norsk tidend

Reagerer sterkt på målforslag frå NU-styret

Marit Kvamen, leiar av NU-lokallaget Ervingen i Bergen.

Styret i Noregs Ungdomslag foreslår å fjerne krav om nynorsk i organisasjonen.
– Grunnvollane blir flytta på, seier lokallagsleiar Marit Kvamen.

TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES

Før jul la styret i Noregs Ungdomslag (NU) fram to lovendringsforslag for medlemmane sine. Eitt av dei gjeld målbruk i organisasjonen: Styret vil opne for at andre språk enn nynorsk kan bli brukt på kontoret til NU.
– Eg vart skikkeleg lei meg. Eg har tenkt at nynorsken er ein sjølvsagt del av NU, seier Marit Kvamen, som er leiar for lokallaget Ervingen i Bergen.


– Utdatert

Noregs Ungdomslag består i dag av 380 lokallag landet rundt. Desse står fritt til å bruke det språket dei vil, men tenestemålet sentralt er nynorsk. Det vil seie at all informasjon som blir sendt ut frå NU-kontoret i Oslo, må vere på nynorsk i dag. Dette vil styret no endre på.
– Kvifor det, leiar Torbjørn Bergwitz Lauen?
– Det er lenge sidan vi har hatt ein skikkeleg diskusjon om målsak på landsmøtet i NU. På landsmøtet til våren skal vi drøfte eit langtidsprogram som skal gjelde for åtte år framover. Då er det viktig at vi tek standpunkt på det som har vore vedtekne sanningar lenge, svarar han.
Dagens paragraf om målbruk (§ 9) slår fast at NU pliktar å verne om nynorsk og dialektar «i samsvar med føremålsparagrafen og prinsipprogrammet». Dette er utdaterte formuleringar, ifølgje Lauen.
– Føremålsparagrafen vår er blitt endra og nemner ikkje nynorsk i dag. Heller ikkje i prinsipprogrammet har vi noko om nynorsk.

– Det å kalle nynorsken ein hemsko var litt sleivete, eg burde kanskje ikkje ha skrive det. Eg var litt spiss der. Men det skapte engasjement, seier Torbjørn Bergwitz Lauen, leiar i Noregs Ungdomslag. Foto: Privat


Tankar

Leiaren ynskjer å lovfeste ein språkplan for sentralleddet i NU. I eit vedlegg til lovendringsforslaget, kalla «Tankar frå leiaren», skriv Lauen meir om kvifor han ynskjer
å endre målparagrafen. Han meiner:
● nynorsken har aktivt utelukka delar av ungdomslagsrørsla frå organisasjonen
● at NU held på nynorsken «fordi me alltid har gjort det»
● at NU har eit særleg historisk ansvar for nynorsken, men at nynorsken til tider òg har «kjenst som ein hemsko»


Provoserer

Særleg bruken av ordet «hemsko» har provosert fleire lokallag. I skrivande stund har fire lag sendt inn innspel til lovendringsforslaga: Sogn og Fjordane, Fjærland, Rogaland, og Bergen Ungdomslag Ervingen.
– Hemsko, står det. Ei ulempe. Det synest vi ikkje er ei heldig formulering. Det er litt sårande. Det får meg til å kjenne meg som ei byrdei ein organisasjon der eg har høyrt heime lenge, seier Marit Kvamen, lokallagsleiar i Bergen.
Ho er ueinig i at nynorsken har «utelukka delar av ungdomsrørsla» frå NU, sidan kvart lokallag kan bruke den målforma dei sjølv ynskjer.
– Eg håper det ikkje er nokon som ikkje vil ta mot informasjon frå sentralleddet, berre fordi han er på nynorsk, seier ho.

Det får meg til å kjenne meg som ein byrde i ein organisasjon der eg har høyrt heime lenge.

