugalandet og Agder.
Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet kring tre veker kvar haust for å samle og spreie kunnskap om nynorsk. I år er Nynorsk kultursentrum med som samarbeidspartnar, og tek med seg eit rikt kulturprogram ut på Nynorskstafetten.
Nynorskkommunane – LNK skal mellom anna delta på møte med kommuneleiinga og rektorar i fleire medlemskommunar – og skal òg bidra på inspirasjonssamlingar for lærarar og andre samlingar. I tillegg gjev Nynorsksenteret veldig viktige bidrag på fleire samlingar for barnehagetilsette og lærarar.
Nynorskstafetten går til randsoneområder der nynorsk er under press. Gjennom stafetten snakkar Noregs Mållag, Norsk Målungdom og andre nynorskorganisasjonar med alt frå ordførarar, bedrifter, rektorar, lærarar til elevar for å høyra kva som skal til for å gjera det lettare å bruka nynorsk i deira område. Målet er å lytta, læra, spreia kunnskap og gje ny kveik i arbeidet for nynorsk.
Nynorsk litteratur til skular i randsonene
I 2024 er Nynorsk kultursentrum med på Nynorskstafetten, og tek sine etappar med eit mangfaldig kulturprogram.
– Vi har lagt vekt på å syne fram litteratur og kultur på nynorsk, særleg i skulane. Det er særleg viktig at elevar i områda der nynorsk er under press får oppleve aktuell og sterk nynorsk litteratur, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum.
– Det har òg vore viktig for oss å samarbeide med og stø lokale aktørar, slik som Nynorskdagane i Alver, Blest litteraturfestival i Tysvær og barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord, legg Olav Øyehaug Opsvik til.
Nynorsk i næringslivet
– I Knarvik og i Ølen samarbeider vi med Nynorsk bedriftsforum og lokale aktørar for å fremje nynorsk og godt språk i næringslivet. Linda Eide held føredraget Klinkande uklart om kor viktig det er med tydeleg språk, og Nynorsk bedriftsforum informerer lokale bedrifter om jobben dei gjer for å gjera det like lett å vera nynorskbedrift som bokmålsbedrift, prosjektleiar hjå Nynorsk kultursentrum og konservator Fredrik Hope.
Lagsbygging i Mållaget
– Dette er eit svært viktig organisatorisk løft for oss kvart år. Vi opplever at vi får svært mykje att for det, både politisk og organisatorisk. Vi får samla gamle lag til ny giv, skipa opp att lag og treft lag som har arbeidd jamt godt over mange år. I år er det fyrste gong eg får til å vere med på Nynorskstafetten og det er både nyttig og kjekt for meg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
I kalenderen til Mållaget kan du lese dag-for-dag-programmet for Nynorskstafetten.