norsk tidend

Pepar og Gulrot til folket

LETT HEKTA: Pepar og Gulrot er lettlesen fantasy som får ungane hekta på kort tid.

Norsk Tidend vitjar Outland Forlag i høve utgjevinga av den første teikneserien deira på nynorsk – Pepar og Gulrot. Me møter forlagssjef Kazima Sjøvoll på kontoret til Outland Forlag i Bergen.

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

Gratulerer med den fyrste nynorskutgjevinga dykkar! Korleis kom dette prosjektet til?

– Pepar og Gulrot er eit «opensource»-prosjekt. Det ligg gratis ute på nettet og er utvikla og
omsett av mange som er fan av serien. Det er originalt skrive på både engelsk og fransk under namnet Pepper and Carrot av David Revoy, men omsett til fleire titals språk. Faktisk er nynorsk eit av dei få språka alle episodane er omsette til, av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer.
– Det var Arild, som jobbar ved Nynorsksenteret, som tok initiativ til å gje ut ei fysisk utgåve.

Kvifor vel de å gje ut ei fysisk utgåve når han ligg gratis på nett? Er det ein marknad for det?

– Born leitar ikkje nødvendigvis etter informasjon omkring nynorske bøker, eller oppsøker kjelder for kvar dei kan finne bøker og slikt. Pepper and Carrot har eit ungt publikum, og me tenkte at dette er ein serie som burde vere tilgjengeleg for bibliotek og bokhandlarar.
– Outland har som mål å spreie leseglede. Å gje ut Pepar og Gulrot på nynorsk er ekstra kult, då det blir den første utgjevinga av denne serien på norsk. Me ønskjer å vere eit positivt bidrag til variasjonen i nynorsk litteratur og teikneseriefloraen på norsk. Me har søkt om å bli tekne opp i innkjøpsordninga, men me har ikkje fått svar enno.

Outland forlag gjev ut mykje omsett litteratur. Til no har dette berre vore på bokmål. Er det lønsamt å gje ut på nynorsk?
– Bokmål er som oftast enklast og tryggast. Fordelen med Pepar og Gulrot er at det allereie er omsett til nynorsk. Det er veldig enkelt språk i serien, men med mykje flotte og ekspressive bilete. Dette er blant det som bidreg til at eg trur Pepar og Gulrot også vil gje glede til dei som har nynorsk som sidemål.
– Me gjev primært ut på bokmål, men då Arild kom til oss med dette prosjektet, så nølte me ikkje. Me fekk heller sjansen til å gjere noko me ikkje hadde tenkt på sjølv. Born har mykje kapasitet til å ta til seg språk. Å bli tidleg eksponert er bra, og dette er ein serie retta inn mot dei yngste.

GLER SEG: Kazima i Outland Forlag gler seg til den
fyrste utgjevinga på nynorsk.

Kva er det med Outland Forlag som gjer at denne utgjevinga høver seg best der, heller enn til dømes på eit reint nynorskforlag?
– Teiknestilen i Pepar og Gulrot minner om uttrykket til Studio Ghibli, eit tradisjonsrikt animasjonsstudio
med stor innverknad på den japanske teikneseriemarknaden. Dette er eit kjent uttrykk for mange lesarar av det me elles gjev ut på Outland Forlag. Det vil altså vere attkjenneleg for kundegruppa vår, og gli inn i det uttrykket og type utgjevingar me gjev ut elles.
– Teikneseriar er blitt svært populært – det har teke av dei siste åra. Outland forlag spesialiserer seg på omsetjingar, teikneseriar, fantasty, sci-fi og annan «fantastisk» litteratur. Derfor er Pepar og Gulrot eit naturleg prosjekt for oss.

