norsk tidend

– Mållaget kan ikkje stå med hua i handa

Det tok nokre år før nyvald mållagsleiar Peder Lofnes Hauge (31) skjøna at det er naudsynt å kjempe for nynorsken, men no er nordfjordingen klar til kamp. – Slaget om framtida står i skulen, meiner han.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Det er drygt fire år sidan Magne Aasbrenn steig fram på scena på landsmøtet i Bergen som den første mållagsleiaren frå Østfold. På det same landsmøtet vart den då 27 år gamle Peder Lofnes Hauge vald til styremedlem. Ung, men allereie røynd som aktiv politikar for Venstre. No har den unge Peder fått fire til på baken – både i år og erfaring med målarbeid – og det har lege i korta ei stund at han skulle bli innstilt til å ta over mållagsroret.

– Gjer ikkje nok for å stogge språkskiftet

– Korleis kjem landet til å merke at Noregs Mållag har fått ny leiar?

– Eg har vore så heldig at eg har sete fire år i styret i lag med Magne Aasbrenn, og eg håpar eg kan vidareføre det vi har starta på i lag. Vonleg vil eg vere ein leiar som er synleg i media med dei sakene som er viktige for Mållaget. Og så har eg sjølvsagt planar om å bli kjent med medlemmer og andre rundt ikring i landet. Eg trur det er få mållagsleiarar som slår forgjengar Magne i talet på reiste kilometer, så der har eg verkeleg noko å leve opp til.

Peder Lofnes Hauge og Magne Aasbrenn skal jobbe etter det same arbeidsprogrammet, men det er mange skilnader mellom dei. Og dei handlar om meir enn alder. Der østfoldingen Aasbrenn var noko så kuriøst som ein mållagsleiar frå bokmålsområdet Østfold, er Peder Lofnes Hauge oppvaksen i Gloppen i Nordfjord, som må reknast for å vere tjukkaste nynorskland. Han er likevel klar på at det er viktig å kjempe for posisjonen til nynorsk som eit landsmål.

– Nynorsk kan aldri bli eit regionalt språk for Vestlandet. Det var heller aldri meininga. Og sjølv om Vestlandet er episenteret for nynorsken, så er det heilt avgjerande for meg og for heile Mållaget å vise og jobbe for at nynorsk er eit fungerande bruksspråk for alle nordmenn, uansett kvar dei bur.

Oppdaga språkkampen seint

Det tok litt tid før det vart målmann av unge Peder. For midt i det nynorske kjerneområdet, i åra før og etter årtusenskiftet, verka ikkje språkkampen som den viktigaste kampen å ta.

– Eg hadde ein trygg nynorskoppvekst i Gloppen, mellom anna med tre år på det gamle landsgymnaset Firda på Sandane, og det var ikkje noko spørsmål kva mål ein skulle skrive. Så eg kjende i grunnen ikkje på at språket mitt var under press.

Men mykje har skjedd på dei åra som har gått. For det fyrste har Lofnes Hauge flytta frå Nordfjord til Bergen og oppdaga at ikkje alle vil nynorsken vel. For det andre har det språklege presset mot nynorskelevane også nådd fram til klasserommet han sjølv sat i.

– Nynorsken er på alle måtar ein svært sentral del av den eg er. Når nokon går til åtak eller vil svekkje plassen til språket mitt, anten det er i skulen eller samfunnet elles, så tek eg det veldig personleg og blir svært motivert for å ta kampen.

Den nyvalde mållagsleiaren er klar på at skulen er den aller viktigaste kamparenaen for Mållaget.

– Det er der slaget står. I dag risikerer nynorskelevane å få ei dårlegare skriveopplæring enn bokmålselevane. Det er det to hovudgrunnar til.

Den eine er at vi ikkje har politiske ordningar som sikrar nynorskelevane digitale læremiddel på nynorsk. Den andre er at vi ikkje greier å utdanne lærarar som er sterke nok i nynorsk.

Kommunane må vere med

Lofnes Hauge er spesielt uroleg for situasjonen for elevane i randsonene, der mange byter frå nynorsk til bokmål i løpet av skuletida.

– Nynorsken kjem under press frå majoritetsspråket bokmål både i og utanfor klasserommet. Reint politiske vedtak slår inn, som at det reint taktisk kan vere ein fordel å byte til bokmål, fordi det blir stilt lågare krav i sidemål enn i hovudmål. I tillegg har du større demografiske prosessar som at byane veks innover det som før var bygda, og då vil til dømes ein del tilflyttarar at ungane deira skal lære bokmål. Både lokale og nasjonale styresmakter må rett og slett gjere meir for å stogge språkskiftet.

Peder Lofnes Hauge er klar på at kommunane som skuleeigar spelar ei svært viktig rolle for framtida til nynorsken.

– Eg ventar at lokale styresmakter og ordførarar tek språkopplæringa til elevane sine på alvor. Det inneber òg å lyfte kampen for betre vilkår mot regjeringa og Stortinget om dei ser at det er naudsynt. Så kan Noregs Mållag hjelpe til, men vi er nøydde til å dra det lasset i lag, og det har kommunane som skuleeigarar eit stort ansvar for. 

