norsk tidend

Nynorskvind bles over storbyane

Fotograf: Jannica Luoto

Godt nytt år, Peder Lofnes Hauge, og gratulerer med over 15 000 medlemmer andre året på rad!

– Takk! Det er stor stas – og viserat mållaget blir oppfatta som like viktige som vi er. Dess fleire vi er dess meir makt kan vi stille bak krava våre, og veksten i seg sjølv er eit uttrykk for at vi har vind i segla. Det skal ein ikkje undervurdere – særleg ikkje i møte med styresmaktene.

Kven er den gjennomsnittlege medlemen i Noregs Mållag? Kvar bur hen, kor gamal er hen osb.?

– Ho er kvinne, 61 og eit halvt år og bur i Oslo. Men ein ting som er veldig kjekt med medlemsveksten
er at den kjem over heile landet. Nynorsk er eit språk for heile Noreg.

Kvar har medlemsveksten vore størst?
– Sidan 2019 har den prosentvise veksten vore størst i Sunnmøre Mållag og Sogn og Fjordane Mållag (19,4 og 18,7 prosent auke). Vikværingen, Trønderlaget og Hordaland har alle over 15 prosent auke på same tid. Dessutan har Løvebakken Mållag gått frå 13 til 33 betalande medlemer dei siste to åra.

Eg må likevel vere litt kritisk: I år enda medlemstalet på 15 483. Med 15 046 i 2022 er det jo ein nedgang frå 2021 fjor. Er det ein siger?

– Ja, det vil eg seie. 2022-tala skriv seg inn i ein trend dei siste åra der vi aukar jamt, og så er det viktig å hugse på at 2021 var eit ekstrem-år der vi brått fekk 1500 medlemer på ei lita veke etter den vulgære FpUkampanjen «F**K NYNORSK».

Kva meiner du er hovudgrunnen til at Noregs Mållag har det høgste medlemstalet sidan 80-talet?

Det er fleire grunnar til dette. Først og fremst er dette noko vi har jobba systematisk med over fleire år, og vi ser at vervearbeidet gjev resultat. Vi merkar særleg tilsig når nynorskbrukarane kjenner på at språket deira er under press. Då kjem dei til mållaget for hjelp – og det gjer dei rett i. Og så håpar eg jo at vi blir sett på som ein viktig aktør som klarer å levere resultat.

Kva er du mest fornøgd med å få gjennom i året som har gått?
– Eg trur det eg er mest nøgd med var eit vellukka landsmøte som vedtok både nytt prinsipprogram og nytt fireårig arbeidsprogram. Det var eit arbeidsintensivt landsmøte, men det var veldig kjekt å møtast igjen slik etter eit par år med koronapandemi og nedstengingar. Det er nok fredstid i mållaget, men det er definitivt vilje til strid, og politikken vi utvikla saman i fjor, er både offensiv og ambisiøs på vegne av nynorsken.

Statsbudsjettet for 2023 kan ikkje akkurat bli sagt å vere eit nynorskbudjsett: Hovudkravet frå dei 17 nasjonale nynorskorganisasjonane var ei auka løyving til Noregs Mållag, men det fekk ein altså ikkje gjennom, for å nemne noko. Har du trua på at høgt medlemstal for andre året på rad vil gje resultat i neste års statsbudsjett?

– Eg har ikkje berre tru på det, eg forventar det. At eit samla nynorskmiljø peikar på auka løyving til mållaget som det viktigaste tiltaket på kulturbudsjettet er noko regjeringa ikkje kan sjå forbi. Med ei ny språklov som gjev det offentlege nye krav er mållaget viktigare enn nokon sinne – ikkje minst for å sørgje for at styresmaktene når sine eigne språkpolitiske ambisjonar.

Kva blir dei viktigaste målsakene i år?
– Det som nok kjem til å ta mest tid er den nye opplæringslova. Ho kjem til Stortinget rundt påske, og vår jobb blir å passe på at det blir ei lov som er best mogleg for dei sårbare nynorskelevane. Dei må få ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane og då må lova spegle den digitale røyndomen klasseromma.

Og kva saker meiner du blir viktige saker på sikt?
– Vi må halde trykket oppe når det gjeld nynorsk i barnehage og skule. Det er i skulen nynorskbrukarane fell i frå – fordi mindretalsulempene blir for store. Men det er også ei stor utfordring å sikre nynorskbrukarane i eit stadig meir digitalisert samfunn. I ei tid der vi brukar telefonen til det meste, og det meste skjer på internett, er det avgjerande at programvare finst på og forstår nynorsk – og dialekter. Det er lett å føle seg frykteleg dum i eit talestyrt smarthus som ikkje forstår kva du seier.

Kva «nynorsking» ville du stått fast i heisen med?
– Jon Fosse. Fordi han er den største, og ein veldig fin og interessant mann. Dessutan kunne han roa meg med at dette kjem til å gå bra og at nokon kjem til å kome.

Har du eit favorittord frånynorskordboka?
– Fridom.

BONUS: Er det ein – død eller levande – nynorskmotstandar du vil seie noko fint om?
– Vi har alle vårt å stri med.