Kva er det som er mest populært, og kven andre gjev ut teikneseriar i Noreg?
– Det siste talet eg høyrde, var at det faktisk er over 20 forlag i Noreg som gjev ut teikneseriar, sjølv om det ikkje er alle dei som hovudsakleg satsar eksklusivt på teikneseriar. Størst på marknaden på teikneseriar er Strand forlag og Egmont. Her på Vestlandet har vi også Überpress som satsar ein god del på nynorske teikneseriar, både for vaksne og barn.
– Eg har inntrykk av at det er teikneseriar for barn og ungdom som er mest populære for tida, og der har Egmont også gjort ei stor satsing dei siste åra med dei episke teikneserieutgjevingane deira. Me i Outland ser at manga er svært populært blant barn og ungdom, og dermed satsar me på å omsetje desse populære seriane våre. Egmont har også byrja å satse på manga med Mørkalven og gjenutgjeving av WITCH-serien. I tillegg er jo sjølvsagt Marvel og andre superhelt-seriar svært populære.
– Outland forlag er ganske ny i forlagsverda, me blei grunnlagt i 2016. Der har ei av hovudsatsingane vore Dragonball-serien. Manga er svært populært blant unge, og me såg at det var svært mange som kjøpte manga på engelsk endå me tenkte dei var litt unge. Vårt inntrykk er at ein del ungdom synest norsk er litt teit, så motivasjonen vår har vore å få unge til å lese det dei har lyst til å lese på norsk først, heller enn engelsk.

Og har dette gjeve resultat?
– Ja, me har sett at det er skjedd eit skifte frå engelsk til norsk dei siste 5–6 åra! Det er særleg mange foreldre og besteforeldre som kjem inn i butikken og skal kjøpe lesestoff til barna/barnebarna.
Det er lågare terskel å selje inn noko til dei, som kanskje ikkje veit så mykje om det dei skal kjøpe til barn og barnebarn, når det er på norsk heller enn på engelsk.
– Me gjev også ut brettspel med same filosofi: Gje folk det dei vil ha, men på norsk først. Det har også hausta resultat. Så me gjev ut Pepar og Gulrot med same filosofi, og på nynorsk attpåtil. Me vonar dette blir eit godt bidrag til nynorsklitteraturen.

Er Pepar og Gulrot gjeve ut fysisk tidlegare?
– Ja, på engelsk og fransk meiner eg. Men som sagt blir dette den første fysiske utgjevinga på norsk, og eg trur ikkje han er gjeven ut som éin stor publikasjon før.
– Så vil eg seie at det er viktig for oss at denne teikneserien får same behandlinga som alle andre publikasjonar, sjølv om han altså er gratis og ope tilgjengeleg på internett. Me gjev royalties og
honorar til omsetjarar, og fleire andre involverte, akkurat som me ville gjort med alle andre.

Blir dette ei komplett samling av Pepar og Gulrot, eller kjem det fleire band?
– Ikkje alle episodane som er gjevne ut til no, blir med, så me har planar om fleire band!

Når kjem boka ut?
– Lansering er på sjølvaste nynorskdagen 12. mai!

Norsk Tidend tek også ein prat med Arild Torvund Olsen, som er initativtakar til den fysiske utgjevinga og omsetjar av Pepar og Gulrot.

Kan du kjapt forklare Pepar og Gulrot-universet?
– Pepar er ei ung heks som har vorte adoptert av tre eldre hekser og blir opplært i magiskulen som desse tre høyrer til. Etter kvart forstår ein at det er mange ulike hekseskular, og at det var ein stor krig ei stund tilbake. Så det er mange konfliktar som ligg og ulmar gjennom forteljingane.
– Me følgjer utviklinga til Pepar som heks. I dei siste episodane skal ho ut og prøve seg på eigahand. Og Gulrot er då katten til Pepar.
– Enkeltståande episodar kan lesast enkeltståande, nokre av dei går derimot inn i ei større forteljing del av ei overordna historie der igjen. Det er som om det er eit slags blad, for kvar episode kan lesast sjølvstendig.

Kva er det som er fascinerande med Pepar og Gulrot serien?

– Eg likar teiknestilen og den visuelle forteljemåten. Måten Revoy har bygd opp universet på, er spennande: Først med enkle historier, og sidan har han laga ein heil mytologi og gjeve ut forteljingar som byggjer på og byggjer ut universet.
– Eg har testa serien ut på eigne ungar, og dei har late seg fenge av historiane. Det er mykje av grunnen til at eg tenkte at dette er noko nynorsken treng at me gjev ut. Serien er mangainspirert i streken, og det er ein stil som manglar i nynorsklitteraturen. Og så er det enkelt og greitt gode, spennande og artige historier.
– Så er det noko med at mange av dei som lagar seriar og litteratur, ofte lagar sosialrealisme, me treng fantasi, leik og moro også.

Arild Torvund Olsen (over til høgre) er teikneserieskapar, i tillegg til å jobba ved Nynorsksenteret.
Serien hans, Katten og kråka, vart nett gjeven ut på samisk.

