norsk tidend

Plan for nynorsk let vente på seg

NYNORSK OG BOKMÅL HAND I HAND? Bø i Telemark har lange nynorsktradisjonar. Sauherad har alltid vore bokmål. I den samanslåtte kommunen Midt Telemark, tapar derimot nynorsken terreng, i strid med vedteken politikk.

Denne saka er skriven i eit samarbeid mellom Bø Blad og Norsk Tidend.

TEKST:
VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN, NORSK TIDEND
MARTA KJØLLESDAL, BØ BLAD

I Midt-Telemark kommune kom Kommunedelplan for oppvekst ut på høyring i 2020. Fire år seinare er han framleis ikkje handsama og endeleg vedteke.

Oppvekstplanen handlar mellom anna om barnehage og opplæringa i skulen. Måla som er stadfesta i målbruksplanen er ikkje nemnte.

På spørsmål om kvifor oppvekstplanen ikkje følgjer måla i Målbruksplanen, svarar kommuneadministrasjonen at ingen av dei som sit i staben no var med i utforminga av planen og difor ikkje kan svare på spørsmålet.

– Frå hausten skal kommundelplan for oppvekst reviderast. Det vil då vere naturleg å ta omsyn til dette, legg dei til.

Ny kommune får skylda

I 2020 blei Bø og Sauherad slått saman til Midt-Telmark kommune. I tillegg trådte ny læreplan i kraft same året. Dette er noko av forklaringa, seier Evy Beate Stykket (V), leiar av utval for kultur og oppvekst.

– Ny kommune bringer med seg mange nye saker, og så kom det attpåtil ein ny læreplan. Det er nokre av forklaringane på kvifor arbeidet med oppvekstplanen har tatt lang tid, seier Stykket.

Stykket viser også til at det er kome nye, viktige krav frå politisk hald:

– Det skal bli utarbeidd ein førebyggjande plan for barn og unge. Denne må bli ferdig før me held fram med arbeidet med oppvekstplanen.

– Korleis går det med nynorsk og dialekt i kommunen i dag?

– Det er varierande, men eg kan ikkje seie noko systematisk om det. Rånemiljøet nyttar mykje dialekt, veit eg. Det er veldig bra. Elles er det veldig tilfeldig kva som blir gjort for nynorsk i kommunen, innrømmer Stykket.

Vedteke styrkjing av nynorsk

På kommunestyremøtet i juni hadde kommunestyret oppe ei sak om kommunen sin nye kulturstrategi. Her står det at ein skal «Styrke nynorsk språk og dialektbruk gjennom oppfølging av kommunens målbruksplan og samskaping».

– Det er naturleg at delar av denne planen går inn i oppvekstplanen også, seier Stykket.

Sigbjørn Hjelmbrekke (R) deler dette synet, men meiner kommunen må gjere endå meir for å styrkje nynorsken.

Då saka blei sendt til sitatsjekk i haust, tettare opp mot valet, spurte Norsk Tidend og Bø blad om ei oppdatering i saka. Evy Beate Stykket sa følgjande:
– Det er ingen relevante oppdateringar. Det har vore ein kaotisk periode etter samanslåinga, så me får nøste opp ein og ein tråd i neste periode og få meir struktur også på dette.