aktuelt

Nynorskstipend til Heidi Mundal

Heidi Mundal (Foto: Privat)

Noregs Mållag gjev kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kroner. I fjor gjekk eitt stipend til Heidi Mundal for å lage YouTube-videoar på nynorsk for vaksne innvandrarar og eitt stipend til Ove Arild Orvik for å kunne fullføre Nordnorsk ordbok.

Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet og skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt.

YouTube-videoar på nynorsk for vaksne innvandrarar
Heidi Mundal erlærar for vaksne innvandrarar som skal lære seg norsk på Ulstein vaksenopplæring i Ulsteinvik. Denne opplæringa er på nynorsk, noko som fungerer godt. Ho opplever at mange studentar er ivrige og ynskjer å lære norsk også utanom skuletida. Desse studentane nyttar seg gjerne av ulike læringsressursar som dei finn på nettet, og dessverre er det aller meste av slike ressursar på bokmål.  
Det vil Heidi Mundal gjere noko med. Ho er tildelt eit stipend på 50 000 kroner for å lage YouTube-videoar med tanke på å nå vaksne innvandrarar som er i gang med opplæringa si på nynorsk.

– Det er svært viktig for nynorsken at alle nynorskkommunar tilbyr opplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar. Og då bør det vere mange ressursar tilgjengelege. Vi tykkjer det er veldig bra at Heidi Mundal vil utvide mengda nynorskressursar på nettet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Søknadsfrist for årets nynorskstipend er sett til 15. februar. Les meir om nynorskstipendet og korleis du også kan søkje.