Organisasjonen Noregs Mållag
Noregs Mållag er ein demokratisk oppbygd medlemsorganisasjon med 17 fylkeslag og om lag 170 lokallag.
Samskipnaden har 15 046 medlemer (2022). Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har 1 254 medlemer (2022).
Noregs Mållag vart skipa 5. februar 1906, men dei fyrste lokale mållaga kom alt i 1861–62. I 1913 fekk Mållaget eigen administrasjon (skrivarstova) og blei ein effektiv samskipnad på landsplan. Noregs Mållag fekk dagens namn på landsmøtet i 1922. På det meste, i 1977, hadde organisasjonen om lag 17 700 medlemer.
Noregs Mållag er ein av dei største språkorganisasjonane i verda
Landsmøtet i 2022 fornya to program:
Peder Lofnes Hauge har vore leiar sidan 2020. Han er den 44. leiaren i Noregs Mållag.
Vil du vite meir om nynorsk, målreising og Ivar Aasen? Sjå til dømes desse nettsidene:
- Ivar Aasen hjå Ivar Aasen-tunet
- Målreisinga i Noreg hjå Store Norske Leksikon
- Nynorsk hjå Store Norske Leksikon
Årsmeldingar
Årsmeldinga innheld ein gjennomgang av dei målpolitiske arbeidsfelta, oversyn over samskipnaden, økonomi, Norsk Målungdom og dei nærskylde tiltaka.
Tidlegare årsmeldingar
Landsmøte
Noregs Mållag held landsmøte annakvart år, i partalsår. Alle lokallag og fylkeslag har utsendingsrett til landsmøtet.
Viktige årstal
Bokmål og nynorsk vert likestilte skriftspråk i Noreg
Sidemålsordninga i gymnaset vert innført
Den fyrste mållova, for å likestille bokmål og nynorsk i statstenesta, vart vedteken
Krav om at NRK skal bruke minst 25 % nynorsk vart vedteke
Grunnlova vart vedteken på nynorsk