norsk tidend

Nynorsktekst på norske filmklassikarar

Skjermdump frå Kjærlighetens kjøtere (1995). Publisert med løyve frå Norsk Filmdistribusjon.

Når Platekompaniet og Christer Falck samarbeider for å gje ut norske filmklassikarar på fysisk format, får filmane undertekst på både nynorsk og bokmål, i tillegg til engelsk. Til våren kjem andre runde av nyutgjevingane.

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

– Planen er å ha teksting på nynorsk og bokmål på alle titlar. Til no er det 21 av 24 planlagde og utgjevne titlar som har fått undertekst på både bokmål og nynorsk, fortel Erik Salvesen, produktsjef for film i Platekompaniet.

Fysisk format er populært

Christer Falck er for mange kjend frå Robinsonekspedisjonen, men han er først og fremst plateprodusent og forleggjar. Han har tidlegare hatt suksess med å gje ut norske albumklassikarar på CD og vinyl. Dette var hovudinspirasjonen for filmprosjektet som no er i gang.

Veldig store delar av den norske filmarven ligg i dag i arkiva til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Der er det mange titlar som ligg bortgøymd – kanskje gløymd. For å gjere den norske filmhistoria og skjulte skattar tilgjengelege for nye generasjonar av sjåarar og entusiastar, har Platekompaniet og Christer Falck gått saman for å gje ut norske klassikarar i restaurerte utgåver på Blu-ray.

Er det ikkje litt gamaldags å gje ut film fysisk?

– Det er ein myte at det fysiske salet av film er dødt. Omsetninga på sal av fysisk film er framleis på mange millionar i året. 35 prosent av den totale omsetninga vår, er faktisk sal av film. Og dette har halde seg stabilt lenge, sett vekk i frå dei filialane vi har lagt ned, sjølvsagt, fortel Salvesen.

Salvesen fortel at strøymerevolusjonen som har vore siste åra har i aller høgste grad gått ut over filmsalet i daglegvarebutikkar, bensinstasjonar og den fysiske utleigemarknaden. Det er framleis marknad og interesse for å kjøpe og eige film fysisk.

– Vi både trur og håpar at den norske filmklassikarserien vår er i ferd med å opne ein del auge både for norsk film og det fysiske formatet, legg han til.

IDEALIST: Erik Salvesen i Platekompaniet seier filmklassikar-prosjektet er drive av mykje idealisme og folkeleg entusiasme for film.

Nynorsktekst

Eirik Ulltang Birkeland jobbar frilans som omsetjar og språkkonsulent, og fekk med seg filmklassikarprosjektet gjennom bror sin. Han tilbydde seg å tekste filmane på nynorsk, og no har han teksta 21 av 24 titlar. Norsk Tidend tek kontakt over mobil.

– Tre av dei første filmane var komne for langt i prosessen til at det var mogleg å tekste dei på nynorsk. Men frå no av er målet at alle titlane skal bli teksta på nynorsk, seier han til Norsk Tidend.

Som filmentusiast og målmann var det fleire grunnar til at han ville bli med på prosjektet.

– Eg ønskte å vere med på å gi nyare generasjonar moglegheit til å sjå norske klassikarar, der fleire av dei har vore utilgjengelege lenge. At desse kjem med nynorsk undertekst, er ei kjempesak for nynorsken. Dette ville eg vere med på.

Kan du seie noko meir om nynorskundertekstinga? Kva former og ideal tekstar du etter?

– Eg er frå Førde, så nynorsken speglar naturleg nok dialekta. Då blir det ein slags midtlinenynorsk, med eit lite knepp mot det meir konservative. Så lar eg gjerne ordvala spegle det som blir sagt i filmen.

Birkeland fortel at han ikkje har noko system eller mal på nynorskformene utover dette.

– Kjem det filmar med meir nynorsknære dialektar, må ein jo gjerne tilpasse ordvalet noko. I filmen Bør
Børson
, til dømes, er det jo trønderdialekt og mykje song. Det kan bli interessant å sjå korleis eg løyser det. Så det er vanskeleg å seie noko om generelt formval.

Omset du frå bokmål, eller tekstar du frå start på nynorsk?

