norsk tidend

«… og lat det som hagen bløma» – Fedrelandssalmen 130 år

«Gud signe vårt dyre fedreland» er kanskje den aller viktigaste salmen vår og kyrkja sin nasjonalsong. I år fyller salmen 130 år, og Blix-kjennar Anders Aschim skriv her om salmen og rolla han har spela for framveksten av nasjonen Noreg.

TEKST: ANDERS ASCHIM

Er du morgonfugl slår på NRK P1 på radioen nokre minutt før klokka sju søndag morgon, får du framleis høyre «Gud signe vårt dyre fedreland» som morgonhelsing. Eit forsøk frå NRK for ti år sidan på å avslutte denne tradisjonen blei møtt med så mange og kraftige protestar at rikskringkastinga valde å vidareføre likevel. Ein 17. mai utan fedrelandssalmen er utenkeleg, men du kan oppleve mange slags forsamlingar avsynge salmen, ståande, til heilt andre årstider òg, i kyrkjer og samfunnshus, i bokmåls- og nynorskdistrikt. Om debatten i 2016 førte til at ein slutta å ramme inn fylkestingsmøta i Sogn og Fjordane med denne salmen som allsong, veit eg ikkje, men det er kanskje lite truleg at det nye Vestland fylke held skikken ved lag. 

Fedrelandet i salmeboka

Religion og nasjon er ei kraftig kopling som kan ha mange slag konsekvensar, ikkje alle like heldige. Det er ikkje sjølvsagt at nasjonen skal ha ein plass i salmeboka, og i det meste av bokhistoria har den ikkje hatt det heller. Da presten Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) midt på 1800-talet skulle setje saman den første norske kyrkjesalmeboka som ikkje var dansk, prøvde han å få inn sin eigen salme «Raaber med Frydeskrig», til tonen «Gud sign vår konge god» i ei avdeling med «Særlige Salmer» under overskrifta «Landets Lykke». Salmen står i det «Udkast» som han fekk trykt i 1861, men kritikken var så sterk, både mot tekst og melodi, at salmen ikkje kom med i den offisielle salmeboka som blei utgitt ni år seinare. Ein kritikar karakteriserte teksten som «en gudelig 17de Mai-Vise», og til tonen hadde han høgst ukyrkjelege assosiasjonar. 

Det skulle bli akademikaren, politikaren og salmediktaren Elias Blix (1836–1902) som rydda plass for nasjonen i salmeboka. I 1892 blei fjerde utgåva av Nokre Salmar, som var utkomen året før, offisielt godkjent som salmeboktillegg i dei kyrkjelydane som ønskte å synge salmar på nynorsk. Der stod «Gud signe vårt dyre fedreland», som til

og med fekk Grunnlova inn i salmeboka gjennom tekstlinja «og landet med lov me bygde», ein tydeleg referanse til Frostatingslova: «Med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast». Frå 1893 kom det ut mange utgåver av Landstads Kirkesalmebog som også inkluderte Nokre Salmar.

Dei to avisene

To aviser speler ei viktig rolle i historia om «Gud signe vårt dyre fedreland». Den eine er nynorskavisa Nordmannen, som blei utgitt i åra 1888–1891 som eit moderat alternativ til den stadig meir radikale Fedraheimen. Det var her salmen første gong stod på trykk, torsdag 13. november 1890, med overskrifta «Fedralandet». Blix sette ofte tematiske overskrifter over salmane sine, og det var ikkje uvanleg at han prøvepubliserte dei i avis eller tidsskrift før dei kom i bokform. Frå desember 1889 og gjennom det neste året trykte han heile 19 nye salmar i Nordmannen før dei kom med i den sterkt utvida utgåva av Nokre Salmar i 1891. Da hadde «Fedralandet» skifta overskrift til det noko meir keisame «23. sundag etter trieinings-helg».

Men når blei salmen skriven? Det er her den andre avisa kjem inn i bildet. Det handlar om eit eksemplar av lillehammeravisa Fremgang for onsdag 20. februar 1889. På denne avisa har Elias Blix kladda førsteutkast til «Fedralandet» og to andre salmar. Nokre vil ha det til at Blix skreiv salmen på Lillehammer under eit rekreasjonsopphald vinteren 1889. Men strengt tatt gir avisa berre ein terminus post quem – det tidlegast moglege tidspunktet for påskrifta. Ein treng heller ikkje vere

på Lillehammer for å få tak i ei lillehammeravis. Min teori er at aviseksemplaret kom frå den Gausdalbaserte folkehøgskolelæraren Matias Skard, som samarbeidde med Blix om den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet. Det var ein intens innspurt i det arbeidet gjennom heile året 1889. I miljøet rundt Misjonssambandets skular på Fjellhaug i Oslo finst det ein tradisjon om at Blix gjorde ferdig salmen under eit besøk hos ein ven som heldt til der på staden.

Dei nemnde opphavshistoriene er svært usikre. I desse åra gjekk det som regel ikkje lang tid mellom skriving og publisering hos Blix. Han var i ferd med å fylle ut salmeboka si med dei tekstane som mangla for å fylle kyrkjeåret. Salmane som kom i Nordmannen på torsdagen, var i regelen tiltenkt førstkomande søndag. Slik var det med «Fedralandet» òg. Eg trur vi trygt kan markere 130-årsjubileet i haust.

