Nynorskstafetten til Møre og Romsdal
Denne veka byrja Nynorskstafetten i Surnadal på Nordmøre. I løpet av tre veker skal Nynorskstafetten innom Surnadal, Sunndal, Aure, Gjemnes, Molde, Aukra, Hustadvika, Rauma, Vestnes, Ålesund, Haram, Fjord, Sande og til sist Kinn i Vestland fylke.
Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som står bak Nynorskstafetten. Det vert fylt opp ein stafettbil med både materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten er eit samarbeid med lokallaga, Nynorskommunane (LNK) og Nynorsk kultursentrum.
Gjennom tre veker vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv, for å nemna nokre. På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag.
– For Mållaget er dette eit svært godt høve til å få snakka direkte med mange som er svært viktige for nynorsk skriftspråk i det daglege. Då er det avgjerande at kommunane ser kor viktige dei er for skriftspråket i lokalsamfunnet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Starten på Nynorskstafetten var i Språkåret 2013. Då feira Noregs Mållag og Norsk Målungdom Ivar Aasen med å reisa på Nynorskstafett i godt over 150 dagar. Seinare har det blitt om lag tre veker kvar haust.
Du kan sjå programmet for alle dagane her: https://www.nm.no/kalender/ eller følgje oss på Instagram og Facebook.