Dei næraste åra blir viktige for nynorsken, meiner mållagsleiaren. Han peikar mellom anna på at opplæringslova skal reviderast, og det bør vere eit klart mål for målfolket at den nye lova skal gjere det lettare å vere nynorskelev.

– Vi må ha ei opplæringslov som tek innover seg at språkpolitikken stort sett skjer i klasserommet. I tillegg må vi styrkje sidemålsopplæringa og ha lærarutdannarar som utdannar språkmektige lærarar. Det er små og store kampar både lokalt og nasjonalt, og vi er heilt avhengige av at både mållaget sentralt og lokallaga er styrkte og kan ta den kampen.

– Hadde venta meir av språklova

Nyleg presenterte kulturminister og partifelle Abid Raja framlegg til ei ny språklov for Stortinget, og lova blir truleg vedteken seinare i år. Lofnes Hauge er klar på at han hadde venta meir av framlegget.

– Regjeringa hadde eit historisk høve, men det blei ikkje det løftet for nynorskbrukarane som vi hadde grunn til å håpe på. På somme område føreslår regjeringa faktisk ei dårlegare lov enn den noverande mållova. Skal språklova leve opp til sitt eige føremål om å styrkje nynorsken, må vi ha offensive tiltak som favoriserer nynorsken andsynes bokmålet. Vi kan ikkje seie oss nøgde med at rettane våre ikkje blir svekte, dei må styrkjast. Når Stortinget skal handsame språklova, må dei difor sikre at alle statstilsette må kunne skrive nynorsk, at fylkeskommunane får strengare språkkrav og at lova får sanksjonar.

Lofnes Hauge meiner målrørsla med fordel kan føre ein meir offensiv kamp for posisjonen til nynorsken. Og for å kome dit appellerer han til heile laget.

– Mållaget er i vekst, vi kan auke ambisjonsnivået. Utfordringa er at for kvar gong vi vinn ein ny siger, kjennest det som om vi rykkjer to plassar bakover fordi nokon kjem med eit åtak på sidemålsundervisninga eller mållova eller ikkje tek nynorskelevane sine rettar på alvor. Mållaget bør kome i ein posisjon der vi ikkje kjenner oss pressa inntil veggen heile tida. Og skal vi greie det, treng vi heile laget med all sin styrke. Vi kan ikkje stå med hua i handa og seie takk for kvar smitt og smule.

Den nyvalde mållagsleiaren har vore aktiv i politisk arbeid for Venstre i ei årrekke, mellom anna som politisk rådgjevar for sosialbyråden i Bergen. Han ser særleg fram til samarbeidet med lokallaga i arbeidet for politisk påverknad.

– Eg gler meg til å reise rundt i landet og bli kjent med lokallaga våre og få vite meir om kvar skoen trykkjer lokalt. Og så håpar eg jo at eg kan kveikje endå større engasjement for politisk påverknadsarbeid også lokalt ved hjelp av dei erfaringane eg har frå ganske mange år i partipolitikken.

Peder Lofnes Hauge skal leie Noregs Mållag frå Bergen, der han bur i lag med sambuaren Line og dottera Ingeborg. Foto: Jannica Luoto

Vi har godt av å sjå oss attende

Peder Lofnes Hauge er den 44. leiaren i Noregs Mållag gjennom tidene. På spørsmål om kven som er favorittforgjengaren, er han ikkje i tvil.

– Som venstrepolitikar er det lett å drøyme seg attende til gamle dagar og den tida då oppslutnaden om både nynorsken og Venstre var ein annan. Så det er klart at det er noko spesielt med Jørgen Løvland, som fyrst var statsminister og så leiar i Noregs Mållag. Det må vere ein naturleg karriereveg, tenkjer eg.

Nordfjordingen legg ikkje skjul på at han har stor respekt for det arbeidet Løvland og tidlegare målmenn gjorde, og han meiner dagens målfolk kan ha grunn til å sjå seg attende nokre gonger.

– Vi har godt av å minne oss sjølve på dei kampane som dei før oss har teke, og som òg på mange måtar er grunnen til at vi kan bruke språket vårt i den ustrekninga vi trass alt kan. Det er i ei linje etter desse målfolka vi står, og vi må sørgje for at vi på vår vakt ikkje gjer skam på dei som har kjempa før oss. Dei kampane som vart tekne når vi går så langt tilbake som til Jørgen Løvland si tid, var så store at dei nesten er uverkelege. Eit døme er jamstillingsvedtaket frå 1885 då det berre fanst nokre få skrivne tekstar på nynorsk.

Sjølv om målkampen i stor grad er ein defensiv kamp for tida, er det positive tendensar å sjå, meiner Peder Lofnes Hauge.

– Ta Bergen som eit døme. Der har vi jo sett tendensar til at nynorsken har vore på offensiven i det politiske miljøet. Det vil jo vise seg kva konsekvensar dette får om nokre år, om dette fyrst og fremst bli festtalar og tomme ord. Ein kan jo innvende at det ikkje hjelper stort med fine vedtak i bystyret i Bergen, om nynorskskular i Arna blir lagde ned eller nynorskelevar får lærarar som ikkje meistrar språket deira. Men eg trur dei festtalane fører til ei haldningsendring i befolkninga, og det er noko vi vil ha meir av, avsluttar han.