Marit Kvamen, leiar for NU-lokallaget Ervingen i Bergen


Ingen kamporganisasjon

Kvamen reagerer også på at leiar Lauen argumenterer med at nynorsken ikkje fenger ungdomen i like stor grad som før.
– Er det det som skal ligge til grunn for organisasjonen vår, det som er populært blant ungdomen,
spør ho, og legg til:
– I det siste har jo nynorsken fått eit oppsving. Så ein kan kanskje seie at det faktisk fenger.
Eitt teikn på at synet på nynorsk er i endring, er mållagets rekordmange medlemmar. Leiaren i NU gler seg over dette.
– Men det seier ingenting om korleis NU skal drive vidare. Det er lenge sidan vi var ein kamporganisasjon for nynorsk, meiner Lauen.


Tvang

Leiaren understrekar at han ikkje ynskjer noko vondt for nynorsken.
– Vi skal framleis verne nynorsken. Men når det gjeld tenestemålet i NU, så kjem det an på kor mykje tvang ein skal bruke, meiner han.
Om NU skal rekruttere medlemmar til eit nytt lokallag i eit bokmålsdominert område, vil
det vere enklare om dei sender ut informasjon på bokmål først, meiner Lauen.
– Førsteinntrykk er viktig. Så kan dei få årsmeldingar eller nyhendebrev på nynorsk seinare. Dette er éin av mange ting som trengst for å rekruttere nye. Vi har eit stort arbeid framfor oss for å få organisasjonen til å vekse att.
NU har mista mange medlemmar under koronapandemien. Leiaren ser behovet for å snu alle steinar.
– Eg håper det vert ein god diskusjon på landsmøtet, og at folk kjem dit. Det har vore ei utfordring
lenge at færre og færre dukkar opp. Det nyttar ikkje berre å vere sur, ein må møte opp, seier Lauen.

Motivasjon

Han trur NU kan stå i fare for å miste kompetanse organisasjonen treng, på grunn av nynorskkravet ved kontoret i Oslo. Det er Marit Kvamen ueinig i.
– Om det er nynorskkravet som gjer at du vel å ikkje søke jobb hjå NU, så er du kanskje ikkje den personen vi vil ha i organisasjonen vår heller, meiner ho.
Om ein er motivert til ei stilling i NU, er ein sikkert motivert for å lære seg nynorsk også, trur Kvamen. Ho meiner også at NU bør tilby opplæring til nye tilsette som treng det.

Når det gjeld tenestemålet i NU, så kjem det an på kor mykje tvang ein skal bruke.

Torbjørn B. Lauen, leiar i Noregs Ungdomslag


Identitet

Kvamen trur at mange medlemmar føler at identiteten til NU vert truga av forslaget frå styret.
Fleire har reagert med sjokk og sinne på endringsforslaga, ifølgje henne.
– Grunnvollane blir flytta på når ein vil endre på desse paragrafane, som har stått støtt sidan NU vart stifta.
– Er det noko ved nynorskkravet som kan vere problematisk for organisasjonen, slik du ser det?
– Nei. No er vi eit lokallag som brukar nynorsk sjølve, men eg kan ikkje sjå at det skal vere ei utfordring at sentralleddet skal skrive på nynorsk, seier lokallagsleiaren.
Kvamen har sett på NU som ein av få plassar der ho kan få informasjon på nynorsk, og der målforma er i aktiv bruk.
– No forsvinn den tryggleiken også.


Landsmøte i april

Landsmøtet til Noregs Ungdomslag går av stabelen 22.-24. april 2022.
Lauen er glad for reaksjonane som er komne inn så langt, og både han og Kvamen ser fram til diskusjonen på landsmøtet.
– Om det viser seg at der er sterke motførestillingar for å endre lova, er det flott. Då får vi ein
tydeleg beskjed om at vi må jobbe vidare med det, seier Lauen.


Noregs Ungdomslag

• Skipa i 1896
• Er ein kulturorganisasjon med omlag 14 000 medlemmar og 380 lag i heile Noreg.
• NUs visjon er «levande lokalkultur».
• Sju av lokallaga i Noregs Mållag er òg lokallag i NU.