Fedrelandssalmen har ei sterk kraft, som kjem fram i innhaldet og melodien, og at vi syng han ståande, ved høgtidelege høve. Den er ei bøn, som gjer meg audmjuk og glad for alt vi har i Noreg som er å takke for. Når vi syng fedrelandssalmen i vår tid, gir det meining berre dersom vi ber Gud signe alle med ulik bakgrunn i Noreg, og alle menneske og deira fedreland i verda. – Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja

«Fedralandet» blir Fedrelandssalmen

I Nokre Salmar var altså «Gud signe vårt dyre fedreland» plassert som evangeliesalme på ein bestemt søndag i kyrkjeåret. Det tok ikkje lang tid før salmen braut seg større rom. I ungdomslagsrørsla blei den raskt populær. Det stadig meir anstrengte forholdet til Sverige gjennom 1890-talet gjorde nok òg sitt. I samband med Trondheims byjubileum i 1897 blei salmen framført under ein kyrkjekonsert i Nidarosdomen av tidas store songstjerne Thorvald Lammers. 

Den 7. juni 1905 vedtok Stortinget – i ei bisetning – å oppløyse unionen med Sverige. Om kvelden møttest nokre folk heime hos stortingsrepresentanten Eivind Hognestad, mellom dei kyrkjestatsråden, Chr. Knudsen. «Det ble ingen sang, Hognestad!» sa Knudsen ved bordet. «Nei, eg våga meg ikkje til», svara Hognestad. Det kom fram at Knudsen hadde spurt Hognestad, som hadde god songrøyst, om å stemme i med «Gud signe vårt dyre fedreland» i stortingssalen når unionsoppløysinga var kunngjort, men motet svikta. 

Likevel, i løpet av det første året til det sjølvstendige Noreg slo salmen igjennom som samlande nasjonalt symbol, sjølv om det aldri blei gjort noko offisielt vedtak om det. Den 13. august 1905 var det folkerøysting om unionsoppløysinga, og mange stader blei «Gud signe vårt dyre fedreland» sungen ved opninga av røysteforretninga. Ved takkegudstenesta 7. desember same året hadde Kyrkjedepartementet bestemt at «Gud signe vårt dyre fedreland» skulle vere ein av salmane. Og da salmen blei sungen under kroningshøgtida i Nidarosdomen 22. juni året etter, var gjennombrotet definitivt.

Hagen

«Gud, signa vaart dyre Fedraland, Lat det som Din Hage bløma!» Slik lyder opninga av salmen i det aller første utkastet, i margen på den før omtala avisa. Eden, den bibelske paradishagen frå skapingsforteljinga, er mellom Blix sine litterære favorittstader, ein stad han ofte kjem attende til, til dømes i den no gløymde påskesalmen «I Edens sæle sumar».

Å synge Fedrelandssalmen er altså ikkje mindre enn å be om at Gud må gjere landet til ein Edens hage. I våre dagar syng ein vanlegvis berre tre vers. Da får vi ikkje med oss at salmen er ei forteljing, ei teologisk fortolka noregshistorie. Det gjeld òg ein annan velkjend Blix-salme som vi syng i amputert versjon, nemleg «No livnar det i lundar». 

Kontrasten lys-mørker er eit anna typisk Blix-motiv – også henta frå Bibelen, opphavsmannen underviste teologiske studentar i bibelfag og bibelske språk gjennom tretti år. Som vanleg plantar denne diktaren den bibelske verda om i eit jordsmonn som er umiskjenneleg norsk: «Om fjellet er høgt og dalen trong, ditt ord har då her sitt gjenge». Viktige element i historieforteljinga er kristninga av Noreg («Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde»), dansketid («Men atter seig natt på landet ned med trældom og tunge tider»), 1814 («og landet med lov me bygde»). Dette er altså ein kraftig nasjonalistisk tekst, men heilt fri for dei krigs- og kampmotiva som «Ja, vi elsker» er så full av. Her er det «Gud er attåt» som er grunntonen.

Det brydder då etter plogen

Tilhengarar av 1889-dateringa har tenkt at «Gud signe vårt dyre fedreland» er inspirert av 75-årsjubileet for Kielfreden og 1814-grunnlova. Også eg trur at ei konkret hending forløyste denne salmen, men eg har ein annan teori. Etter nesten ti års arbeid var endeleg Det nye testamentet på nynorsk komen ut vinteren 1890. Det står 1889 på tittelbladet, men kalenderen hadde snudd før boka faktisk var ferdig trykt. Eg trur at salmen er skriven for å feire dette verket. Metaforen i siste strofe, «Om sædet enn gror på ymist lag», har som openberr bakgrunn den kjende likninga om såmannen i evangelia. «Såmannen sår ordet», forklarer Jesus i Markus 4,14. At bibelordet no låg føre på heimespråket, var ei epokegjerande nasjonal hending. «Hadde me fengje ei slik umsetjing paa reformationstidi, so hadde mangt vore annarleides i Norig no, og iser vilde det sét annarleides ut ved mang ei daudsseng», sa Ivar Aasen da arbeidet var ferdig. Han hadde vore med på heile omsetjingsprosessen saman med Blix, Skard og Johannes Belsheim. Og kva gjorde Blix? Han skreiv «Gud signe vårt dyre fedreland».

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet og forfattar av biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix (Samlaget, 2008).