aktuelt

Nynorskstipend til Ove Arild Orvik

Ove Arild Orvik (Foto: Bente Støckert Benjaminsen)

Noregs Mållag gjev kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kroner. I fjor gjekk eitt stipend til Ove Arild Orvik for å kunne fullføre Nordnorsk ordbok, og eitt stipend til Heidi Mundal for å lage YouTube-videoar på nynorsk for vaksne innvandrarar.

Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet og skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt.

Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen
Ove Arild Orvik
er busett på Sortland og tidlegare norsklærar. Han fekk 50 000 for å fullføre boka  Nordnorsk ordbok. Boka kom ut før jul på forlaget Utenfor allfarvei i Harstad. Han har laga manus til boka med dei innsamla orda som språkforskar Hallfrid Christiansen samla inn. Finnmarksord frå ulike kjelder er òg med. Hallfrid kom frå Gimsøy i Lofoten og kan med rette kallast Nord-Noregs svar på Ivar Aasen.
– Dei nordnorske dialektane har eit rikt ordtilfang, og det er kjekt å få bidra til at Nordnorsk ordbok vert gjeven ut. Det er ekstra kjekt at Hallfrid Christiansen sitt arbeid vert ålment kjent. Ho var kvinne i eit svært mannsdominert forskingsmiljø, og det har nok gjort sitt til at arbeidet hennar ikkje har vore så godt kjent, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Hallfrid Christiansen starta den akademiske karrieren seint i livet og døydde i 1964 før ho fekk fullført arbeidet. Nordnorsk ordbok gjev eit inntrykk av ordtilfanget i dei nordnorske dialektane og litteraturen i åra 1929–1964. Dette er kulturhistorie, med ord frå landbruk, reindrift, matkultur, vêr og vind, hav og strand og om menneska i nord.
– Stipendet er eit lite bidrag til eit stort arbeid, fortel Peder Lofnes Hauge. I om lag fire år har Ove Arild Orvik vore på Riksarkivet, Språksamlingane i Bergen og arkiv ved Det arktiske universitet i Tromsø for å registrere og systematisere ordsetlane som Hallfrid Christiansen etterlét seg. Dessutan har han snakka med eldre folk for å få stadfesta talemåtar. Resultatet er ei bok på 470 sider som bør finnast i nordnorske bokhyller. Les om boka hjå Utenfor Allfarvei Forlag:  Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen – Utenfor Allfarvei Forlag (nettbutikkutenforallfarvei.no)

Den 15. februar er det ny frist for å søkje nynorskstipend. Les meir og send søknad du også!