– Dersom det finst eit bokmålsgrunnlag, tek eg utgangspunkt i det, men eg gjer også tilpassingar der det er naudsynt.

Då Norsk Tidend spør Erik Salvesen om haldningane til nynorsk underteksting, fortel han det berre var positive reaksjonar på at Birkeland ville tekste filmane på nynorsk.

– Det var noko vi var svært positive til, og som vi synest er kjekt. Det er vel berre i NRK ein kan finne filmar med nynorsk undertekst. Det er vel naturleg at eit prosjekt som dette får nynorsk undertekst, når ein får moglegheita Eirik gav oss.

NYNORSK-SIGER: Å få filmar underteksta på nynorsk, er sjeldan vare. Dette er eit stor framsteg for nynorsken, meiner Eirik Ulltang Birkeland. Foto: Privat

Folkefinansering

Platekompaniet er ein privat og kommersielt driven aktør, og dei er avhengige av at filmklassikar-prosjektet går i null eller i pluss for å vere berekraftig. Difor har dei gått for ein folkefinanseringsmodell, altså at interesserte donerer eit beløp for at kvar enkelt tittel skal bli realisert. Dei som bidreg, får eit eksemplar av filmen når det er klart.

– Folkefinansieringa går berre til å dekkje produksjonen av blu-ray-utgjevingane. Det vi sel etter finansieringa, er det som betalar for arbeidet vi legg ned i dette. Det er mykje meir idealistisk enn det vi elles driv på med, fortel Salvesen.

Filmane blir gjevne ut i puljar: Først var det 10 filmar, og no til våren kjem dei neste 14

Kva filmar som blir plukka ut til å bli gjevne ut på ny, er avhengig av kva som får finansiering, men også kva filmar som blir etterspurde av folk. I Facebook-gruppa «Norske filmklassikere» er det over 12 000 medlemer. Her er det generelt mange diskusjonar om film, men det er også ein kanal som blir brukt som ein temperaturmålar på kva filmar som er ønskte som dei neste i Norske filmklassikarar-serien.

Jaktar på rettar

Der ei musikkutgjeving ofte har éin eller få opphavspersonar og eitt plateselskap som sit med rettane, er det fleire aktørar involverte i filmproduksjon. Ein har regissøren, produsentane, produksjonsselskapa og distributøren, for å nemne nokre. Når det kjem til fysiske utgjevingar som skal til sals, er det som oftast distributøren som sit med rettane.

– Vi har no ein avtale med Norsk filmdistribusjon, som sit på om lag 300 titlar av totalt 1200 langfilmar på norsk. Vi er i dialog med Svensk Filmindustri (SF) og Nordisk film også, og det er ein heil haug av filmar som ikkje har ein distributør i dag. Vi byrjar med dei filmane der vi veit kven som er distributør – det er lågt hengande frukt, seier Salvesen.

Har de planar om å gje ut TV-seriar også?

– Det blir nok ikkje aktuelt å gje ut TV-seriar under Filmklassikar-fana. Men det er ei handfull folkekjære norske TV-seriar vi gjerne skulle gitt ut i ei eller anna form i andre samanhengar, forklarar Salvesen og trekkjer fram De Syv Søstre og Hos Martin som to seriar han gjerne skulle ha sett på fysisk format.

Nynorsk teksting

Desse filmane kom i desember:
De dødes tjern (1958)
Knutsen og Ludvigsen (1974)
Den forsvundne pølsemaker (1941)
Bryllupsfesten (1989)
Reisen til julestjernen (1976)
Vi gifter oss (1951)
Den brysomme mannen (2006)

Desse kjem i april:
Ung flukt (1959)
Bør Børson jr. (1974)
Adjø solidaritet (1985)
To mistenkelige personer (1950)
Bobbys krig (1974)
Over grensen (1987)
Bør Børson II (1976)
Kalde spor (1962)
Arven (1979)
Kjærlighetens kjøtere (1995)
Op med hodet! (1933)
Heksene fra den forstenede skog
(1976)
Balladen om mestertyven Ole
Høiland (1970)
Fedrelandet (2023)