Korleis enda du opp med å omsetje Pepar og Gulrot?
– Eg oppdaga serien for ein del år sidan då eg dreiv å leita etter noko eg kunne bruke på eit aktivitetsark
for mållaget. Så la eg merke til at Pepper and Carrot var laga på ein open lisens, slik at ein har lov å ta
det i bruk slik ein vil. Det var også laga eit system på nettserien slik at det var lett å lage eigne omsetjingar og laste dei opp. Då fekk eg lyst til å prøve meg, og jobba sakte, men sikkert med å omsetje ein del episodar på nettsida.
– Etter kvart fekk eg ein medsamansvoren, Karl Ove Hufthammer, og då gjekk det fortare. No har me omsett alle dei 37 episodane som er komne. Med dei siste episodane har me til og med hatt nynorskomsetjinga klar før den offisielle lanseringa.

Har du erfaring med teikneseriar og omsetjing?
– Eg har skrive manuset til den nynorske teikneserieboka Katten og kråka, som Überpress gav ut, og som
kom i sørsamisk utgåve i fjor. Du kan seie eg både er litt serieskapar og litt omsetjar, eg har eigne seriar og prosjekt på sida av Pepar og Gulrot. Eg har også elles jobba mykje med språkvask i Überpress. Så jobbar eg ved Nynorsksenteret som høgskulelektor.

Både du og Kazima i Outland forlag har sagt at det er enkelt språk i serien. Korleis har det vore å omsetje serien? Enkelt eller vanskeleg?

– Enklare enn mykje anna. Det blir vist til ein del mytologi og historie om universet, så ein må omsetje ein del ekstrauttrykk og ord i tillegg til det som står i teksten. Eg og Karl Ove Hufthammer utfyller kvarandre og ser ulike ting. Så er jo Pepar og Gulrot omsett til mange språk, så ein har andre omsetjingar ein kan sjå til. David Revoy jobbar jo med dei engelske og franske utgåvene parallelt, så ein kan ein sjekke dei to om ein skulle vere i tvil.

Og kvifor ønskte du å gje det ut i fysisk format?

– David Revoy, opphavs-personen til Pepar og Gulrot, har gjeve ut engelske og franske utgåver på papir. Då ville me ha ein nynorskversjon òg. Me såg oss rundt i forlagsbransjen, og tenkte at Outland forlag var best. Så dei fekk oppdraget med å ta kontakt med David Revoy. Han er veldig oppteken av at Pepar og Gulrot er noko folk skal kunne ta i bruk og bruke på nye måtar, lage nye historier eller medium. Det finst animasjonar og brettspel. Me har også laga bursdagskort med motiv frå universet. Dette skal vere mogleg å ta i bruk og byggje vidare på som ein ønskjer.
– Ein når ut til andre lesargrupper ved å ha alt tilgjengeleg fysisk. Eg ser også at sjølv om ungane mine har lese alle episodane på nett, så gler dei seg til det kjem ei papirbok. Det er noko med det å få det på papir, som gjer lesaropplevinga betre.
– Eg trur at den norske boka som kjem ut, vil ha stort potensial. Eg trur ikkje det er så mange som har oppdaga serien, som det finst potensielle lesarar. Med eit forlag i ryggen trur eg me skal kunne nå ganske mange. Det er ein serie det er lett å like og lett å kome inn i.

Men kva er då det økonomiske potensialet? Klarar han å leve av dette, Revoy?
– Han har ein god del som stør han på Patreon (folkefinanseringsteneste). I den siste episoden var det 1578 bidrag for å lage episoden, inkludert eit fransk forlag som er med og stør episodane i byte mot at dei får gje dei ut i papirutgåve.

Kazima nemnde at det kjem fleire band. Er du involvert i denne delen av prosjektet også?
– Veit ikkje kor mange episodar dei har med i den utgjevinga som kjem no, men etter kvart som det kjem fleire, vil det vel kome eit Band 2.

Kva gler du deg mest til med å få det utgjeve?
– Det er kjekt at det kjem omsette ting på nynorsk, og at det er den første utgjevinga av Pepar og Gulrot på norsk og at denne er på nynorsk. Dei fleste tinga som kjem i omsetjing, er på bokmål, om det
ikkje er Samlaget som gjev det ut, og dei har gjeve ut lite omsett litteratur dei siste åra. Nesten alt som kjem av omsette teikneseriar på norsk, er på bokmål. Då er det kjærkome at Outland har satsa på dette.